Stramt statsbudsjett kan råka forsking og høgare utdanning

Utanlandske studentar kan måtta betala studieavgift frå neste år, medan Forskingsrådet vil få mindre å rutta med. Men investeringane i nye bygg held fram går fram av budsjettlekkasjane.

Portrett av ein mann framfor ein plansje

FORVARSEL: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum kom med varsel om at det ville bli ein gjennomgang av statlege byggjeprosjekt då han la fram revidert budsjett den 12. mai. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Den siste budsjettlekkasjen som kom rett før helga, var at utanlandske studentar kan risikera å betala studentavgift frå neste år. I alle fall om forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe får viljen sin, melder NRK.

På grunnlag av eit spørsmål frå FrPs Roy Steffensen til statsråd Ola Borten Moe den 14. oktober i fjor, opplyste Kunnskapsdepartementet at dei rundt 21 000 utanlandske studentane i Noreg kostar staten 3,5 milliardar kroner i året. I svaret sitt i 2021 presiserte Ola Borten Moe at regjeringa sin politikk er at høgare utdanning framleis skal vera gratis i Noreg.

Med den siste budsjettlekkasjen, tyder ting på at Ola Borten Moe no har vendt tilbake til det tidlegare standpunktet sitt frå 2017 om at utanlandske studentar bør betala studieavgift.

Planane for Livsvitskapsbygget og Vikingtidsmuseet står fast

Investeringane både i Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen og Vikingtidsmuseet på Bygdøy held fram som planlagt også i 2023. Det var universitetsdirektør Arne Benjaminsen heilt sikker på då han orienterte Universitetsstyret om den økonomiske situasjonen for UiO i møtet den 6. september. Då tok han først opp stoda til  Livsvitskapsbygget.

HELD FRAM: Bygginga av Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen held fram. Prisen er så langt på 12,4 milliardar kroner, og det skal stå ferdig i 2027. (Foto: Martin Toft)

– Den økonomiske ramma på 12,4 milliardar kroner står fast, og me fekk også ei ekstra løyving på 600 millionar i revidert budsjett. 

På møtet opplyste han at prosjektet fylgjer planen som går ut på at bygget skal stå ferdig i 2027, refererte Uniforum.

Arne Benjaminsen orienterte også Universitetsstyret om at entreprenøren er godt i gang med arbeidet med å tetta bygget. 

– Livsvitskapsbygget er inne i ein prosess, og me er ikkje urolege for denne bygningen når det gjeld forslaget til statsbudsjett for 2023, sa Arne Benjaminsen. 

Derimot har UiO og OUS i samråd med Statsbygg gjort eit viktig grep.

– Me ventar med å inngå kontraktar for innreiing av bygget på grunn av dei høge kostnadane. Det ytre skallet blir ferdigstilt, fortalde Benjaminsen. 

Også når det gjeld det andre store byggjeprosjektet på UiO, Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, ser også det ut til å gå som planlagt. Rett før fellesferien kom regjeringa med ei melding om at det skulle løyvast 700 millionar kroner ekstra til prosjektet. Det var rett nok 300 millionar mindre enn den ekstra milliarden UiO og Kulturhistorisk museum hadde bede om.

– Det blir lagt inn ei startløyving i det ordinære statsbudsjettet, sa Arne Benjaminsen i møtet i Universitetsstyret 6. september.

• Les meir i Uniforum: Miljøstraum blir svindyr for UiO

– Får på plass Campus i Trondheim og Ocean Space Centre

Når det gjeld planlagde prosjekt på andre universitet og høgskular i Noreg, har det så langt gått hardast ut over havforskingssatsinga på NTNU gjennom bygginga av Ocean Space Centre. Også planane til NTNU om å flytta heile universitetsmiljøet frå Dragvoll til byen og etablera eit nytt sentralt campus på Gløsvoll, har fått eit økonomisk skot for baugen frå statsråden frå Trøndelag, Ola Borten Moe. I dag varslar likevel statsråden overfor Adresseavisen at regjeringa vil få på plass NTNUs byggjeprosjekt.

– Eg legg også til grunn av me får på plass Campus i Trondheim og Ocean Space Centre, seier Borten Moe til avisa, ifylgje Khrono. Men han viser til at innstrammingar som allereie er lagt inn i campus-prosjektet, som sparer skattebetalarane for seks milliardar kroner.

Straumpris hindrar vedlikehald på NMBU

Ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås melder rektor Curt Rice at dei likevel ikkje kan byta vindauge og etterisolera for å få ned straumforbruket i studentane si storstove Auditorium Maximum. Planen var å bruka 100 millionar kroner til dette.

 I Aftenposten oppgir Curt Rice som grunn at dei må prioritera å betala dagens straumrekningar, før dei kan setja i gang med tiltak som kan få ned straumforbruket. Universitetet fekk nemleg ei ekstra straumrekning på 70 millionar kroner. No krev han at staten betalar den ekstra straumrekninga til statsinstitusjonen. «– Staten var en god partner under pandemien, men de er en dårlig partner under denne krisen,», seier han til Aftenposten.

Forskingsrådet brukte meir pengar enn det hadde

Det er likevel Forskingsrådet som er verst ute økonomisk, men det er ein tilstand som  går utover heile forskings-Noreg. Det var då revidert budsjett blei lagt fram for Stortinget 12. mai, Ola Borten Moe gjorde kjent gjennom ei pressemelding at han hadde sparka styret for Forskingsrådet fordi det hadde brukt langt meir pengar enn det hadde til disposisjon. Den gongen låg Forskingsrådet an til å gå 270 millionar kroner i minus. Då sette statsråden inn Kristin Halvorsen som leiar for eit heilt nytt styre.

• Les meir: Regeringen rydder opp i en alvorlig økonomisk situasjon i Forskningsrådet

Styreleiar Kristin Halvorsen opplyste til Forskerforum den 23. juni at styret har vedtatt sparetiltak på til saman to milliardar kroner. Samtidig krev Forskingsrådet at staten betalar tilbake 1,7 milliardar kroner som Forskingsrådet meiner urettmessig blei kutta budsjettåra 2017-2021. For å unngå for drastiske kutt i prosjekt og moglege oppseiingar av tilsette, bad styret for Forskingsrådet regjeringa om å gi dei ei ekstraløyving på 2,2 milliardar kroner.

Torsdag 6. oktober klokka 10.00 legg finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) fram forslaget til statsbudsjett for 2023 for Stortinget. Då vil det bli kjent om eit stramt budsjett for Noreg, også vil bli eit stramt budsjett for norsk høgare utdanning og forsking.

• Les også i Uniforum: 50 millionar meir til forsking i forliket om revidert budsjett

 

Emneord: Økonomi. Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2022 14:02 - Sist endra 4. okt. 2022 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere