UiO-forskar håpar Erna Solberg får Etiopias statsminister inn igjen på fredssporet

Sidan november har ikkje direktør Gentian Zyberi ved Norsk senter for menneskerettar hatt kontakt med forskarkollegaene sine i provinshovudstaden Mekele i Tigray i Etiopia. Det har krigshandlingane sett ein stoppar for. No festar han lit til eit statsministermøte mellom Noreg og Etiopia.

Ein mann står med armane i kross på eit kontor med kledeplagg hengjande på veggen.

"MEDEMER" – Då statsminister Abiy tok imot Nobels fredspris, tala han om “medemer” eller å koma saman.  Det er ein viktig etiopisk tradisjon og filosofi om å leva saman i fred. Statsminister Solberg bør nytta seg av dette høvet til å bruka dei etiopiske “medemer”-prinsippa som ein moglegheit, seier direktør Gentian Zyberi ved Norsk senter for menneskerettar før Noregs og Etiopias statsministrar har eit telefonmøte seinare i dag. 

Foto: Ola Sæther

I ettermiddag skal statsminister Erna Solberg ha ein telefonsamtale med Etiopias statsminister Abiy Ahmed Ali om den vanskelege humanitære situasjonen i Tigray etter krigshandlingane der.

– Ho må oppforda han til å be politikarane om å gå tilbake til forhandlingsbordet slik at soldatane kan gå tilbake til forlegningane sine og folket kan venda heim, seier direktør for Norsk senter for menneskerettar, Gentian Zyberi til Uniforum. Han er prosjektleiar for eit forskingssamarbeid med Det juridiske fakultetet på University of Mekele, og det er altså det viktigaste læresetet i Mekele som er hovudstaden i uro-provinsen Tigray.  Der braut det ut kampar mellom soldatar lojale til provinsregjeringa i Tigray og regjeringssoldatar i november i fjor.

Etiopia:

Folketal: 96,9 millionar

Hovudstad: Addis Abeba

Religion: Etiopisk-ortodoks kristendom, protestantisk kristendom, islam, lokale religionar

Statsministe: Abiy Ahmed Ali

Totalareal: 1 104 300 kvadratkilometer

Offisielt språk: Ahmharisk, men heile landet har 89 ulike språk.

Aktuelt: Krigshandlingar  i Tigray kan føra til stor humanitær katastrofe.

Eitt UiO-prosjekt i Mekele i Tigray er delvis stansa opp på grunn av konflikten. 

(Kjelder: Store Norske leksikon, UiO)

Eitt UiO-prosjekt råka av konflikten

Eit oversyn forskingsavdelinga ved UiO har gjort på førespurnad frå Uniforum viser at det er heller få samarbeidsprosjekt mellom UiO og etiopiske universitet som er direkte råka av konflikten.  Unntaket er altså samarbeidsprosjektet med Det juridiske fakultetet ved University of Mekele, som Gentian Zyberi er sterkt involvert i.

– Der har me fått ein del utsetjingar av prosjektet også på grunn av pandemien. Det er likevel tryggingssituasjonen i provinsen akkurat no som gjer samarbeidet om dette akademiske prosjektet vanskeleg. I tillegg har eg forstått det slik at internett er permanent nede i Tigray. Både på grunn av reiserestriksjonane som ein konsekvens av pandemien og den manglande internett-tilgangen gjer det at forskarkollegaene våre der ikkje kan delta effektivt i prosjektet. Sjølvsagt ville dei kunne ha reist til andre delar av landet for å få tilgang til internett, men det er ikkje nokon god situasjon for kollegaene våre i Mekele. Me håpar situasjonen kan bli betre dei komande åra, og vil prøva å få løyst desse problema undervegs i prosjektet, seier han.  

Fredsprisvinnar gjekk til krig

I 2019 blei Etiopias statsminister Abiy Ahmed Ali tildelt Nobels fredspris for å ha klart å inngå ein fredsavtale med nabolandet Eritrea etter to tiår med krig og ufred. Og då konflikten braut ut i Tigray-provinsen i november i fjor, fekk den etiopiske regjeringshæren støtte frå soldatar frå den tidlegare fienden Eritrea. Då statsminister  Abiy Ahmed Ali overtok som regjeringssjef i 2018, blei også det Tigray-baserte partiet TPLF med i koalisjonsregjeringa. Fram til då hadde det hatt makta i landet heilt sidan den marxistiske diktatoren Mengistu Haile Hariam blei styrta 30 år tidlegare.

 

HELD NOBELPRISTALEN: Etiopias statsminister Abiy Ali Ahmed blei tildelt Nobels fredspris i 2019 for mellom anna å ha inngått fred med nabolandet Eritrea. No leier han ein krig mot opprørsprovinsen Tigray med hjelp frå soldatar frå den tidlegare erkefienden Eritrea. Her held han nobelpristalen i Oslo rådhus 10. desember 2019.  (Skjermdump frå Nobelinstituttets YouTube-kanal) 

Abiy ynskte ein meir sentralisert stat, med mindre makt til provinsane. Det sette Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF) som framleis hadde makta i Tigray-provinsen, seg imot.  Derfor gjekk partiet ut av regjeringa til Abiy. Den etiopiske regjeringa skulda i november i fjor militante støttespelarar til provinsregjeringa for å ha forsøkt å stjela våpen frå ein av  militærleirane til den etiopiske hæren i Tigray. Då valde statsminister og Nobelprisvinnar Abiy  å setja hardt mot hardt, og han sende soldatar inn i provinsen for å overta kontrollen.  Resultatet blei harde kampar mellom frontane og over 60 000  menneske som la ut på flukt ut av dei krigsherja områda. Konflikten er også i ferd med å utvikla seg til ein humanitær katastrofe. I førre veke protesterte utanriksminister Ine Eriksen Søreida og bad begge partar fylgja internasjonal rett om vern av sivile. Ho kravde også ein internasjonal gransking av ein massakre i Aksum 20 kilometer frå Tekele. Noreg har også gitt 100 millionar kroner i humanitærhjelp til området.

– Universiteta spelar ei viktig rolle i å utdanna til fred

Samarbeidsprosjektet Gentian Zyberi leier handlar om partnarskap for fred og høgare utdanning.

– Me ynskjer å halda fram det akademiske samarbeidet med Etiopia og kollegaene våre i Mekele etter som me ser det som ein stor verdi  å læra av kvarandre , også med tanke på den nøkkelrolla Etiopia og institusjonane til landet spelar i regionen. Universiteta spelar ei viktig rolle i å utdanna til fred og nettopp derfor kallar me prosjektet “Partnership for Peace: Better Higher Education for Resilient Societies”, skriv han i ein epost til Uniforum.

Når han høyrer at statsminister Erna Solberg skal ha eit telefonmøte med Etiopias statsminister onsdag ettermiddag, er han ikkje i tvil om kva han vil rå Noregs statsminister til å ta opp:

– Det er behovet for å gjenoppretta fred og tryggleik, og skapa vilkår for at både akademiske institusjonar, skular og det normale livet kan koma i gang igjen så snart som mogleg, understrekar han.

Trur Noreg kan hjelpa Etiopia

 Zyberi peikar på at dette er ei oppfordring som kjem frå mange hald, både frå FNs generalsekretær, FNs menneskerettsorgan, internasjonale og regionale organisasjonar, politikarar og akademikarar. 

– Noreg er eit land som har vore med i fredsforhandlingar i mange tiår, og å utforska moglegheitene for å hjelpa Etiopia til å venda tilbake til normaltilstanden, bør vera ein prioritet. Desse forsøka på å skapa fred bør bli fylgde av konkrete steg for å hjelpa dei som den væpna konflikten har fått størst fylgjer for, gjenoppretta orden, hjelpa dei internt fordrivne og forhindra akutt underernæring, i hovudsak hos barn, seier han.

Rår Solberg til å bruka etiopisk fredsfilosofi

Zyberi meiner også Erna Solberg bør ha eit ekstra kort i ermet i samtalane med Etiopias statsminister.

– Då statsminister Abiy tok imot Nobels fredspris, tala han om “medemer” eller å koma saman.  Det er ein viktig etiopisk tradisjon og filosofi om å leva saman i fred. Statsminister Solberg bør nytta seg av dette høvet til å bruka dei etiopiske “medemer”-prinsippa som ein moglegheit og eit ansvar for han til å gjera sitt beste for å få politikarane til å venda tilbake til forhandlingsbordet, soldatane tilbake til forlegningane sine og folket tilbake til heimane sine, er oppfordringa frå menneskerettssenterdirektør  Gentian Zyberi til statsminister Erna Solberg.

– Viktig med akademisk samarbeid og helsesamarbeid

Uniforum har også vore  i kontakt med UiO-rektor Svein Stølen for å høyra kva bodskap han meiner Erna Solberg bør ta med seg inn i møtet med Etiopias statsminister.

– Eg trur ikkje eg skal gi statsministeren råd, men eg er opptatt av at akademisk samarbeid med Etiopia inkludert helsesamarbeid er viktig.Me har mykje  samarbeid t.d. innan kreft, eit stort prosjekt knytt til hepatitt, helseinformasjon er eit anna viktig felt. OsloMet har samarbeid innan opplæring av ambulansepersonell, meiner eg. Dette er viktig uavhengig av den situasjonen me er i akkurat no, svarer han Uniforum i ein epost. 

Svein Stølen peikar på at dette ikkje er eit nytt problem for UiO.

– Me har akademisk samarbeid med forskarar og institusjonar i mange land med konfliktar og utfordrande styresett.Ofte har dette samarbeidet ei lang historie og det er viktig å innsjå at det tar tid å byggja opp slikt samarbeid. Det å sikra dette så langt det let seg gjere innanfor trygge rammer også i vanskelege tider, er dermed viktig.

– Er det noko UiO kan gjera for å verna universitetstilsette og studentar i den situasjonen landet er i?

– Me  må gjera det me kan for å halda kontakt og samarbeid ved like, og vera med å gi merksemd som viser at verdas auge er på.

– Svært viktig og godt akademisk arbeid

– UiO har også tildelt eit æresdoktorat til utdanningsminister Hirut Woldemariam som tidlegare har vore prorektor ved Universitetet i Addis Abeba og samarbeidd nært med språkforskarar på UiO.  Er det noko fare for at æresdoktoratet blir trekt tilbake på grunn av krigshandlingane som regjeringa hennar er involvert i?

– Hirut Woldemariam fekk dette på grunnlag av svært viktig og godt akademisk arbeid i Addis Abeba og hennar tette forskar-til-forskar- band til oss, understrekar rektor Svein Stølen.

– Ustabil nett-tilgang

Uniforum har også vore i kontakt med professor Dan Banik som er forskingsleiar ved Senter for utvikling og miljø. Han skal snart delta i eit Norad-støtta prosjekt saman med etiopiske forskarar.

– Me har enno ikkje begynt prosjektet vårt, då Norad har vore forseinka med kontraktane, opplyser han til Uniforum. Han ser ein del skjer i sjøen på grunn av situasjonen i landet.

– Men me planlegg å begynna etter påska, og er urolege for politisk ustabilitet og ikkje minst ustabil internett-tilgang, fortel Dan Banik.

Det store helseinformasjonsprosjektet (HISP) med søskenparet Jørn og Kristin Braa i brodden, er også på plass i Etiopia. Seniorrådgjevar Marit Egner i Forskingsavdelinga peikar på at dei har ein direkte avtale med det etiopiske helsedepartementet og derfor har ikkje krigshandlingane i Tigray gått utover det prosjektet. Heller ikkje UiO-prosjekt ved Jimma University og Addis Abeba University har merka fylgjene av konflikten, får Uniforum opplyst.

Språksamarbeid med Etiopia

 Eit av dei største samarbeidsprosjekta mellom UiO og Etiopia er det Institutt for lingvistikk og nordiske studium og forskingssenteret MultiLing som har stått bak.I eit land med 89 forskjellige språk, er landet eit paradis for språkforskarar.

Ein av deira samarbeidspartnarar i Etiopia var Hirut Woldemariam som måtte takka for seg då ho blei prorektor ved Addis Abeba Universitet og seinare utnemnt til minister for forsking og høgare utdanning i regjeringa til statsminister Abiy Ahmed.I fjor blei ho utnemnt til æresdoktor ved Universitetet i Oslo. Forskarkollegaen hennar og leiar for MultiLing, Elizabeth Lanza stadfestar at dei ikkje lenger har noko samarbeidsprosjekt med Etiopia.

PÅ BESØK PÅ UiO: I februar 2009 var  Hirut Woldemariam på besøk på UiO. Då var ho assisterande prorektor ved University of Addis Abeba. Seinar blei ho forskings- og høgare utdanningsminister. Her er ho saman med professorkollegaen Elizabeth Lanza. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

 – Men for meg vil Etiopia alltid liggja mitt hjarte nær må eg seia, fortel ho i ein epost til Uniforum.  I januar 2019 var ho siste gong på besøk ved samarbeidsuniversiteta i Mekele og i Addis Abeba.  Då drog ho dit saman med professorkollegaen Unn Røyneland for å fylgja opp det no avslutta Etiopia-prosjektet som avdøde professor Janne Bondi Johannessen stod i spissen for. Dei heldt då gjesteførelesingar både ved Addis Abeba Universitet og Universitetet i Mekele, hovedstaden i Tigray-provinsen. Der møtte dei ein tidlegare stipendiat.

– Fikre Reda som tok doktorgraden hos oss på ILN, er professor ved Universitetet i Mekele no. Me blei utruleg godt tatt vare på og det var ein svært lærerik tur. Det gjer dagens situasjon desto meir trist. Heldigvis har Fikre sendt meg eit par beskjedar når han har vore i Addis for å seia at han har det bra. Han har elles ikkje tilgang til nettet. Eg bør nemna at både Unn og eg forstod at det var mykje spenning i lufta allereie då i forholdet mellom Addis og Tigray, fortel Elizabeth Lanza til Uniforum.  

Det høyrer med til historia at i oktober 2019, kom den tidlegare samarbeidspartnaren professor Hirut Woldemariam på besøk til Universitetet i Oslo for å delta på arrangementet Women & Leadership som MultiLing arrangerte. Då var ho Etiopias minister for forsking og høgare utdanning. Det var to månader før statsminister Abiy Ahmed kom til Oslo for å ta imot Nobels fredspris.

(Kjelder: Uniforum, UiO, NRK, Aftenposten, Store Norske, Wikipedia)

 

Emneord: Etiopia, Internasjonalisering, Forskning Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2021 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere