I går blei det klart at regjeringa står fast på å innføra studieavgifter for studentar som kjem frå land utanfor EØS-området og Sveits. Budsjettpartnaren SV har lykkast med å få regjeringa med på å auka studielånet til studentane med over 9000 kroner i året, men har ikkje klart å få regjeringspartia Ap og Sp på andre tankar når det gjeld forslaget om å innføra studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits, skriv Universitas. Alle institusjonar og andre interesserte er bedne om å koma med høyringsinnspel innan 7.desember. Det vil seia dagen etter møtet i Universitetsstyret ved Universitetet i Oslo.
Vil øydeleggja samarbeidet med det globale sør
No ligg det eit utkast klart som universitetsdirektøren ber Universitetsstyret om å diskutera og gi rektor fullmakt til å gjera ferdig basert på det som kjem fram på møtet i Universitetsstyret tysdag 6. desember.
I den teksten som no ligg føre, argumenterer UiO om at forslaget frå regjeringa vil øydeleggja det internasjonale samarbeidet særleg med tanke på institusjonar i det globale sør.
UiO fryktar at innføring av studieavgift også vil føra til store utfordringar når det gjeld rekrutteringa av internasjonale studentar. Samtidig understrekar UiO at forslaget har svært store økonomiske og administrative konsekvensar for sakshandsaminga og studentoppfylginga. Desse fylgjene er ikkje komne godt nok fram i lyset, slår UiO fast i utkastet til høyringsfråsegn.
Kritikkverdig
UiO meiner det er kritikkverdig at budsjettkutt knytte til studentar frå land utanfor EØS/Sveits vert diskuterte, før endringar i universitets- og høgskulelova vert handsama av Stortinget. UiO meiner likevel forslaget er mest uheldig for dei nye internasjonale studentane, som har måtta søkt om opptak for hausten 2023 under svært uklare vilkår, går det fram av fråsegna.
Der blir det lista opp mange utfordringar i verda der UiO helst vil ha med seg internasjonale studentar frå så mange verdshjørner som mogleg for å delta i løysinga av dei. Tap av naturmangfald, helse- og velferdsutfordringar, polarisering, migrasjon og krig er døme på område som vil krevja tverrfaglege og nyskapande løysingar, heiter det.
Sidan UiO er eit internasjonalt orientert breiddeuniversitet, har det særlege føresetnader for å lykkast med å utvikla sterke tverrfaglege og innovative miljø. Å inkludera studentar også frå verda utanfor EØS og Sveits, meiner UiO vil vera å oppfylla FNs mål for berekraftig utvikling, både mål 4 om å sikra inkluderande og rettferdig kvalitetsutdanning for alle og mål 10 om å redusera ulikskap i og mellom land.
Kan få store konsekvensar for Den internasjonale sommarskulen
I utkastet blir det også vist til at dei studentane dette gjeld for, også i dag må dokumentera at dei har sett av nærare 130 000 kroner til livsopphald. Derfor er betalingsevne allereie eit viktig kriterium for kven som har høve til å studera ved UiO. Innføring av studieavgifter, trur UiO vil skapa endå større vanskar for studentar som ikkje kan setja av fleire hundre tusen før dei skal begynna å studera.
UiO fryktar dessutan at viktige perspektiv forsvinn når studentar frå til dømes Afrika og det globale sør ikkje lenger har råd til å studera i Noreg. Det var også tilfellet då det tidlegare kvoteprogrammet blei avvikla, vert det trekt fram.
UiO trur forslaget også vil få store konsekvensar for rekrutteringa til Den internasjonale sommarskulen frå sommaren 2023. Dersom forslaget blir vedtatt, må studentane utanfor EØS og Sveits ikkje berre betala for opphaldet i Noreg, men også for undervisninga.
UiO vil tapa inntekter frå internasjonale studentar
Etter utrekningar som UiO har gjort vil institusjonen tapa inntekter på 490 000 kroner for ein internasjonal masterstudent som fullfører ein toårig mastergrad i realfag og 351 000 for ein humaniorastudent. Kunnskapsdepartementet legg til grunn eit inntektsbortfall på 130 000 kroner, noko UiO reknar som svært lågt.
UiO stiller spørsmål ved om forslaget er godt nok greia ut når det gjeld dei økonomiske konsekvensane av det.
I brevet trekkjer også rektor Svein Stølen og universitetsdirektør Arne Benjaminsen fram spørsmålet om det kan klassifiserast som statsstøtte. Dei viser til at «Det er særlig uheldig om studietilbud tilpasset kompetansebehov hos studenter frå det globale sør må kreve høyere studieavgifter for å være i overenstemmelse med statsstøtteregelverket.»
Utkastet til høyringsfråsegn skal handsamast på møtet i Universitetsstyret tysdag 6. desember. Då ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen styret om å føreslå å gi rektor fullmakt til å fullføra høyringsteksten basert på diskusjonar og kommentarar som kjem fram på møtet i Universitetsstyret.
• Les meir om forslaget til statsbudsjett for 2023:
Blandet mottakelse på budsjettforlik
SV vil fjerne skolepenger, gi mer til grønn forskning, mindre til fossil forskning og utdanning
Tror regjeringen skremmer bort søkere før forslaget om skolepenger er vedtatt
Statsbudsjettet: Byggeprosjekter fortsetter med "uforminsket kraft"
Statsbudsjettet 2023: Finansieringa av Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet held fram etter planen
Stramt budsjett kan råka forsking og høgare utdanning
Logg inn for å kommentere