Kritiserer UiO for æresdoktoratet til etiopisk statsråd: – Ho har sete med politisk ansvar på alle nivå

Etiopia-ekspert Kjetil Tronvoll er rysta over situasjonen til akademikarar i Etiopia. No etterlyser han ei aktsemdsvurdering frå UiO og andre norske universitet som er engasjerte i landet.

Portrett av ein mann på kontoret

AKADEMIKARAR TEIER:  Dei seier at viss me snakkar ut, viss me skriv, så er det beste som kan henda oss at me mister stillinga, det verste er at me blir drepne. Dei torer det ikkje rett og slett, fortel Kjetil Tronvoll, professor og prorektor for forsking ved Oslo Nye Høyskole. 

Foto: Martin Toft

Kjetil Tronvoll er ein av Noregs fremste Etiopia-kjennarar.Tidlegare var han professor ved Norsk senter for menneskerettar på UiO, men no er han professor og prorektor for forsking ved Oslo Nye Høyskole, tidlegare kjent som Bjørknes høyskole.

I over 30 år har han forska og studert på politiske forhold i Etiopia, og han har også vore knytt til Universitetet i Addis Abeba som gjesteforskar. Samtidig har han også vore på mange opphald i Tigray-provinsen og er også gjesteforskar (adjunct professor) ved universitetet i delstatshovudstaden Mekele.

Etiopia:

Folketal: 96,9 millionar

Hovudstad: Addis Abeba

Religion: Etiopisk-ortodoks kristendom, protestantisk kristendom, islam, lokale religionar

Statsminister: Abiy Ahmed Ali frå alliansen Ethiopian People's Revolutionary Democratic Front (EPRDF) frå 2018-d.d.). Blei omdanna til the Prospertiy Party 1. desember 2019. Tildelt Nobels fredspris i 2019 for fredsavtalen med Eritrea.

Totalareal: 1 104 300 kvadratkilometer

Offisielt språk: Ahmharisk, men heile landet har 89 ulike språk.

Aktuelt: Ein FN- kommisjon har kritisert begge partar i krigen i Tigray for overgrep mot sivile i området. Kommisjonen meiner overgrepa kan kallast krigsbrotsverkt og brotsverk mot menneskeslekta. Det blir avvist av Etiopias FN-representant I Geneve.

Eit UiO-prosjekt i Mekele i Tigray er delvis stansa opp på grunn av konflikten. 

Etiopias tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam blei utnemnt til æresdoktor ved UiO under årsfesten 2. september i år.

Etiopia-ekspert Kjetil Tronvoll meiner UiO og andre universitet bør protestera mot bombeåtak på universitetscampusar i Tigray og mot brot på akademisk fridom i heile landet.

(Kjelder: Uniforum, Store Norske leksikon,AFP, Wikipedia. UiO)

Stansa av etterretningspolitiet

Den siste gongen han var i Etiopia var hausten 2020, snaue to månader før krigen braut ut. Då hadde han vore på forskingsopphald i Tigray for å observera delstatsvalet, og skulle vidare til Addis Abeba der planen var å opphalda seg nokre dagar, før han skulle dra vidare til Noreg. Men då han kom til flyplassen i Addis Abeba blei han stansa av etterretningspolitiet, avhøyrt av etterretningssjefen, og beden om å dra ut av landet så fort som han kunne. Nokre hadde skulda han for å vera spion, sjølv om det einaste han hadde gjort var å samla inn forskingsdata.

 – Eg hadde både offisielt visum, forskingsløyve og invitasjon frå delstatsstyresmaktene og alle andre papir i orden, så eg hadde ikkje gjort nokre feil. Det var etterretningssjefen einig i, men han sa at han ikkje kunne garantera for tryggleiken min, så derfor fann eg det mest tilrådeleg å dra frå Etiopia før eg hadde tenkt, fortel Kjetil Tronvoll til Uniforum to år etter hendinga.

Seinare har han ikkje vore tilbake. Men han engasjerer seg framleis i alt som har å gjera med Etiopia og held fram med forskingsaktiviteten sin via fleirfaldige kjelder i landet. Og han ser også på forholdet mellom norske og etiopiske universitet og mellom norske og etiopiske akademikarar.

– Viser kor tett knytt ho er politisk

Kjetil Tronvoll har også bite seg merke i at Etiopias tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam er utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo.

– No seier ho til Uniforum at ho ikkje lenger er med i regjeringa, men då ho gjekk av som forskings- og høgare utdanningsminister, blei ho utnemnt til rådgjevar med statsrådsstatus for statsminister Abiy Ahmed i sosiale spørsmål. Samtidig blei ho også peika ut som Etiopias offisielle kandidat til stillinga som utdannings- og forskingskommissær i Den afrikanske unionen. Og sjølv om ho no er gjesteforskar ved Universitetet i Køln, har ho ikkje gått av som rådgjevar for statsministeren.

Ein annan som har same rolle som henne, er pastor Daniel Kibret, som jo er skulda for folkemordsretorikk overfor Tigray-folket. No sit dei på same stad med same portefølje. Det viser kor tett knytt ho er politisk, er vurderinga til Kjetil Tronvoll.

Han peikar på at både Abiy Ahmed og Hirut Woldermariam tilhøyrer herlegdomsteologien innanfor den evangeliske kyrkja, og ikkje den etiopisk-ortodokse kyrkja.

– Dei næraste rådgjevarane til Abiy, tilhøyrer det same kyrkjesamfunnet, nokre meiner at dei har redda Etiopia, medan andre er overtydde om at dei fører Etiopia i ei heilt gal retning, fortel Kjetil Tronvoll.

• Les også i Uniforum: – Vi tilsidesatte vår egen urfolkskunnskap

Takka politisk oppnemnt rektor for karrieren sin

Når det gjeld den politiske karrieren til Hirut Woldermariam, trekkjer han fram at ho fekk toppstillingar også under det førre regimet til TPLF.

– I eit intervju eg las med henne takkar ho veldig Andreas Eshete, tidlegare rektor ved Universitetet i Addis Abeba, som brakte henne opp som prorektor ved universitetet, for karrieren sin. Han var ein svært omdiskutert universitetsrektor. Eg hugsar godt då han blei utpeikt, for då var eg ansvarleg for eit større institusjonssamarbeid mellom UiO og AAU (Addis Abeba University) og jobba ved Norsk senter for menneskerettar på UiO. Då fekk eg med meg den dåverande direktøren til å skriva eit brev i protest mot utnemninga fordi det var ei rein politisk utveljing som ikkje fylgde universitetet sine prosedyrar. For han var EPRDFs støttespelar i akademia, fortel han.

• Les også i Uniforum: Kan bryte med Universitetet i Addis Abeba

– Meir ein politisk enn ein akademisk karriere

Kjetil Tronvoll understrekar at han ikkje kritiserer Woldemariams akademiske merittar, for dei kjenner han ikkje godt nok til.

– Men det at ho vidare kom opp på eit politisk nivå og har sete som minister i fleire departement og seinast med det overordna ansvaret for forskings- og undervisningssektoren i mange år, og at regjeringa ynskte å fremja henne som Etiopias kandidat til ei toppstilling i Den afrikanske unionen, samtidig som regjeringa utnemnde henne som minister utan portefølje og som personleg rådgjevar for statsministeren, viser igjen meir ein politisk karriere enn ein akademisk karriere. Akademia i Etiopia er og har vore svært politisert. Du kjem ikkje inn på dei nivåa utan å tena makta og makta sine interesserer, konstaterer Tronvoll.

Han er heilt klar på at rektorstillinga ved Universitetet i Addis Abeba er den viktigaste akademiske stillinga i landet ved sida av å vera forskings- og høgare utdanningsminister.

– Det er ikkje noko gale å vera maktpolitikar, det er heilt greitt det, slår han fast.

– Eg gir henne ikkje eit personleg ansvar

Det som derimot gjer Kjetil Tronvoll både tankefull og kritisk, er at Universitetet i Oslo har utnemnt henne til æresdoktor.

– Det er viktig å få med seg konteksten når det gjeld utnemninga av henne som æresdoktor, utan at eg tar stilling til hennar akademiske merittar, legg han vekt på.

– Ho har sete med politisk ansvar på alle nivå over svært lang tid. Eg gir henne ikkje eit personleg ansvar, men det viser korleis ho har forvalta det.

– Misleghald av eksterne midlar og maktmisbruk

Så trekkjer han fram tre element.

– Det minst alvorlege er den utstekte korrupsjonen og dårlege styringa i Etiopia. Det er ikkje mine ord, men orda til den etiopiske riksrevisoren som nyleg kom med ein rapport som dokumenterer det. At det skjer tilsetjingar som skjer på grunn av kjennskap og ikkje på grunn av merittar. Det er misleghald av eksterne midlar og maktmisbruk i sektoren. Det bør takast med i vurderinga når ein så sentral person har sete med ansvaret over så lang tid, meiner han.

Det andre elementet han trekkjer fram, er den direkte akademiske sensuren som finst i Etiopia i dag.

– Og det er ikkje noko nytt. Det har vore tilfellet sidan Universitetet i Addis Abeba blei grunnlagt av keisar Haile Selassie etter Den andre verdskrigen. I ein artikkel nyleg publisert i avisa Addis Standard står det også om forskarar i sosiologi som har fått sparken fordi dei hadde feil tolking av historia, fortel han.

– Det er heilt stille

Kjetil Tronvoll har sjølv vore tilknytt Universitetet i Addis Abeba og har venner og kjente der.

– Eg ser jo kva som blir produsert av lokale forskarar. Det er ingen som torer å gå ut og kritisera regjeringa i dei viktigaste sakene, altså krigen mot Tigray, konflikten i Oromia, uroa i det sørlege Etiopia og så vidare. Det er heilt stille, slår han fast.

ÅTAK PÅ UNIVERSITETET: Mekelle University hadde eit prosjektsamarbeid med Universitetet i Oslo. På grunn av krigen er samarbeidet stansa opp. Fleire av campusane til universitetet er blitt råka av bombeåtak frå regjeringsstyrkane. (Foto: A. Savin/WikiCommons)

 

Samtidig er det andre forskarar som er på bana.

– Dei er engasjerte i proregime-forsking. Dei støttar opp om det politiske narrativet akademisk sett. Motstemmene i akademia finst knapt nok. Det kan vera nokre individ her og der, og eg har snakka med mange av dei i dei to åra etter at krigen braut ut. Dei seier at viss me snakkar ut, viss me skriv, så er det beste som kan henda oss at me mister stillinga, det verste er at me blir drepne. Dei torer det ikkje rett og slett. Det er den klamme konteksten akademia er i i Etiopia i dag. Det er ingen akademisk fridom å snakka om, konkluderer han med.

– Den akademiske sektoren gir pengar til ein borgarkrig

Likevel peikar han på eit anna element som han ser på som det viktigaste.

– No skal ikkje Hirut Woldemariam ha ansvaret for alt, men ho har vore med på det ho har vore med på. I førre veke gjekk Kunnskapsdepartementet ut og sa veldig stolt at departementet og universiteta har gitt 211 millionar birr av sine budsjett til krigen mot Tigray for å drepa. Det blei gjort i fjor også. Universiteta tok pengar frå eige budsjett og gav dei til krigføringa. I tillegg har dei gitt materiell støtte som firehjulsdrivne feltbilar. Dermed gir den akademiske sektoren både pengar og midlar til ein borgarkrig som FN nyleg har klassifisert som brotsverk mot menneskeslekta, kanskje endåtil som eit folkemord, peikar han på.

Tronvoll viser også til korleis universitetsleiinga ved Universitetet i Addis Abeba har gått hardt ut mot alle med bakgrunn frå Tigray som har tatt ein grad ved niversitetet.

– Alle frå Tigray-folket som er tilsette ved universitetet, og som uttaler seg kritisk om situasjonen i landet, vil ikkje berre stå i fare for å mista jobben sin. Alle dei frå Tigray som har ein grad frå det universitetet, er blitt truga med at den vil bli trekt tilbake viss dei uttalar seg kritisk mot regjeringa si krigføring, fortel han.

– Oppsiktsvekkjande

Akkurat når det gjeld det siste punktet forstår Kjetil Tronvoll godt at Universitetet i Oslo ikkje kunna vita noko om det, då dei utnemnte Hirut Woldemariam til æresdoktor før borgarkrigen braut ut i november 2020.

– Dei andre to elementa eg har nemnt står likevel fast. Men i grunngjevinga for å gi henne prisen står det ingen kontekstualisering av hennar posisjon, hennar forsking, gitt den situasjonen eg snakkar om. Det synest eg er oppsiktsvekkjande, for å bruka det uttrykket, seier Kjetil Tronvoll til Uniforum.

– Eit æresdoktorat skal vera eit flaggskip og eit symbol, ikkje berre på akademisk virke, men også på etikk og eit breiare samfunnsstøttande virke, at du går rett fram akademisk, at du oppfører deg korrekt på det personlege planet og i eit samarbeid.

–Trur du at utnemninga ville ha skjedd i dag?

– Ja, det trur eg, om du ser på talane og skrytet frå samarbeidspartnarane.

– Ingen stiller spørsmål ved samarbeidet sitt

Kjetil Tronvoll viser til at 8 av 10 norske universitet fekk pengar frå NORAD i 2021 til samarbeid med universitet i Etiopia. Også mange av forskingsinstitutta har prosjekt i landet.

– Ingen av dei har kontekstualisert det samarbeidet gitt den dramatiske politiske situasjonen som er i landet i dag. Ingen stiller spørsmål ved samarbeidet sitt. Det burde vore aktsemdsvurderingar for akademia, på same måten som det er for næringslivet, tykkjer han.

Han fryktar at pengar som Universitetet i Oslo gir til samarbeidsuniversiteta sine i Etiopia kan bli brukt til innkjøp av utstyr til Etiopias krigføring i Tigray-provinsen.

– Eg seier ikkje at det er eit ansvar, men eg stiller spørsmål ved det, og lurer på om Universitetet i Oslo har gjort ei aktsemdsvurdering av det. Teier dei berre stilt og tar imot pengane?

 Så viser han til Mekelle University i Tigray som Universitetet i Oslo også samarbeider med.

 – Forskarane og dei tilsette der har ikkje fått lønn og forskingspengar utbetalt dei siste to åra. Fleire er blitt drepne i krigen eller har døydd av svolt og mangel på medisinar. Sidan regjeringa har blokkert all tilgang og forsyningar til delstaten . Universitetscampusar er blitt bomba fleire gonger, seinast for to veke sidan. Likevel seier verken UiO eller dei andre norske universiteta noko, seier han trist og engasjert.

Sjølv har han ingen tru på at det blir fred mellom delstaten Tigray og sentralregjeringa i Etiopia med det første.

– Nei, ikkje på kort sikt. Den førre krigen varte i 17 år. Det kan henda denne varer i 17 år eller 20 år. Det kan henda den er løyst neste år, men slik det ser ut no, ser det svært dårleg ut, er spådommen hans.

UiO-rektor forsvarar utnemninga av æresdoktor

Uniforum har lagt kritikken frå Etiopia-ekspert Kjetil Tronvoll av æresdoktoratet til Hirut Woldemariam fram for rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo. Han understrekar sterkt i ein epost til Uniforum at utnemninga er basert på dei faglege merittane hennar. 

FÅR ÆRESDOKTORAT: Etiopias tidlegare forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam er flankert av rektor Svein Stølen og prorektor Åse Gornitzka etter at ho blei utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i Universitetets aula 2. september. (Foto: Martin Toft)

"Grunnlaget for utnevnelsen av Hirut Woldemariam som æresdoktor ved Universitetet i Oslo er basert på hennes faglige meritter og langvarige samarbeid med forskere fra UiO. https://www.uio.no/om/tall-og-fakta/aresdoktorer/2020/hirut-woldemariam-tetekel.html Utnevnelsen er personlig", slår han fast. 

Svein Stølen trekkjer også fram at universiteta på det afrikanske kontinentet er og vil vera uhyre viktige for samfunnsutviklinga i denne regionen og globalt.

"Mange av våre samfunnsutfordringer er globale og løsningene krever samarbeid på tvers av nasjonale grenser og også med universiteter og forskere i land med andre styresett. Universitetet i Oslo er engasjert i prosjekter i de fleste land i verden og også på det afrikanske kontinent. Det er viktig, men vi må samtidig vurdere hvert enkelt prosjekt", skriv han til Uniforum.

Svein Stølen meiner Hirut Woldemariam har knust mange "glastak" i Etiopia. 

"Professor Woldemariam har forøvrig hatt et dypt engasjement for reformer av høyere utdanning i Etiopia. Hun har brutt barrierer, ikke minst som den første kvinnelige vise-president ved Addis Ababa University. Som forsker og leder har hun knust mange «glasstak» i Etiopia og bidrar til å inspirere andre kvinner i Etiopia", skriv Svein Stølen i eposten til Uniforum.  

UiO-rektoren er klar over at korrupsjon er eit stort problem i Etiopia og understrekar at kvart prosjekt må opp til vurdering. 

"Korrupsjon er et stort samfunnsproblem i mange land – også i Etiopia. Den konteksten må vi være svært oppmerksomme på i samarbeid med forskere i systemer der dette er utbredt. Vi må legge til rette for gode kontrollfunksjoner, og sikre at midlene blir brukt til formålet. Ethvert prosjekt må vurderes", slår han fast.  

Svein Stølen fortel at som ein konsekvens av krigshandlingane i Tigray-provinsen er at samarbeidet mellom UiO og Mekelle University stoppa heilt opp. 

"Vi har hatt et samarbeid med Mekelle University gjennom NORHED-prosjektet "Partnership for Peace». Det samarbeidet er nå stanset som følge av krigen. Det omfatter også utbetalingen av midler universitetet mottar. Vi har forøvrig engasjert oss via diplomatiske kanaler", understrekar UiO-rektoren. 

– Kva ynskjer UiO å gjera å for å setja den vanskelege humanitære situasjonen og brota på akademisk fridom  i Etiopia på kartet? 

"Vi har flere engasjerte forskere som bidrar til å belyse situasjonen, Det er vi glade for. UiO jobber for øvrig på ulike måter internasjonalt for å sette akademisk frihet og utvikling av utdanningssystem og universiteter generelt - også i afrikanske land - på kartet. Vi er gjennom The Guild of European Research Intensive Universities sterkt engasjert i utviklingen av det afrikanske universitetssystemet i nært samarbeid med the African Research Universities Alliance, ARUA. Vi mener det er en konstruktiv vei inn for å bidra til varige endringer på litt lengre sikt", uttrykker Svein Stølen overfor Uniforum. 

 

• Les meir om Hirut Woldemariam og Etiopia i Uniforum: 

– Vi tilsidesatte vår egen urfolkskunnskap

Journalist med bånd til Norge arrestert i Etiopia

Erna Solberg tok opp Tigray-konflikten med Etiopias statsminister

UiO-forskar håpar Erna Solberg får Etiopias statsminister inn igjen på fredssporet

Ho vil læra Etiopias studentar kritisk tenking

– Samarbeider gjerne meir med UiO

 

 

 

 

 

Emneord: Etiopia, Menneskerettar, UiOs prisar Av Martin Toft
Publisert 30. sep. 2022 04:30 - Sist endra 30. sep. 2022 09:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere