Innsparingane i Forskingsrådet kan få drastiske fylgjer for UiO

Universitetet i Oslo kan tapa 400 millionar kroner over seks år dersom kutta i den frie prosjektstøtta frå Forskingsrådet blir gjennomførte. Det viser ein prognose avdelingsdirektør Ellen Johanne Caesar nyleg presenterte for Universitetsstyret.    

Fleire personar er samla rundt eit møtebord

DRAMATISK: Det blei teikna dramatiske utsikter for forskinga ved UiO overfor Universitetsstyret, dersom det blir store innsparingar i Forskingsrådet.

Foto: Martin Toft

Styret for Forskingsrådet har vedtatt at det skal gå i dialog med alle forskingsinstitusjonane for å kontraktfesta forskyvingar i prosjekt som allereie er tildelt pengar frå Forskingsrådet. Dette vil vera prosjekt som vert finansierte frå budsjettpostar som har brukt meir enn dei har hatt til disposisjon både i år og dei komande åra. I tillegg har styret vedtatt at det ikkje skal tildelast pengar til nye prosjekt i 2023 innanfor ordninga med fri prosjektstøtte (FRIPRO).

Moglege konsekvensar for UiO:

400 millionar kroner mindre til fri prosjektstøtte over seks år. 

Reduksjon i løyvingane til senter for framifrå forsking.

303 prosjekt er inviterte til å forskyva tidsperioden og fordela pengane over fleire år.

Tap av forskartalent.

(Kjelde: UiO)

 

Fylgjande program i Forskingsrådet vil få inntil 20 prosent kutt i ramma:

Bedrehelse, Behandling, BIA, Bionær, Biotek2021, Energix, Finnut, Globalbærekraft, Globvac, Havbruk, Helsevel, IKTpluss, Klimaforsk, Kvinnehelse, Marinforsk, Miljøforsk, Nano2021,Petromaks2, Polarprog, P-samisk, Samkul, Samrisk-2, Sirkulærøkonomi, Teknokonvergens, VAM

(Kjelder: UIO og Forskingsrådet)

Dessutan skal ramma for tildelingar i juni 2022 reduserast med 20 prosent der det er medfinansiering frå budsjettpostar som ligg an til å bruka meir pengar i 2023 enn det dei eigentleg har til disposisjon, som i økonomispråket blir kalla for negative avsetningar.

UiO taper 400 millionar i fri prosjektstøtte over seks år

På møtet i Universitetsstyret i førre veke presenterte avdelingsdirektør for økonomi- og verksemdsstyring Ellen Johanne Caesar dei moglege konsekvensanse dette vil få for Universitetet i Oslo. Skissa ho kom opp med viser ein prognose for at UiO kan tapa 400 millionar kroner over 6 år, dersom kutta i den frie prosjektstøtta blir gjennomførte. Prognosen for ordninga med senter for framifrå forsking vil til saman få redusert tildelingane med 145 millionar kroner over ti år.  Både når det gjeld FRIPRO og SFF, går 40 prosent av den samla støtta til sektoren til Universitetet i Oslo, opplyste ho.

 KAN TAPA FORSKARTALENT: UiO kan dessutan gå glipp av forskartalent, og det kan få konsekvensar for stipendiatar og vitskaplege tilsette på prosjektmidlar, opplyste direktør for økonomi- og verksemdsstyring, Ellen Johanne Caesar i Universitetsstyret. (Foto:UiO)

303 prosjekt bedne om tidsforskyving

Så langt har 303 prosjekt ved UiO blitt inviterte til å vurdera om dei kan fordela pengane over eit lengre tidsrom, det vil seia at i staden for ei løyving over to år kan den same tildelinga fordelast over til dømes tre år. Samla utgjer desse prosjekta ei løyving på 3,3 milliardar kroner fram til 2028. Rett under halvparten er knytte til fri prosjektstøtte (FRIPRO), gjekk det fram av orienteringa til Ellen Johanne Caesar.

UiO-rektor Svein Stølen understreka under orienteringa at UiO her gir som råd at dersom prosjekt er forseinka, må prosjektleiar som alltid be om utsetjing eller forskyving. Dersom prosjekta derimot går som planlagt, er det ingen grunn til å be om utsetjing, om det ikkje skulle vera ein fordel for forsking som vert utført i prosjektet.

Ellen Johanne Caesar trudde den totale situasjonen vil kunna få store indirekte konsekvensar for UiO også.

Då trekte ho fram at forsking kan bli nedskalert eller ikkje bli gjennomført i det heile tatt. Også deler av springbrettet som Forskingsrådet utgjer overfor EU, kan falla bort for forskarar og forskingsprosjekt. UiO kan dessutan gå glipp av forskartalent, og det kan få konsekvensar for stipendiatar og vitskaplege tilsette på prosjektmidlar. Ho førespegla også at det kan gå utover både administrasjon, IT og bibliotek og forskingsinfrastrukturen på UiO.

– Har skapt tøffe tider

Etter presentasjonen rista UiO-rektor Svein Stølen på hovudet over situasjonen i forskings-Noreg.

– Uansett kva regjeringa Støre har gjort, har det skapt tøffe tider. Korleis er forholdet mellom Noreg og andre land? lurte han på, før han heldt fram.

– Uansett korleis utfallet av dette slår ut, vil det få fylgjer, slo han fast.

Så viste han til eit oppslag i Time Magazine som viste korleis forskarane som utvikla mRNA-vaksinane mot koronaviruset, aldri fekk økonomisk støtte frå sine eigne institusjonar eller løyvande styresmakter til å forska på det temaet. Forskingsfunna var eit direkte resultat av forskarane sitt eige initiativ. Svein Stølen frykta at det er dei unge som no må ta støyten.

– Unge forskarar som har opplevd pandemien, må kanskje sjå mot utlandet. Me kjem til å jobba mykje med dette, lova han.

– I ei meir introvert retning

UiO-rektoren trudde likevel det kunne få fylgjer som dei ikkje ynskjer, men som må til.

– Kanskje UiO må gå i ei meir introvert retning, sjølv om UiO saman med Oslo Science City til no har vore svært utoverretta. Me er i ferd med å svekkja det norske forskingssystemet, som ikkje skjer på den mest elegante måten, konstaterte Svein Stølen.

Han peika på at innsparingane i ordninga med Fri prosjektstøtte (FRIPRO) vil føra til at UiO får 9 i staden for 11 forskingsprosjekt finansierte frå det programmet. Fram til 2028 har UiO kalkulert med inntekter på til saman 3,3 milliardar kroner frå Forskingsrådet.

– Ein god del av desse pengane går til lønn, og det gjer det vanskeleg å fordela desse pengane over tid, understreka Svein Stølen.

– Interimsstyret har ikkje god innsikt i forsking

Etter hans meining er det nødvendig med eit sterkt Forskingsråd som får dei ressursane det treng.

 – Det må ikkje gjerast om til eit direktorat, åtvara han. Men Svein Stølen var open for moglege andre løysingar.

– Det kan bli diskusjon om me skal ha eit eige grunnforskingsråd etter modell av ERC i forskingsprogramma til EU, sa han.

 

VIL FÅ FYLGJER:  – Uansett korleis utfallet av dette slår ut, vil det få fylgjer, slo rektor Svein Stølen fast etter informasjonen om situasjonen for forskings-Noreg etter innsparingar i Forskingsrådet. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

UiO-rektoren meinte det var altfor tidleg å koma med forslag til tematiske forskingssatsingar overfor Forskingsrådet, så lenge det ikkje har eit fast etablert styre.

– Interimsstyret har ikkje, med all respekt, god innsikt i forsking. Og det er ekstremt viktig med grunnleggjande forsking, understreka han.

Svein Stølen trekte også fram at innsparingane i Forskingsrådet fører til at UiO får 400 millionar kroner mindre til fri prosjektstøtte, og i tillegg kjem ein reduksjon på 20 prosent kutt på alle utlysingane til Forskingsrådet.

– Kutt i Fripro vil ramma hardt

HF-dekan Frode Helland var til stades på møtet i Universitetsstyret for å presentera fakultetet, men han fekk også ordet for å fortelja om kva konsekvensar kutta i Forskingsrådet får for fakultetet han leier.

– 113 personar på HF er betalte av midlar frå Forskingsrådet og mesteparten av pengane går til forsking som blir finansiert frå fri prosjektsstøtte. HF har ingen andre store pengeytarar, så eit fullstendig kutt i FRIPRO vil ramma Noreg hardt, og ikkje minst Det humanistiske fakultetet ved UiO, sidan det er det aller største, slo han fast.

 

Finansierer 130 forskingsprosjekt på MN-fakultetet

Også dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet fekk bruka Universitetsstyrets talarstol for å illustrera konsekvensane av kuttet for eitt av dei to fakulteta som mottar aller mest pengar frå Forskingsrådet. Det andre er Det medisinske fakultetet. 

– Me får 400 millionar kroner i året frå Forskingsrådet. Derfor er me den eininga i Noreg som blir råka hardast, fortalde MN-dekanen.

Til saman finansierer desse pengane 130 forskingsprosjekt

– Og Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har 9 av dei 36 nasjonale fagmiljøa som er i finalen for å bli etablerte som nye senter for framifrå forsking, peika ho på.

– Kan tapa kompetanse og ERC-støtte

Solveig Kristensen frykta at dette også kunne gå utover fleire av forskarane på fakultetet.

– 70 fast tilsette forskarar får lønn gjennom ekstern finansiering frå Forskingsrådet. Kontrakten deira går ut i 2022. Det vil føra til tap av kompetanse og ERC-støtte. Dei vil ikkje få fleire finansieringsmoglegheiter i Noreg, trudde ho.

Etter denne runden med informasjon om kva moglege konsekvensar krisa i Forskingsrådet ville få for UiO, tok ekstern representant Kristin Clemet ordet.

– Staten brukar 40 milliardar kroner i året på forsking. Vil dette blei ein varig nedgang i tildelingar til forsking, og så blir det ført vidare derifrå? spurte ho.

– Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet sa at me skal tilbake til det same nivået som før. Dette skal vera eit eingongskutt. Men det har vore uklar kommunikasjon i denne saka, svara rektor Svein Stølen.

– Bra du er så tydeleg

Sjølv fekk han skryt for å ha fått klart fram bodskapen sin frå Ingrid Lossius Falkum, representant for dei faste vitskaplege tilsette.

RART: – Rart å sjå kor lite det blir av denne saka i nasjonale media, syntest Ingrid Lossius Falkum, representant for dei faste vitskaplege tilsette, (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Det er bra at du er så tydeleg i kommunikasjonen din. Rart å sjå kor lite det blir av denne saka i nasjonale media. Det ser ut som om det er lita interesse for saka også blant politikarane, sa ho.

Svein Stølen kvitterte med å seia at han var heilt einig.

– Det blir snakka mykje om utdanning i Noreg og lite om forsking. Difor må me ta opp forsking på alle møte. Tilliten til forsking er høg, trekte han fram.

 – Me har ingen dialog med det nye styret for Forskingsrådet. Det er ein ulykkeleg situasjon, la han til.

Kristin Clemet forsvarte derimot politikarane og kritiserte forskarane.

– Mangelen på interessa for forsking har å gjera med at forskarane ikkje interesserer seg for politikken når dei store gjennombrota kjem, men berre er på bana når det gjeld å få pengar til forsking, meinte ho.

• Les meir om krisa i Forskingsrådet i Uniforum: 

Frykter innsparinger i Forskningsrådet kan få alvorlige følger for norsk forskning

Forskningsrådet ber om frivillig forskyvning av oppstartede prosjekter

50 millioner mer til forsking i forliket om revidert budsjett

Regjeringen gjør tiltak for å løse Forskningsrådets problemer

Forskningsrådets direktør får full tillit av nytt styre 

Forskningsrådet legger opp til 842  millioner kroner i kutt

Hans Petter Graver: – Ganske uvanleg og dramatisk

Regjeringen rydder opp i en alvorlig økonomisk situasjon i Forskningsrådet

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, forskningsrådet Av Martin Toft
Publisert 27. juni 2022 11:24 - Sist endra 28. juni 2022 10:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere