Tidleg om morgonen den 4. februar kom det inn eit varsel til prosjektdirektør Sven Wertebach i Statsbygg. Meldinga gjekk ut på at det hadde vore uklarleikar under bruk av tårnkranar og arbeid på tak på Livsvitskapsbygget. Der blei det sagt at dei som skulle gjera jobben, ikkje blei høyrde og fekk for lita tid til å kunna gjera jobben på ein trygg måte.
To timar etter varselet, hadde prosjektdirektøren samla alle HMS-leiarane frå alle kontraktspartnarane som jobbar på prosjektet, på eit felles møte. Der kom det fram at entreprenørane opplevde at dei ikkje blei høyrde, og at dei meinte framdrifta var så rask at arbeida ikkje kunne gjerast på ein sikker måte.
Kunne fått strafferettslege konsekvensar
I fylgje referatet hans frå møtet, som Uniforum har fått lesa, gav han då klar beskjed om at Statsbygg såg svært alvorleg på denne tilbakemeldinga fordi ei ulykke etter eit slikt varsel ville kunna fått strafferettslege konsekvensar for Statsbygg og alle dei respektive bedriftene i prosjektet.
Livsvitskapsbygget
Det planlagte bygget for kjemi, farmasi, livsvitskap og laboratoriemedisin skal stå ferdig ved utgangen av 2026. Med sine 97 450 m² blir det Noregs største universitets- og sjukehusbygg. Byggherre er Statsbygg, og Livsvitskapsbygningen har eit budsjett på ca. 13,1 milliardar kroner.
Rundt 1000 tilsette og 1500 studentar ved UiO vil få sitt daglege verke her, i tillegg til rundt 620 tilsette ved Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus (OUS).
I mai 2023 inngjekk Statstbygg ein kontrakt på 5 milliardar kroner om innreiinga av Livsvitskapsbygget.
Dette er bedriftene som blei tildelt arbeidet med innreiinga :
- Bygginnreiiing (HENT): 2 070 millionar kroner
- Røyrarbeid (AF): 850 millionar kroner
- Ventilasjon (GK): 670 millionar kroner
- Elektro (OneCo): 1 500 millionar kroner
- Automasjon (Schneider): 130 millionar kroner
(Kjelder: Uniforum og Statsbygg)
– Eg tok det så alvorleg at eg var innstilt på å stoppa alt arbeid på taket, om det skulle visa seg at det var hald i det.
Då fakta kom på bordet, viste det seg at det likevel ikkje var behov for å stoppa arbeidet på taket. Det var behov for å gjera nokre tiltak, men det var trygt å jobba der, fortel Wertebach til Uniforum.
To dagar etterpå var Statsbygg på inspeksjon på byggjeplassen.
– Der var alt i den skjønnaste orden. Det var sperrar slik det skulle, det var signalgjevarar slik det skulle, fortel han.
Han hugsar at mange fekk ros fordi dei hadde klart å løfta seg, det vil seia at dei hadde tatt informasjonen til seg.
– Så alvorleg var det ikkje den gongen, men det er sett i verk tiltak for å gjera arbeidsforholda endå sikrare og tryggare, opplyser Sven Wertebach til Uniforum.
Grunnen til at han kalla inn til dette hastemøtet var nettopp for å få finna ut kva som eigentleg var fakta.
– Då viste det seg at det ikkje var nokon akutt fare under arbeidet med taket. Det enda likevel med ei oppfordring om å koordinera mobilkranar på byggjeplassen, fortel han.
Der var det rom for betring, ifylgje Wertebach.
– Det har me stramma opp i
Sven Wertebach trekkjer også fram at Statsbygg stiller strenge krav til entreprenørane når dei opererer dei to tårnkranane og mobilkranane på anleggsområdet. Det gjeld både kranstandard, signalgjevarar og utføring av jobbanalysar.
– Det har me stramma opp i, seier han.
Og det har vore eit ekstra arbeid for Statsbygg å kunna koordinera opptil sju tårnkranar samtidig.
– Koordineringa av desse tårnkranane har me hatt ein ganske god rutine på, fortel han.
Ha vedgår at det ikkje var heilt slik då prosjektet starta opp.
– Me løfta oss opp bokstavleg talt, og så blei det veldig bra, synest han.
Mobilkranar overtar
No er tårnkranane i ferd med å bli tatt ned. Av dei til saman sju tårnkranane er det no berre to igjen.
– Mobilkranane er på veg inn. Og dermed må me løfta standarden for bruk av mobilkranar, og bli betre på det for å unngå farlege situasjonar, poengterer han.
– Så no er alt i orden igjen?
– No er alt i orden og vel så det.
Framdrift etter planen
– Og arbeidet med Livsvitskapsbygget går heilt etter planen?
– Det er ikkje blitt noko forseinkingar på grunn av taket. Me rapporterer om framdrift etter planen på alle område, stadfestar han.
Wertebach fortel at på framdriftsmøta koordinerer entreprenørane seg, og der skal sikkerheita vera eit tema, også for at det skal vera trygt å jobba på taket.
– I tillegg har me vernerundar kvar veke, legg han til.
Prosjektdirektøren viser til at kvar entreprenør og bedrift også har sine eigne møte for fagfolka. For Statsbygg er det ein ting som er viktigare enn alt anna.
– Sikkerheita kjem alltid først. Framdrift kjem i andre rekkje, slår han fast.
For Sven Wertebach er det viktig å vera open om alt som skjer på arbeidsplassen.
– Me prøver å jobba fram ein openheitskultur. Entreprenørane vågar å fortelja kva som er utfordringa, slik at me får tak i problemet fort. Dårlege nyhende går like raskt som gode, og me får straks tatt tak i ting, seier han.
"Bekymring om fremtidige utfordringer"
Uniforum har også vore i kontakt med prosjektleiar Eivind Venås Årbu i entreprenørselskapet HENT som er det største selskapet som jobbar med Livsvitskapsbygget. Han var også til stades på hastemøtet som blei kalla inn av prosjektdirektør Sven Wertebach i Statsbygg. Han stadfestar opplysningane Sven Wertebach har gitt til Uniforum om hastemøtet.
– Grunnen til hastemøtet var at det i eit møteforum blei sagt at entreprenørane ikkje blei høyrde, og at framdrifta på taket er så «tight» at HMS ikkje blir ivaretatt på ein god måte, fortel Venås Årbu i ein epost til Uniforum.
Heller ikkje han kan visa til ei bestemt hending som førte til dette møtet.
«Det var, meg bekjent, ingen spesiell episode på taket som ledet til dette møtet. Det var heller en bekymring om fremtidige utfordringer, dette kom ikke godt nok frem i møtereferatet», skriv han til Uniforum. Også han understrekar at dei tar sikkerheita alvorleg.
«Vi har hatt en sikker drift på taket, og ved usikkerheter ifm HMS blir arbeid stanset», garanterer han i eposten.
"Har tatt en ekstra intern runde med signalgivere og kranførere"
Eivind Venås Årbu synest tiltaka som blei sette i verk etterpå, var gode, og han peikar spesielt på arbeidsgruppa han leier K201, hos HENT.
For denne arbeidsgruppa var tiltaka i hovedsak enda meir fokus på løft, og ein meir føreseieleg framdriftsplan. Prosjektleiaren understrekar at det ikkje skal vera kranløft over tekniske rom.
«K201 har tatt en ekstra intern runde med signalgivere og kranførere ifm løftesoner og løftetrasser på tak (ingen løft over tekniske rom)», skriv Eivind Venås Årbu til Uniforum.
• Les meir om Livsvitskapsbygget:
Viserektor Per Morten Sandset: Måtte kjempa for kontorplassar i Livsvitskapsbygget
UiO ber om 724 millionar kroner meir i husleigekompensasjon for Livsvitskapsbygget
Livsvitenskapsbygningen tar form: UiOs lokaler begynner å ta form
Dei la ned grunnsteinen for Livsvitskapsbygget
Livsvitenskapssenteret vokser fram: Det er en enorm produksjon, og det går ekstremt fort
Statsbygg vurderte å stanse arbeidet med Livsvitenskapsbygget
Livsvitenskapsbygget vokser fram: – Dette er en enorm produksjon, og det går ekstremt fort
Livsvitenskapsbygget: Statsbygg snur i toalettsak
Milliardsprekk for Livsvitenskapsbygget - trolig ikke ferdig før 2027
Helse Sør-Øst gir grønt lys: Oslo universitetssykehus får lokaler i Livsvitenskapsbygget
Regjeringa vil at UiO og Oslo universitetssjukehus skal dela Livsvitskapsbygget
Livsvitenskapsbygget: Universitetsstyret vurderer partnerskap med OUS som beste løsning
OUS kan overta 20 prosent av Livsvitenskapsbygget
"Usannsynlig" med ekstra milliard til Livsvitenskapsbygget
Livsvitskapsbygget: Statsbyggs kuttforslag er uaksepable for UiO
Partnarskap med Oslo universitetssykehus kan bli løysinga for Livsvitskapsbygget
UiO vil be regjeringa om 1 milliard ekstra til Livsvitskapsbygget
Livsvitenskapsbygget: – Mer kvikkleire enn undersøkelsene viste
Logg inn for å kommentere