Dei nødvendige nedjusteringane i det endelege universitetsbudsjettet skal handsamast i møtet i Universitetsstyret tysdag 6. desember. I innstillinga frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen blir styret bede om å vedta eit forslag om fordeling av ein reduksjon på 86.2 millionar kroner i tildelinga til UiO i forslaget til statsbudsjett for 2023 samanlikna med det antatte budsjettet som blei vedtatt i junimøtet.
Universitetsdirektøren ber også styret om å gi rektor fullmakt til å fordela den utrekna reduksjonen på 12,79 millionar kroner på grunn av innføring av studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits.
Når det gjeld dei auka energiutgiftene på 160 millionar kroner, skal dei fordelast mellom einingane på grunnlag av kor stort areal dei disponerer. I tillegg skal Universitetsstyret ta stilling til den samla justerte rammefordelinga mellom einingane. Universitetsdirektøren ber dessutan styret gi rektor fullmakt til å gjera endringar med grunnlag i tildelingsbrevet Kunnskapsdepartementet sender over til Universitetet i Oslo og moglege andre mindre justeringar.
Mat.nat får redusert antatt budsjett med 49,29 millionar
I tabellen som ligg ved saksdokumenta, går det fram at det er det største fakultetet på UiO, Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, som får redusert det antatte budsjettet mest. I forslaget går det fram at det fakultetet kan få 49 millionar 296 tusen kroner mindre enn det som det låg an til å få med moglege justeringar etter at Universitetsstyret behandla det antatte budsjettet for 2023 i junimøtet. Det vil seia ein reduksjon på 4,1 prosent.
Etter den siste innstillinga vil Det humanistiske fakultetet få ein reduksjon på 18,2 millionar kroner samanlikna med det som det låg an til å få med grunnlag av den antatte tildelinga UiO-leiinga rekna med at universitetet ville få overført til 2023. Det er 2,8 prosent mindre enn det fakultetet fekk varsel om etter styremøtet i juni. Alle tala og tabellane ligg framme i sakslista til møtet i Universitetsstyret tysdag 6. desember. Universitetsstyret skal i tillegg ta stilling til forslag til fordeling av studieplassar for 2023.
Tilset direktør for UiO:Livsvitskap
Bak stengde dører skal dei også bestemma kven som får åremålsstillinga som direktør for UiO:Livsvitskap. Frå før har Uniforum meldt at den eine av dei to søkjarane er dagens direktør Carl Henrik Gørbitz (61). Den andre er Aisha Shakhil (32) frå Vestland fylke. Ho jobbar i ReliveNow.
Ber Universitetsstyret gå imot innføring av studieavgift
Også forslaget om innføring av studieavgifter for studentar frå land utanfor EØS og Sveits kjem opp på møtet. Uniforum har allereie meldt at UiO-leiinga har skrive eit utkast til ei høyringsfråsegn der det går sterkt imot ei ordning der dei studentane det gjeld må betala studieavgift, i tillegg til å visa til at dei har sett av 130 000 kroner til livsopphald. Universitetsstyret blir bede om å vedta forslaget om å støtta fråsegna og gi rektor fullmakt til å fullføra teksten på grunnlag av diskusjonar og kommentarar på møtet i Universitetsstyret.
I orienteringane frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen går det også fram at UiO føreslår å leggja eit berekraftshus inn i farmasibygningen når Farmasøytisk institutt har flytta til Livsvitskapsbygget. Som Uniforum skreiv før helga, er dette eit forslag som kjem opp i ei orientering frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen. I Uniforumsaka går det fram at det er er sett ned ei arbeidsgruppe leia av viserektor Mette Halskov Hansen som i løpet av 2023 skal koma med eit forslag til eit konkret berekraftshus.
Livsvitskapsbygget og nytt vikingtidsmuseum
Universitetsstyret får også informasjon om stoda for bygg- og eigedomssaker på UiO. I hovudrollene i denne rapporten står Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen og nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy sentralt. Når det gjeld det førstnemnde bygget går arbeidet etter planen etter avgjerda om at Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssykehus også skal inn i bygningen. Avgjerda førte til at bygningen fekk auka areal. Samla pris ser ut til å koma på 12 milliardar kroner, og bygget vil bli ferdig i løpet av 2026.
Nytt vikingstidsmuseum på Bygdøy fekk nyleg utvida ramma til over 3,7 milliardar kroner. Hovudgrunnen til at regjeringa har føreslått at Stortinget aukar ramma, er at det skal sikra ei trygg og god behandling under byggjeprosessen av alle vikingskipa, sledane og dei andre gjenstandane av verdsarven frå vikingtida. Medan planen tidlegare var at museet kunne opna dørene igjen i 2025, er 2027 no blitt det nye opningssåret.
Eitt byggjeprosjekt blir avslutta og eit anna skal starta
På Øvre Blindern er det truleg glede over at Det samfunnsvitskaplege fakultetet igjen kan ta i bruk heile Eilert Sundts hus. Det skjer no i desember etter at bygget har vore under rehabilitering sidan hausten 2021. Arbeidet har hatt ein samla kostnad på 320 millionar kroner.
Våren 2023 vil UiO setja i gang arbeidet med I-lab og taket på Kjemibygningen. Det arbeidet vil ha ei samla ramme på 140 millionar kroner etter tildeling frå KD (49 mill), frå Universitetsstyret (30 mill.) frå MN-fakultetet (26 mill) og frå internhusleiga øyremerkte ramme for større vedlikehald og investeringar (45 mill).
Møtet i Universitetsstyret begynner klokka 10.00 og varer fram til klokka 16.00. Møtestaden denne gongen er Professorboligen i sentrum.
Her kan du lesa heile sakslista for møtet i Universitetsstyret:
Møte nr. 7/2022 i universitetsstyret
Tid og sted: 6. des. 2022 10:00–16:00, Professorboligen, Karl Johans gate 47
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 44/22 Godkjenning av dagsorden og habilitet
Forslag til vedtak:
Dagsorden og habilitet ble godkjent.
V-SAK 45/22 Direktør UiO:Livsvitenskap
Saksnr. 2022/40495
Saken er unntatt offentlighet etter offl § 25
Saker til behandling i åpent møte
Ordinære saker
V-SAK 46/22 Endringer i UiOs studieplasser for studieåret 2023/24 som følge av statsbudsjett for 2023
Saksnr. 2022/6229
Forslag til vedtak:
a) Reduksjon i studieplasser fra revidert nasjonalbudsjett 2020 for studieåret 2023/24 foretas etter oversikten i vedlegg 2.
b) Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fordele studieplasser tildelt som følge av krigen i Ukraina til de studieprogrammene som de aktuelle studentene blir registrert på.
c) Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette konkrete opptaksrammer for studieåret 2023/2024 hvor konsekvensene av statsbudsjettet for 2023 er innarbeidet.
d) Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å etablere nye studieprogram for studieåret 2023/24 i tilfelle dette er nødvendig for disponeringen av studieplasser innen nukleære fag.
Vedtaket fattes med forbehold om endelig vedtak av statsbudsjett for 2023.
Saksdokumenter
V-SAK 47/22 Justeringer av fordeling 2023
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Saksdokumenter
V-SAK 48/22 Høringsuttalelse om innføring av studieavgifter for studenter fra land utenfor EØS/Sveits – endringer
i universitets- og høyskoleloven
Saksnr. 2022/42235
Forslag til vedtak:
Styret gir rektor fullmakt til å ferdigstille høringsuttalelsen basert på styrets diskusjon og kommentarer.
Saksdokumenter
V-SAK 49/22 Innføring av institusjonell rettighetspolitikk (Institutional Rights Retention Policy, IRRP)
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret vedtar innføring av institusjonell rettighetspolitikk med virkning fra 1. januar 2023.
Saksdokumenter
V-SAK 50/22 Internrevisjonen årsplan 2023
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret godkjenner forslag til årsplan for EIR for 2023.
Saksdokumenter
V-SAK 51/22 Oppnevning av medlem til Skikkethetsnemda
Saksnr. 2008/14503
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret oppnevner professor Trygve Thorn Skonnord som medlem av Skikkethetsnemnda, herunder representant for faglærerne, for perioden 1. januar 2023 - 30. juni 2025.
Saksdokumenter:
Informasjonssaker
I-SAK 20/22 Utvikling UiO i sentrum, Karl Johans gate
Saksnr.
Saksdokumenter
I-SAK 21/22 Status for bygg- og eiendomssaker
Saksnr.
Saksdokumenter
I-SAK 22/22 Circle U - orientering
Saken legges frem i møtet.
I-SAK 23/22 AU-EU innovasjonsagenda: Arua og The Guild og møte i Cape Town 3.-4. november 2022
Saksnr.
O-SAK 13/22 Universitetsdirektørens orienteringer
Saksnr. 2008/3197
Saksdokumenter:
Saker til behandling i lukket møte
Orienteringssaker
O-SAK 14/22 Eventuelt
Ordinære saker
V-SAK 53/22 Godkjenning av protokoll for inneværende møte
Forslag til vedtak:
Protokollen ble godkjent.
Saker til behandling i åpent møte
Informasjonssaker
I-SAK 19/22 Presentasjon av Kulturhistorisk museum inkl. kortere omvisning i museet
Ved museumsdirektør Håkon Piene Glørstad
Protokoll
Logg inn for å kommentere