Viserektor ved Lviv University: – Kvar dag høyrer me flyalarmen

– Me vil diskutera korleis me kan bruka Nansen-programmet til utdanning og forsking. Det vil vera svært viktig i gjenoppbygginga av Ukraina. Det seier viserektor Vitaliy Kukharskyy og visejussdekan Marta Mochulka ved Lviv University.

DRIV EIT UNIVERSITET UNDER EIN KRIG: – Mentalt lir me alle fordi me bur i eit land i krig. Det fortel visejussdekan Marta Mochulka og viserektor Vitaliy Kukharskyy ved Lviv University i Ukraina. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne veka har viserektor Vitaly Kukharskyy frå Lviv University saman med visedekan Marta Mochulka frå Det juridiske fakultetet vore på besøk på Universitetet i Oslo. Dei er her både på gjenvisitt etter at UiO-rektor Svein Stølen var på besøk der i sommar, og fordi dei håpar å inngå samarbeid om studentutveksling og forsking.

 – Me vurderer to Erasmus-prosjekt der me samarbeider med andre universitet i EU-land og med det europeiske romforskingsprogrammet (ESA), der Noreg også er involvert, seier Vitaliy Kukharskyy, viserektor for digitalisering ved Lviv University.

Krigen i Ukraina:

2014: Russland annekterte Krim-halvøya og separatistar tok kontroll i delar av dei ukrainske fylka Donetsk og Luhansk.

24. februar 2022 invaderte Russland Ukraina

• vårparten 2023 rekna UNHCR med at det var åtte millionar ukrainske flyktningar og seks millionar internt fordrevne i Ukraina. 

-Verken Ukraina eller Russland oppgir tal over døde. 

Ukrainas president: Volodymyr Zelenskyj

Innbyggjarar: 41,2 millionar (2022) 

UiO og Lviv University: 

Rektor Svein Stølen besøkte Lviv University i juni. Denne veka er ein delegasjon frå Lviv på gjenvisitt på UiO. 

(Kjelder: Wikipedia/Store Norske/FN-sambandet/UiO) 

– Innfører juridiske reformer under ein krig

 Dei har også vore i møte med jussdekan Ragnhild Hennum.

– Me fann nokre tema som kan vera grunnlag for framtidig samarbeid, fortel Marta Mochulka som er visedekan for utdanningsprosessar og internasjonale relasjonar på Det juridiske fakultetet.

– Juristar og advokatar blir svært viktige for Ukrainia når landet skal byggjast opp igjen etter krigen. Akkurat no under ein krig er me også opptatt av fleire juridiske problem, peikar ho på.

For det som skjer i Ukraina trur ho også vil vekkja interesse blant norske juristar.

– Me innfører viktige juridiske reformer og europeiske verdiar midt i ein krig. Derfor er det viktig og nyttig for oss å koma til Noreg, til eit land med lange demokratiske tradisjonar. Det er grunnen til at me ser fram til eit framtidig samarbeid, trekkjer ho fram.

Så langt har dei ikkje underskrive nokre formelle samarbeidsavtalar med norske universitetet og institusjonar.

– Akkurat no er me på forhandlingsstadiet. Men me har idear, understrekar Mochulka.

På andre fagområde er samarbeidet allereie i gang.

– Ja, me har starta eit felles prosjekt med Kjemisk institutt på UiO. Men eg håpar me kan setja i gang samarbeid med fleire fag. Og etter at krigen er slutt vil dei høgare utdanningsinstitusjonane spela ei viktig rolle i gjenoppbygginga av Ukraina, poengterer Kucharskyy. 

– Me må tenkja på tryggleiken til studentane våre

– Korleis er situasjonen for dykk på Lviv University akkurat no?

– Om du samanliknar situasjonen vår med situasjonen i Aust-Ukraina, så er det ganske trygt hos oss. Kvar veke og kvar dag høyrer me flyalarmen, slik at me må tenkja på tryggleiken til studentane våre og ha klar stader der dei kan finna ly. Mange av studentane er framleis berre knytte til oss digitalt, noko me forstår godt kvifor dei er. Men me prøver å byggja opp fleire og fleire tradisjonelle studium utanfor nettet, seier han til Uniforum.  

– Me har det behageleg samanlikna med dei i Aust-Ukraina. Samtidig må me byggja opp studia våre på ein ordentleg måte, konstaterer han.

– Vil ikkje vera nok tilfluktsrom for alle

Også under pandemien var mange av studentane knytte til universitetet berre via nettet.

– Me hadde derfor ganske god kunnskap om dette då krigen starta i februar 2022. Mesterparten av tilboda våre på lågare grad er berre tilgjengelege på universitetet, medan tilboda på masterprogramma og på ph-d.studia i hovudsak er nettbaserte. Til saman er det 25 000 studentar, og det vil ikkje vera nok tilfluktsrom til alle om flyalarmen skulle gå, forklarar han.

Viserektoren trur det kan bli mogleg for norske studentar å ta eit studieopphald ved Lviv University.

– Det er me opne for. Me ynskjer både studentar og tilsette ved Universitetet i Oslo velkomne til oss, men me forstår at me akkurat no ikkje kan tilby den tryggleiken som dei har behov for, svarar han.  

Vitaliy Kukharskyy er derfor imponert over at UiO-rektor Svein Stølen tok seg ein tur tl universitetet hans sist sommar.

– Han er ein modig person som kom til oss midt i ein krig. Me reknar det besøket som ei støtte til oss mot Russlands aggresjon, fortel han.

• Les også i Universitetsavisa: UiO-rektoren dro til Ukraina for å se hva som skjer med egne øyne

– Dette er berre det første steget

Visedekan Marta Mochulka framhevar at sjølv om det er ganske trygt både å vera tilsett og student på Lviv University, så opplever dei andre problem. 

VIKTIG: – Me er eit land som innfører viktige juridiske reformer og europeiske verdiar midt i ein krig. Derfor er det viktig og nyttig for oss å koma til Noreg, til eit land med lange demokratiske tradisjonar, seier visejussdekan Marta Mochulka ved Lviv University. Viserektor Vitaliy Kukharskyy ser fram til eit samarbeid med Universitetet i Oslo. (Foto: Ola Gamst Sæther)  

– Mentalt lir me alle fordi me bur i eit land i krig. Vennene våre og slektningane våre forsvarar oss, og me er urolege for dei.

På den andre sida er Ukrainas suksess ikkje berre ein militær suksess, men også ein suksess for utdanning, økonomi og for andre institusjonar. Derfor er det viktig for oss å få støtte frå Noreg. Det er grunnen til at me er på Universitetet i Oslo for å prøva å få til vidare støtte. Dette er berre det første steget mot å kunna ha eit stabilt og fruktbart forhold i tida framover.

– Me kan bruka Nansen-programmet

Vitaliy Kukharskyy har også ein idé om korleis økonomiske bidrag frå Noreg kan vera med på å sparka i gang eit nærare samarbeid mellom Lviv University og Universitetet i Oslo.

– Me vil diskutera korleis me kan bruka Nansen-programmet til å etablera nokre tilleggsprogram for utdanning og forsking. Det vil vera svært viktig i gjenoppbygginga av Ukraina etter at krigen er over, seier Kukharskyy.

– I dag under krigen har me ein del felles militære forskingsprosjekt mellom anna om utvikling av dronar, legg han til.

Viserektor Vitaliy Kukharsky og visejussdekan Marta Mochulka og dei tre andre i delegasjonen skal i dag besøkja NORAD og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

• Les meir om UiO og Ukraina: 

UiO-rektoren dro til Ukraina for å se hva som skjer med egne øyne

Statsminister Jonas Gahr Støre støttar tanken om å etablera eit russisk eksiluniversitet

Ukrainske, kviterussiske og russiske studentar i Noreg får økonomisk støtte

Stølen sendte brev til Russland: – Tydelig i vår fordømmelse

UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina

Rektor om Ukraina: – Nå må vi legge et løp som gjør at vi kan bidra i relativt stort omfang

Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland

– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim

UiO set av 10 millionar kroner til Ukraina-beredskap

 

 

 

Emneord: Ukraina, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2024 10:46 - Sist endra 25. okt. 2024 10:50

Logg inn for å kommentere