UiO fordeler energikostnader på 160 millionar på grunnlag av areal

I 2023 vil UiO få 160 millionar kroner i ekstra energikostnader. Desse utgiftene blir fordelte på einingane på grunnlag av kor stort areal dei disponerer. Det vedtok Universitetsstyret i går.

Fleire personar er samla rundt eit møtebord

ISKALDT: Universitetsstyret tok stilling til fordelinga av dei ekstra energikostnadane i 2023 i eit iskaldt møtelokale i Professorboligen. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I juni vedtok Universitetssstyret eit antatt budsjett for 2023. Då regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett for 2023, blei det klart at det antatte budsjettet var for optimistisk når det galdt kor mykje pengar UiO ville få.  

Derfor bad universitetsdirektør Arne Benjaminsen Universitetssstyret i går om å ta stilling til forslaget om å nedjustera det antatte budsjettet med 86,2 millionar kroner. Kanskje lite samanlikna med ei samla tildeling til UiO på 6,116 milliardar kroner. Dette er likevel pengar som einingane ville ha kunna disponera fritt innanfor budsjettrammene sine. 

Ein realnedgang på 1,9 prosent  i tildelinga for UiO i 2023

Den samla tildelinga til UiO på 6,116 milliardar kroner er ein nominell auke på 66,8 millionar kroner (1,1%) samanlikna med budsjettet for 2022, står det i budsjettforklaringa frå universitetsdirektøren.  I statsbudsjettet er det lagt inn ein lønns- og priskompensasjon på 3%. Dette kompenserer ikkje reell lønns- og prisvekst, og inneber derfor ein realnedgang på 1,9% for UiO i 2023, går det fram av bakgrunnsdokumenta i sakslista til styremøtet.  

Samtidig bad også universitetsdirektør Arne Benjaminsen styret om å støtta forslaget om å  gi rektor Svein Stølen fullmakt til å fordela den utrekna reduksjonen på 12,79 millionar kroner på grunn av innføring av studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits.

Når det gjeld dei auka energiutgiftene på 160 millionar kroner, skal dei fordelast mellom einingane på grunnlag av kor stort areal dei disponerer. I tillegg skal Universitetsstyret ta stilling til den samla justerte rammefordelinga mellom einingane. Universitetsdirektøren ber dessutan styret gi rektor fullmakt til å gjera endringar med grunnlag i tildelingsbrevet Kunnskapsdepartementet sender over til Universitetet i Oslo, og moglege andre mindre justeringar.

Dekanar åtvara mot å endra modell for internhusleige

Før møtet hadde Universitetssstyret fått eit brev frå dekan Ragnhild Hennum og fakultetsdirektør Oddrun Rangsæther på Det juridiske fakultetet og dekan Solveig Kristensen og fakultetsdirektør Jo Døhl frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. I brevet åtvarar dei  Universitetsstyret mot å endra dagens modell for internhusleige.  Då tenkjer dei på forslaget om å fordela dei ekstra energikostnadane på grunnlag av kor stort areal ei eining disponerer. Dei meiner dette forslaget er i strid med dei føresetnadane som blei lagde til grunn då internhusleiga blei innført: 

"Etter vårt syn er de nåværende ekstraordinære energikostnadene ikke å anse som en normal utvikling av arealkostnader, men snarere en ikke påregnet nasjonal hendelse med påfølgende ekstraordinære utgifter. Den valgte modellen for fordeling av neste års forventede energikostnader etter areal vil derfor innebære en betydelig omfordelende effekt i fakultetenes bevilgingsøkonomi. Etter vår mening er dette i strid med de forutsetningene som ble lagt til grunn da internhusleien ble innført", står det i brevet frå dei to dekanane og fakultetsdirektørane deira. 

I Universitetsstyret gjekk universitetsdirektør Arne Benjaminsen i går formiddag gjennom  dei føreslegne kutta på  det antatte UiO-budsjettet for 2023. Samla utgjer dei altså 82,6 millionar kroner som skal bli fordelte på einingane. 

I tabellen som ligg ved saksdokumenta, går det fram at det er det største fakultetet på UiO, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som får redusert det antatte budsjettet mest. I forslaget går det fram at det fakultetet kan få 49 millionar 296 tusen kroner mindre enn det som det låg an til å få med moglege justeringar etter at Universitetsstyret behandla det antatte budsjettet for 2023 i junimøtet. Det vil seia ein reduksjon på 4,1 prosent.

Etter den siste innstillinga vil Det humanistiske fakultetet få ein reduksjon på 18,2 millionar kroner samanlikna med det som det låg an til å få med grunnlag av den antatte tildelinga UiO-leiinga rekna med at universitetet ville få overført til 2023. Det er 2,8 prosent mindre enn det fakultetet fekk varsel om etter styremøtet i juni.

JUSTERT FORDELING: Slik blir justeringa av 2023-budsjettet fordelt på alle einingane på Universitetet i Oslo. (Skjermdump)

Fordelinga av energikostnader skapte diskusjon

Det er likevel dei ekstra energikostnadane på 160 millionar kroner i 2023 som kjem til å svi mest for einingane på Universitetet i Oslo.  Universitetsdirektør Arne Benjaminsen gav seniorrådgjevar Marianne Løken i Seksjon for verksemds- og økonomistyring oppgåva med å forklara korleis UiO-leiinga planla at denne rekninga skulle fordelast på einingane på Universitetet i Oslo. Ho gjekk først gjennom prognosane for energikostnadane i 2023. Så viste ho korleis dei ville fordela rekninga på einingane. 

– Rekningane blir fordelte på grunnlag av arealet eininga disponerer. Unntaka er fellesareal for studentar, til dømes i Universitetsbiblioteket. Rekningane blir fordelte på grunnlag av kvar kvadratmeter uavhengig av tilstanden på bygget, fortalde ho. Marianne Løken peika på at 62 prosent av kostnadane er knytt til ein fjernvarmekontrakt. 

– Avtalen var gunstig då kontrakten blei inngått, men ikkje no lenger, konstaterte ho.

Det var nettopp forslaget om fordeling av dei ekstra energikostnadane som skapte mest debatt under budsjettdiskusjonen i Universitetsstyret.  Ein av dei som uttrykte seg kraftig imot framlegget, var representanten for dei fast vitskaplege tilsette Finn-Eirik Johansen. 

ÅTVARA: Styremedlem Finn-Eirik Johansen åtvara Universitetsstyret mot ein modell der dei ekstra energikostnadane blir fordelte på einingane på grunnlag av arealet dei disponerer. (Arkivfoto: Martin Toft)

– De føler sikkert at eg snakkar for mi sjuke mor, sidan eg kjem frå eit institutt med stort areal.  Når det gjeld energi, er inntrykket mitt at alle samarbeider med Eigedomsavdelinga for å få ned energibruken. Han meinte det ville få store konsekvensar for dei vitskaplege tilsette på Institutt for biovitskap i Kristine Bonnevies hus. 

Representanten for dei teknisk-administrative tilsette Marianne Midthus Østby ville ha klarare svar på kva ein slik betalingsmodell ville innebera. 

– Når det gjeld kutta i statsbudsjettet, må me gjera det me må.  Når det gjeld energikostnader, kva betyr det å bruka denne modellen?  Eg hadde vore meir komfortabel, viss eg visste kva diskusjonen med dekanane handla om, sa ho. 

Studentrepresentant Ada Lassen-Urdahl tykte det var eit vanskeleg val. 

– Dette er eit val mellom pest eller kolera. Eg reknar med at det er eingongskostnader. 

Studentrepresentant Robert Granlund lurte på om temaet for diskusjonen var rett. 

– Er det viktig å ha ein arealdiskusjon i samband med energikostnadene? spurte han.

For ekstern representant Eirik Frantzen var interhusleigemodellen ei viktig sak.  

– Det enklaste er å ta frå dei rike og gi til dei fattige. Om me i 2023 kunne gå gjennom internhusleigemodellen, ville det vera betre, tykte han.  

Ekstrern representant Qaisar Farooq Akram kom med  ein annan idé.

– Å kombinera energiforbruket og areal kunne kanskje vera ei løysing.

Rektor Svein Stølen var godt nøgd med dagens modell for internhusleige.

– Husleigemodellen bestemmer også nivået på vedlikehald. I dag ser det bra ut, syntest han.

Arne Benjaminsen kom med ein appell til Universitetsstyret. 

– Det er viktig at me ikkje endrar interhusleiga akkurat no.  Det er viktig at me ikkje hentar pengane frå kvart fakultet.

Ynskte fordeling etter inntekt

Finn-Eirik Johansen ville likevel gjerne at energikostnadane skulle fordelast etter inntektene til kvar eining og ikkje etter kor stort areal dei disponerte. Men forslaget fekk berre støtte frå han sjølv.  

Den andre representanten for dei faste vitskaplege tilsette Ingrid Lossius Falkum tykte dette var ei vrien oppgåve. 

– Eg skulle gjerne visst meir om kva diskusjonar de har hatt med dekanane i denne saka. Det er vanskeleg å ta ei avgjerd når heile biletet ikkje er klart, syntest ho. 

Derimot var ho klar på kvar pengane til dei ekstra kostnadene ved innføring av studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits bør takast frå. 

– Om me må redusera utgiftene på grunn av innføring av studieavgift, bør det takast som eit rammekutt. 

Univeritetsdirektør Arne Benjaminsen slo fast at UiO også ville ha god likviditet i 2023. Og han forsvarte forslaget om korleis dei ekstra enerigikostnadane skal fordelast. 

– Jusdekanen og MN-dekanen åtvarar mot at me endrar modellen for internhusleiga. Og det gjer me ikkje, understreka han. 

UiO-styret vedtok heile budsjettforslaget

Diskusjonen i styret enda med at forslaga til justering i det antatte budsjettet for 2023 blei vedtekne. Det inneber ein reduksjon på 86,2 millionar kroner i rammebudsjettet, samtidig som dei ekstra energikostadane på 160 millionar kroner skal fordelast på einingane på grunnlag av arealet dei disponerer. 

UiO-rektor Svein Stølen fekk også fullmakt til å finna ut korleis dei ekstra utgiftene på 13 millionar kroner etter innføringa av studieavgifter for studentar utanfor EØS og Sveits blir sett i verk. Det siste punktet i det endelge vedtaket fekk også støtte i Universitetsstyret. Det går ut på at rektor får fullmakt til å føreta endringar som fylgje av KDs tildelingsbrev til UiO for 2023 og eventuelle mindre justeringar i fordelinga. 

Alle tala og tabellane ligg framme i sakslista til tysdagens møte i Universitetsstyret.

 

• Les meir om UiOs budsjett for 2023 i Uniforum:

UiO vil fordela 86,2 millionar kroner i reduksjon på antatt budsjett på alle einingar

Vikingtidsmuseet kan få auka ramma til over 3,7 milliardar kroner

Miljøstraum blir svindyr for UiO

Statsbudsjettet: Byggeprosjekter fortsetter med "uforminsket kraft"

Statsbudsjettet 2023: Finansieringa av Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet held fram etter planen

UiO vedtok antatt budsjett for 2023

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2022 17:38 - Sist endra 8. feb. 2023 21:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere