Ho vil læra Etiopias studentar kritisk tenking

Alle studentar i Etiopia må frå 2019 ta eit eitt år langt studieprogram som inneheld kritisk tenking, kommunikasjon og framandspråk. Det er forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam svært stolt over å ha fått til. Nyleg besøkte ho UiO.

Ei kvinne frå Etiopia sit og snakkar medan ho slår ut med hendene.

INNFØRTE FELLES KURS: – Då bestemte eg at alle studentar i Etiopia frå hausten 2019 skulle ta kurs med opplæring i framandspråk i tillegg til kurs i kritisk tenking og i kommunikasjon, seier Hirut Woldemariam som er Etiopias forskings- og høgare utdanningsminister.

Foto: Ola Gamst Sæther

Då Etiopias statsminister Abiy Ahmed fekk Nobels fredspris, var det forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam som heldt talen for han på vegner av regjeringa.

No er Hirut Woldemariam truleg ei av dei mektigaste kvinnene i Etiopia. I dag er ho forskings- og høgare utdanningsminister, medan ho tidlegare har vore både kultur- og turistminister og arbeids- og sosialminister i Etiopia. I dagens regjering har ho endeleg fått ansvaret for det området ho er spesialist på; forsking og høgare utdanning. For ho er professor i lingvistikk og har tidlegare vore prorektor ved Addis Abeba University.

Uniforum møter henne på konferansen om kvinner og leiarskap som MultiLing, senteret for framifrå forsking, arrangerte denne månaden. Der treffer ho også igjen forskarfellen og venninna Elizabeth Lanza.

Hirut Woldemariam

Fødd: 1969, gift og har tre barn

Politisk karriere:

Forskings- og høgare utdanningsminister i Etiopia sidan oktober 2018, tidlegare arbeids- og sosialminister og kultur- og turistminister.

Akademisk karriere:

Prorektor ved Addis Ababa University og professor i lingvistikk

Har fått økonomisk støtte frå NORAD-programmet NUFU og skrive vitskaplege artiklar saman med UiO-professor Elizabeth Lanza.

(Kjelder: Wikipedia, UiO og Uniforum)

– Ved hjelp av pengar frå NUFU-programmet til NORAD skreiv me mange vitskaplege artiklar saman. Det var desse artiklane som gjorde at eg blei utnemnd til professor, fortel ho til Uniforum.

NUFU står for The Norwegian Programme for Development, Research and Education, og det blei lagt ned i 2012. Økonomisk støtte frå programmet gjorde det mogleg mellom anna å byggja opp eit Instiuttt for spesialpedagogikk ved Addis Abeba University i 2007.

For ti år sidan besøkte Hirut Woldemariam Universitetet i Oslo førre gong. Det hugsar ho godt.

– Også då blei eg intervjua av Uniforum. Men då var eg berre professor i lingvistikk, minner ho oss på.

• Les i Uniforum:

– Samarbeider gjerne meir med UiO

– Lettare sjokkert

Hirut Woldemariam har vore med i fleire ulike regjeringar, men utan å ha medlemskap i noko parti. Sjølv om ho både har vore turistminister og velferdsminister, tvilte ho litt då ho fekk spørsmålet om ho kunne tenkja seg å ta over vervet som forskings- og høgare utdanningsminister.

– Eg blei først lettare sjokkert, for den førespurnaden kom overraskande på meg. Eg var godt nøgd med å vera prorektor og å driva forsking på Addis Abeba University. Så tenkte eg at eg kunne bidra endå meir til samfunnet i ministerposten enn i jobben som prorektor ved universitetet. Den gir meg eit breiare perspektiv. Du har høve til å påverka dei områda du er statsråd for. Derfor takka eg ja til denne sjansen, for eg tenkte at eg kunne vera med og gjera ein forskjell, fortel ho til Uniforum.

Etiopia:

Hovudstad: Addis Abeba

Folketal: 105 millionar (2017)

Styreform: Føderal parlamentarisk republikk

President: Sahle-Work Zewde

Statsminister: Abiy Ahmed

Keisarriket Etiopia eksisterte frå 1137 til Haile Selassie blei styrta av militærjuntaen Derg i 1974. I 1977 blei Mengistu Haile Mariam Etiopias diktator fram til han drog i eksil til Zimbabwe i 1991.

Aktuelt: Etiopias statsminister Abiy Ahmed har fått Nobels fredspris for fredsavtalen med nabolandet Eritrea.

(Kjelder: Wikipedia, Det norske Nobelinstituttet, Store norske leksikon)

Klarte å endra universitetspensum på eitt år

Hirut Woldemariam har heller ikkje noko problem med å trekkja fram kva avgjerd ho er mest stolt av å ha medverka til medan ho har vore forskings- og høgare utdanningsminister.

– Dette departementet har faktisk berre eksistert i knapt eitt år som forskings- og høgare utdanningsdepartement. Før var desse sektorane fordelte på fleire ulike departement. På det året har eg fått til noko som eg er svært stolt over. Me har klart å endra heile pensum på universiteta, og lagt til eit nytt eitt år langt studieprogram for alle nye studentar. Derfor har me lagt inn nye mjuke emne, som til dømes kommunikasjon, kritisk tenking og meir om Etiopias historie og globale trendar. Dette er kunnskap og praktisk læring som studentane våre mangla, seier ho. Det blei gjennomført etter at ho fekk forslag frå eit ekspertutval.

– Eg sette ned eit utval med personar frå fleire universitet som fekk i oppdrag å gå gjennom og revidera universitetspensumet. Dei føreslo 15 ulike kurs i ein eigen kurspakke. Då bestemte eg at alle studentar i Etiopia frå hausten 2019 skulle ta alle desse 15 kursa i løpet av det første studieåret på universitetet. Kursa inneheld også opplæring i framandspråk i tillegg til kurs i kritisk tenking og i kommunikasjon. Eg fekk mange positive tilbakemeldingar etterpå, fortel ho.

– Så ingen demonstrerte mot desse reformene?

– Nei, det har ingen gjort, enno, seier ho og ler.

Vil spesialisera universiteta

Det er ganske komplisert å vera forskings- og høgare utdanningsminister i Etiopia. 45 universitet er direkte underlagt departementet ho styrer. Dei har forskjellige tradisjonar. Men dei kopierer også studieprogram seg imellom.

– Det ynskjer me ikkje at dei gjer lenger. Me vil at alle universiteta skal utvikla sine eigne studieprogram og skilja seg ut frå kvarandre. Derfor vil me utvikla universiteta frå å vera tilnærma like til å bli meir spesialiserte når det gjeld fagområde og utdanningar. Frå no av vil berre ei lita gruppe med universitet vera forskingsuniversitet. Dei andre vil bli profesjonsuniversitet eller breiddeuniversitet. Dette er også ei stor reform, som det vil ta lang tid og kosta mykje tolmod å få gjennomført, er ho overtydd om.

Ho er også klar over at mange ikkje vil bort frå det ho kallar den komfortsona som dei arbeider i i dag, og at dei meiner at reforma gjer stillingane deira mindre viktige enn i dag.

– Eg er likevel viss på at dette vil få mykje å seia for å heva utdanningskvaliteten, seier ho til Uniforum.

HELDT TALE FOR FREDSPRISVINNAREN:  – Eg fekk oppdraget med å halda den offisielle talen til ære for statsminister Abiy Ahmed, fortel Etiopias forskings- og høgare utdanningsminister Hirut Woldemariam. (Foto:Ola Sæther)

Kjempeglad for fredspris til Etiopias statsminister

– Denne månaden blei det kjent at regjeringssjefen din, Abiy Ahmed var blitt tildelt Nobels fredspris for 2019 for innsatsen han hadde gjort for å få til ein fredsavtale med nabolandet Eritrea. Han har også slept fri politiske fangar over heile landet. Korleis reagerte du då du fekk vita om dette nyhendet?

– Det var verkeleg stort å få oppleva. Eg blei kjempeglad for det. Eg var på eit av universiteta i Sør-Etiopia då eg fekk nyhendet, så eg måtte dra tilbake til hovudstaden. Morgonen etter hadde me ei feiring med heile regjeringa til stades. Og då fekk eg oppdraget med å halda den offisielle talen til ære for statsminister Abiy Ahmed.

– Og kva sa du i talen din?

– Eg er svært stolt over å vera statsråd i regjeringa di, og for å ha arbeidt saman med deg i tidlegare regjeringar i til saman fire år. Og fredsprisen er ei ære for alle etiopiarar og ikkje berre for deg personleg. Dette vil gi oss meir energi og motivasjon for å få til fleire endringar i landet i framtida, er det korte resymeet ho gir oss.

 – Alltid samanstøytar mellom det nye og det gamle

Dei siste vekene har det vore fleire demonstrasjonar mot Etiopias regjering. Fleire demonstrantar er også drepne. Det seier ho seg lei for.

– Det er eit resultat av politiseringa som har oppstått etter dei politiske endringane og omforminga regjeringa har innført. Det er ikkje lett, for det er grupper som gjerne vil halda på dei privilegia som dei har hatt i dei tidlegare politiske systema i Etiopia. Så det er alltid samanstøytar mellom det nye og det gamle, men eg trur den situasjonen vil bli betre etter kvart, seier ho til Uniforum.

Og når tida som statsråd ein gong er over, vender ho med stor glede tilbake til professoratet i lingvistikk ved Addis Abeba University.

– Ja, det gler eg meg til.

– Har spelt ei stor rolle for meg

I mange år samarbeidde Hirut Woldemariam nært med lingvistikkprofessor Elisabeth Lanza ved Universitetet i Oslo. – Det har hatt mykje å seia for meg gjennom støtta frå NUFU-programmet til NORAD til prosjektet vårt. Me skreiv mange vitskaplege artiklar saman og me har presentert funna våre på internasjonale konferansar. Det har spelt ei stor rolle for meg, og publikasjonane er også delvis grunnen til at eg fekk jobben som professor. No har me samarbeidt profesjonelt i over ti år, og ho har også blitt ei god venninne.

Hirut Woldemariam kjem gjerne tilbake til Noreg, og aller helst i desember når statsminister Abiy Ahmed får utdelt Nobels fredspris.

– Det hadde eg likt fantastisk godt, det kjem an på programmet under prisutdelinga, men det hadde vore fint å vera til stades, smiler ho.

 

 

Emneord: Etiopia Av Martin Toft
Publisert 30. okt. 2019 14:42 - Sist endra 30. okt. 2019 14:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere