Storm om flyttevarsel: – Ein fundamental svikt i viljen til kommunikasjon

– Eg har fleire gonger bede leiinga om å få ein normal samtale om gjennomføringa av utflyttinga frå kontoret mitt.  Det seier Johan F. Storm som har fått plass på eit professor emeritus-kontor.

Johan F. Storm inne på kontoret han må flytta ut av

FOR STRENGT: Det er for strenge reglar for pensjonerte professorar som ynskjer å halda fram med å forska, meiner professor emeritius Johan F. Storm. Då Uniforum besøkte han for tre veker sidan, var det enno ein god del ting å pakka ned på kontoret hans i Domus Medica.  

Foto: Ola Gamst Sæther

I november 2021 kritiserte medisinprofessor Johan F. Storm leiinga på Institutt for medisinske basalfag etter at dei hadde pålagt han om å flytta ut av kontoret sitt fordi han hadde nådd aldersgrensa på 70 år. Han peika den gongen på at han hadde masse prosjekt som ikkje var fulførte og også hadde ansvaret for fleire Ph.D.-kandidatar. 

No er det gått to og eit halvt år over tida, men denne månaden flyttar 73 år gamle Johan F. Storm ut av kontoret sitt i Domus Medica og inn på eit kontor i underetasjen som han deler med andre pensjonerte medisinprofessorarar.

I dag kom flyttefolka for å ta med alt  Storm hadde pakka ned frå kontoret sitt. 

Dermed kan IT-avdelinga ved Institutt for medisinske basalfag (IMB) overta både kontoret hans og dei andre romma i fløya i Domus Medica på Gaustad kor han har halde til . Stipendiatar og andre forskarar som tilhøyrer forskargruppa hans, har fått flytta inn på nye kontor i ein annan etasje. 

Publiserar fleire artiklar enn nokon gong før

Sjølv om Storm no har gått med på å flytta ut av kontoret, meiner han at det er for strenge og lite fleksible reglar på UiO for pensjonerte professorar som ynskjer å halda fram med forskargjerninga si.

Storm peikar på at han no jobbar heilt gratis, men at han i 2024 likevel vil publisera fleire forskingsartiklar enn nokon gong før, mellom anna ein stor studie om teoriar for bevisstheit som kom ut den 15. mai i år.   

– Det tar svært mange år å trena opp nokon til å bli ein erfaren forskar i faget vårt, særleg om ein jobbar tverrfagleg. Difor er det viktig for samfunnet og universitetet at slike erfarne forskararar får halda fram med å rettleia og produsera vitskap, så lenge dei er aktive, understrekar han, før han legg til: 

– Og me bør helst få arbeida på kontora våre, som er mest effektivt, så lenge det er praktisk mogleg og ikkje hindrar yngre forskarar. 

Så tenkjer Storm tilbake på det som skjedde i 2021.

Ei tid før han nådde aldersgrensa på 70 år, fekk han beskjed om at han måtte rydda det meste ut av kontoret og ta med seg både permar, bøker og arkiv innan eit par månader slik at andre kunne overta kontoret på kort varsel om det skulle bli naudsynt. Storm spurte ofte leiarane om når andre ville trengja kontoret og kven som skulle ha det, men fekk ulike svar.

• Les også i Uniforum: Johan Storm må ut av kontoret: – Eg vil fullføra prosjekta mine først

Den gongen syntest Johan Storm at leiinga på instituttet burde ha vore litt meir fleksible og velvillige med ein gamal travar som jobba hardt med å fullføra fleire store prosjekt, og hadde ansvaret for fleire PhD-studentar. 

– Eg synest sjølvsagt at det er heilt naturleg at eldre forskarar som har trappa ned arbeidet, gir plass til yngre når det er reelt behov for det, sa han til Uniforum den gongen

Ikkje lenger noka bøn

To og eit halvt år etter det første flyttevarselet er det ikkje lenger noka bøn for Johan F. Storm. Kontoret måtte vera rydda innan 13. mai, var det første varselet som kom. Seinare blei fristen utsett til 23. mai.. Den 22. mai kom flyttemannskapet for å flytta ut tinga hans. Storm har brukt både Kr. Himmelfartsdag og ein stor del av pinsehelga til å pakka ned  dei siste tinga frå kontoret.

Først og fremst er han no opptatt av at det må vera mogeleg å ha ein normal kommunikasjon mellom leiarane og andre på instituttet, fortel han.

Storm vil at leiarane skal vera genuint interesserte i og setja pris på det forskarane får til, og han vil at dei skal lytta til dei som kjenner best til arbeidet. Storm ynskjer også at  pensjonerte medisinprofessorar som vil halda fram med forskinga si, får det ynsket oppfylt. Og han meiner det er god plass til dei.

ETTERLYSTE FLYTTEHJELP: Professor emeritus Johan F. Storm etterlyste også flyttehjelp før han måtte ut av kontoret sitt. (Foto: Ola Gamst Sæther)

 – Her i Domus Medica er det rom som står tomme. Og kva skjer med romma i denne bygningen når nokre forskargrupper må flytta eksperimenta sine ned i dyrestallen på grunn av nye reglar? spør han.

Men Storm kritiserer sterkt institutt- og avdelingsleiinga for mangelen på kommunikasjon med han om den praktiske gjennomføringa av utflyttinga.  

– Eg har fleire gonger bede  institutt- og avdelingsleiinga om ganske enkelt å få ein normal samtale om gjennomføringa av utflyttinga frå kontoret mitt, for å syta for at denne svært vanskelege og forstyrrande prosessen skader prosjekta og stipendiatane våre minst mogleg, fortel han og skuldar på leiinga. 

– Leiarane Philippe Collas og Lene Frost Andersen vil merkeleg nok ikkje gå med på å snakka om dette som burde vera heilt sjølvsagt, men vil visst heller diktera alt ovanfrå. Det synest å vere ein fundamental svikt i viljen til vanlig kommunikasjon, seier professor emeritus Johan F. Storm. 

 

Dette er reglane for professor emeriti ved UiO: 

På Universitetet i Oslo har alle professorar som søkjer om og får status som professor emeritus etter at dei har gått av for aldersgrensa, rett til å bruka heile infrastrukturen til UiO, så sant dei tilhøyrer ei forskargruppe. Søknader skal sendast til leiaren for eininga, og dei kan gi vidare tilknyting for eitt år om gongen, heiter det i dei generelle retningslinjene for UiO. 

Når det gjeld retningslinjene for Institutt for medisinske basalfag, gjeld dei same reglane. Samtidig blir det understreka at når ein professor går av med pensjon, må vedkommande flytta ut av kontoret sitt og flytta inn på eit emeritus-kontor. Der gjeld regelen om «clear desk».  Om vedkommande ikkje flyttar ut av kontoret sitt innanfor fristen, som er 1 månad etter at han eller ho har nådd aldersgrensa, reserverer instituttet på retten til sjølv å fjerna eigendelar, prøvar og forskingsmateriale utan varsel, går det fram av retningslinjene til instituttet.

– UiO har eit godt og etablert tilbod 

Uniforum har tatt kontakt med Lene Frost Andersen som er leiar for Institutt for medisinske basalfag, og med avdelingsleiar Phiilppe Collas. Frost Andersen svarar for begge. 

– IT-avdelinga skal flytta inn i dette området i bygget, fortel ho i en mail til Uniforum

– No vil altså Johan F. Storm flytta ut av dagens kontor og inn på eit emeritus-kontor. Sjølv meiner han at det bør vera meir fleksible ordningar for professor emeriti som ynskjer å halda fram med forsking også etter at dei er fylt 70 år. Kva synest du om det som instituttleiar ved Institutt for medisinske basalfag? 

– UiO har allereie eit godt og etablert tilbod for pensjonistar og emeriti. Pensjonistar som ynskjer å bidra med ein ulønna innsats med relevans for UiOs verksemd, først og fremst knytt til forskingsaktivitet, kan søkja om forlengja universitetstilknyting. UiO og IMB har utfyllande retningslinjer for dette, understrekar instituttleiar Lene Frost Andersen overfor Uniforum.Når det gjeld påstanden til Johan F. Stotm om at det er kommunikasjonssvikt hos insttutt- og avdelingsleiinga svarar ho fylgjande i ein epost til Uniforum.

"Vi har siden høsten 2020 hatt kommunikasjon med Storm rundt utflytting av sine kontorarealer"

(Oppdatert kl 23.31 med ein siste kommentar frå Lene Frost Andersen)

 

• Les meir om professor emeriti i Uniforum: 

Johan Storm må ut av kontoret: – Eg vil fullføra prosjekta mine først

Robert Marc Friedman: – Det var som om jeg ikke eksisterte

Ord og handling harmonerer dårlig ved UiO

Ikke mulig å motta full lønn ved siden av pensjonen

Snart 70 - nektar å pensjonera seg

De usynlige

Hvorfor verdsettes ikke kunnskap ved Universitetet i Oslo?

 

Emneord: Medisin, Arbeidsforhold Av : Martin Toft
Publisert 22. mai 2024 17:58 - Sist endra 22. mai 2024 22:33

Denne saken illusterer et stekt økende problem ved universitetene: Forfall av åpen og ærlig kommunikasjon. Økende ytringsfrykt er en viktig del av dette selvforsterkende problemkomplekset.

(Se: "Skjult forfall i akademia" https://www.khrono.no/skjult-forfall-i-akademia/864448; og

"Ytringsfrykt og -engstelse i akademia er et undervurdert og forsømt problem" her:

https://www.uniforum.uio.no/leserbrev/2024/debatt-om-ytringsfrihet-og--engstelse-i-akademia.html)

AKTUELT NÅ:  Akademisk forum inviterer igjen til et åpent debattmøte: "AKADEMISK YTRINGSFRIHET: HVA MENER REKTORENE" mandag 27. mai, kl. 14.00-16.00,  i Domus Bibliotheca, UiO, Karl Johans gt.47 (se https://www.forskerforbundet.no/foreninger/akademisk-forum-ved-uio/arrangementer/akademisk-ytringsfrihet-hva-mener-rektorene)

Her følger vi opp spørsmål som ble tatt opp i vårt forrige møte om AKADEMISK YTRINGSFRIHET den 20. februar 2024. (Se videopptak her: https://www.youtube.com/watch?v=-fLg7v8hT4g)

Denne gangen har vi invitert også rektorene Svein Stølen, UiO og Tor Grande, NTNU, for å høre deres meninger, i tillegg til Cecilie Hellestveit, Jonas Nøland og Helge Holden (NTNU), som sist.

Etter korte innledninger, blir det debatt og spørsmål fra salen.

Møtet blir også strømmet; lenke vil bli lagt ut her: ttps://www.forskerforbundet.no/foreninger/akademisk-forum-ved-uio/arrangementer/akademisk-ytringsfrihet-hva-mener-rektorene

-Johan F. Storm, Leder av Akademisk forum /Professorforeningen ved Universitetet i Oslo

Mobiltelefon: 99295763  <j.f.storm@medisin.uio.no>

https://www.med.uio.no/imb/english/people/aca/jstorm/

Johan Frederik Storm - 23. mai 2024 15:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere