Kronprinsesse Mette-Marit la i formiddag ned grunnsteinen for Vikingtidsmuseet

– Dette er ein milepæl. Og så ser me at museet tar form og reiser seg dag for dag og veke for veke. Det seier direktør for Kulturhistorisk museum Aud Tønnessen rett etter at kronprinsesse Mette-Marit har lagt ned grunnsteinen for Vikingtidsmuseet. 

GRUNNSTEIN: Kronprinsesse Mette-Marit fekk assistanse frå Statsbygg-direktør Harald V. Nikolaisen då ho i forrmiddag la ned grunnsteinen for det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy, 

Foto: Ola Gamst Sæther

Jentekoret Stella Vitae frå Bygdøy skole, musikaren Jørn Simenstad, mange tilsette frå Kulturhistorisk museum, UiO og Statsbygg og eit stor presseoppbud var på plass då kronprinsesse Mette-Marit i dag kunne leggja ned grunnsteinen for det nye vikingtidsmuseet på Bygdøy.

Eit skrin med minnepinne med dokument om dagens samtid, og gravskeier arkeologane har brukt for å grava ut det aller siste vikingskipet, Gjellestadskipet, er mellom tinga som ligg i skrinet som blei gravd ned i grunnen utanfor den gamle museumsbygningen, som blei teikna av arkitekten Arnstein Arneberg. Mellom talane sang Stella Vitae.  

Klart for innflytting sommaren 2027

Etter planen skal nytt vikingtidsmuseum vera klart for innflytting sommaren 2027, i fylgje Kulturhistorisk museum. Det er Statsbygg  som har oppdraget med å få bygd nytt vikingtidsmuseum. Og det var Statsbygg-direktør Harald Nicolaisen som leia seremonien som blei avslutta med at kronprinsesse Mette-Marit la ned grunnsteinen for det nye museet.  

Etter nedlegginga av grunnsteinen, møtte Uniforum ein glad direktør for Kulturhistorisk museum, Aud Tønnessen.  

UTFORDRINGA SOM GJENSTÅR: –  Den største utfordringa blir å få finansiert publikumsareala som blei kutta i samband med dei kutta me fekk,og som var planlagt inn i eksisterande bygg, seier direktør Aud Tønnessen ved Kulturhistorisk museum. 

– Det er ein milepæl og svært hyggeleg at me har  kome hit. No kan me sjå korleis museet tar form, og det er sånn at det reiser seg dag for dag, og veke for veke i alle fall, seier ho svært nøgd.   

– Eit privilegium

– Så du blei direktør for Kulturhistorisk museum i tide til dette? 

– Det er jo eit privilegium å få lov å vera direktør for Kulturhistorisk museum, og på sånne dagar som dette er det  utruleg stas, og samtidig kjenner eg på eit stort ansvar. Det er fleire år før det står ferdig, og det er mange ting som må på plass før den tid, slår ho fast. 

Aud Tønnessen legg ikkje skjul på at det også er nokre skjær i sjøen for den vidare utbygginga av Vikingtidsmuseet. 

– Har ikkje gitt opp å få meir pengar frå staten

– Den største utfordringa blir å få finansiert publikumsareal som blei kutta, og som var planlagt inn i Det gamle vikingeskipshuset. Der er eg heilt einig med riksantikvaren om at den beste måten å ta vare på gamle bygg på, er å bruka dei, seier ho. Ho meiner at dette er det svakaste punktet.

– Der er det ein sårbarheit no, peikar ho på. Ho håpar no på private gjevarar, 

– Me har ikkje heilt gitt opp å få meir pengar frå staten med ein litt endra politikk og ved å sjå på dette på nytt. Me skal jobba på, lovar ho. 

– Spektakulært flott

Prorektor Åse Gornitzka representerte Universitetet i Oslo under grunnsteinsnedlegginga. Og ho er svært nøgd med seremonien. 

– Den var spektakulært flott og like sober og vakker som bygget kjem til å bli, synest Åse Gornitzka.

Også Oslo-ordførar Anne Lindboe var full av lovord både om nedlegginga av grunnsteinen og om det framtidige Vikingtidsmuseet. 

– Eg synest dette var ein fantastisk ting å få lov til vera med på og ein stor dag for Oslo som har alle desse vikingskattane her, men også for heile Noreg og heile verda som får eit internasjonalt museum av stor betydning, slik at alle kan få dela den fantastiske kulturskatten me har med vikinghistoria vår, synest ho. 

– No manglar det framleis pengar for å få Vikingtidsmuseet slik UiO og Kulturhistorisk museum eigentleg vil ha det. Kva gjer de med det? 

– Me må jobba vidare med finansieringa. Det er heilt klart.  Det blei veldig tydeleg i dag at det er eit kollektivt ansvar. Så pengane må på plass for å få dette i hamn, konstaterer Åse Gornitzka. 

Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy:

Det nye anlegget blir verdas største og mest innhaldsrike museum om vikingtida. Her vil vikingskipa og resten av samlingane frå vikingtida kunna presenterast på ein sikrare og meir publikumsvennleg måte enn til no. 

Vikingtidsmuseet vil bestå av to delar der eit stort nybygg vert kopla på dagens vikingskipshus. Arbeida med råbygget til den nye delen er godt i gang, og for tida vert det jobba med utstillingsetasjane. 

Samla prislapp: Rundt 4 milliardar kroner

(Kjelder: Statsbygg og Kunnskapsdepartementet og Kulturhistorisk museum)

Håpar folk kan koma seg til museet med båt

Anne Lindboe kan ikkje forskuttera at Oslo kommune kan hjelpa til med det. Men det er ein annan ting ho har lyst til å trekkja fram.

– Det handlar om korleis museet skal vera tilgjengeleg og korleis det skal bli lettare å koma seg frå bykjerna og hit. Det hadde vore kult om det kunne skjedd, ikkje med vikingskip, men med båt, føreslår ho. 

– Dette er læring

Prorektor Åse Gornitzka synest at det nye vikingtidsmuseet også kan vera eit døme på andre måtar. 

– Dette er ein måte å visa fram betydninga av utdanning, forsking og formidling. Dette er læring. Når foreldre tar med seg barna ut hit, så er det masse læring og ein introduksjon til vitskap som vil vera heilt unik, er ho overtydd om. 

– Verdas viktigaste formidlar av vikingtida

I ein lett bris på Bygdøy var også forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel på plass for å få med seg grunnsteinsnedlegginga for vikingtidsmuseet på Bygdøy. Også for han og regjeringa  var dette ei stor hending.  

MOTTAKING: Kronprinsesse Mette-Marit blei tatt imot av forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel og direktør Aud Tønnessen ved Kulturhistorisk museum då ho i formiddag kom for å leggja ned grunnsteinen for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. (Foto: Ola Gamst Sæther) .

– Dette har ein enorm betydning. Og dette var jo ein fest fordi dette blir eit heilt fantastisk museum og verdas viktigaste formidlar av vikingtida. Det blir spektakulært på alle vis, både på måten skipa blir stilte ut på og alle dei tusen gjenstandane som høyrer til her. På den måten får me heilt ny og unik tilgang til utstillingane og til historia rundt skipa og gjenstandane.  Det er å drøyma seg fram til den dagen det står ferdig, seier han til Uniforum. 

Han trur ikkje det blir fleire forseinkingar av bygginga av Vikingtdsmuseet no. 

– Alle rapportar som me har fått, går ut på at prosjektet er i rute ut ifrå planen som ligg der no. Så det lovar jo veldig godt.  Alle detaljane er det Statsbygg som i første omgang må svara på, poengterer han. 

– Moro å fylgja med på

Oppsummeringa hans er kort og godt slik: – Dette blir eit spektakulært bygg og flyttinga av vikingskipa er også eit spektakultært føretak i seg sjølv. Skjøre vikingskip som skal flyttast nokre få meter, men det er ein veldig avansert operasjon som krev svært mykje. Det er det moro å fylgja med på, seier Oddmund Hoel til Uniforum.

TALE FØR GRUNNSTEINNEDLEGGING: Museumsdirektør Aud Tønnessen var mellom dei som heldt tale før kronprinsesse Mette-Marit kunne leggja ned grunnsteinen for nytt vikingtidsmuseum. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 

 

• Les meir om Vikingtidsmuseet:

Vikingtidsmuseet på Bygdøy: Naturvernforbundet er bekymret

Byggestart for Vikingtidsmuseet etter flere utsettelser

– Vi må sikre at vikingskipene og vikingsledene ikke blir skadet i byggeperioden

Signerte byggjekontrakt framfor  Osebergskipet

Starter bygging av nytt Vikingtidsmuseum i januar 2023

Håkon Glørstad: – Glad for 700 millionar ekstra til vikingtidsmuseum, men trur det kan kosta dyrt ikkje å gi ein milliard

Byggingen av et nytt Vikingstidsmuseum starter i august, men publikumsopplevelsen kan bli betydelig svekket

UiO ber regjeringa straks å setja i  gang bygginga av nytt Vikingtidsmuseum

LEIAR: Bla opp 1 milliard ekstra til nytt VIkingtidsmuseum, Jonas Gahr Støre! 

Emneord: Vikingtidsmuseet, Vikingskipene, Vikingskipshuset Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2024 15:58 - Sist endra 4. juni 2024 17:02

Logg inn for å kommentere