50 millionar meir til forsking i forliket om revidert budsjett

Regjeringspartia Ap og Sp har inngått eit forlik med SV om revidert budsjett. – Resultatet gir meir pengar til forsking med lovnad om meir pengar komande år, sa SVs finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski då forliket blei presentert i Stortinget i dag.

Ei kvinne og to menn står på ein pressekonferanse i Stortinget

FORLIK: I dag presenterte regjeringspartia Ap og Sp og støttepartiet SV eit felles forlik om revidert budsjett. F.v. Kari Elisabeth Kaski (SV), Eigil Knutsen (Ap) og Geir Pollestad (SP). 

Foto: Skjermdump frå NRK

I ei felles pressemelding uttrykkjer dei finanspolitiske talspersonane for regjeringspartia Ap og SP og støttepartiet SV stor glede over resultatet av forliket, sjølv om dei har måtta  både gi og ta for å få avtalen i hamn. Under pressekonferansen i Stortinget i formiddag trekte SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski fram at dei hadde fått gjennomslag også innanfor forsking. 

– Me har fått inn 50 millionar kroner ekstra til forsking som vil gi ytterlegare pengar til forsking framover, sa ho.  I oversynet over tiltaka som dei tre partia har blitt einige om tyder dette på at det er pengar som går til Forskingsrådet. Der heiter det at Forskingsrådet kan bruka løyvingar  til å dekkja forpliktingar til prosjekt med andre formål innanfor Forskingsrådets portefølje.

Ber om at bygginga av Vikingtidsmuseet ikkje vert forseinka

Det er ikkje kome inn ekstra pengar til dekking av dei auka kostnadane ved bygging av nytt Vikingtidsmuseum. Derimot har regjeringspartia og SV blitt einige om at ei mogleg revidering av prosjektet ikkje må føra til at det stansar opp. 

"Partiene viser til at byggingen av Vikingtidsmuseet er avgjørende for å ta vare på noe av vår viktigste kulturarv, vikingskipene. Slik det er i dag så brytes skipene ned og treverket sprekker opp. De kan kun sikres i et nytt bygg. Det er behov for at det utarbeides nye kostnads- og styringsrammer, men partiene mener dette må skje uten at det oppstår unødvendige forsinkelser i prosjektet."

• Les også: No skal byggjekostnadane til Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Ocean Space Centre kan førast vidare

Lovnaden til fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran om Ocean Space Centre står fast. I punkta over det partia er blitt einige om, går det fram at prosjektorganisasjonen til Ocean Space Centre vert ført vidare  i samsvar med vurderinga til fiskeri- og havministeren. 

Leiar for Stortingets finanskomité, Arbeidarpartiets  Eigil Knutsen understrekar at det viktigaste no er å få til ein ansvarleg pengebruk som ikkje fører til auka press på renta. 

– Me veit mange merkar dei auka prisane på mat, drivstoff og straum. For nokre smertar det veldig. Derfor er vår viktigste jobb no å sørgja for ein ansvarleg pengebruk som ikkje bidrar til å auka presset på renta, slik at bustadlåna til folk ikkje blir dyrare enn allereie varsla. Me må prioritera hardare for å halde orden i økonomien. Derfor er det så viktig at me er tre parti som står saman om å redusera skilnadene, trygge arbeidsplassar og sørgja for ei ansvarleg økonomisk styring av landet, seier Eigil Knutsen i pressemeldinga. 

Viktig at avtalen ikkje fører til auka skattar og avgifter

Også finanspolitisk talsperson for Senterpartiet, Geir Pollestad er nøgd: 

– Avtalen mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV sikrar fleirtal for regjeringa si viktige satsing på auka beredskap, forsvar, mattryggleik og gratis ferjer til fleire lokalsamfunn i Noreg. I den økonomiske situasjonen Noreg står i, har det vore viktig for Senterpartiet å landa ein avtale utan å auka skattar og avgifter for folk og næringsliv i Noreg, seier Geir Pollestad i pressemeldinga.

– Me forhindrar ny oljeboring i iskanten

SVs finanspolitiske talsperson, Kari Elisabeth Kaski trekkjer fram den grøne profilen i forliket om revidert budsjett. 

– Denne budsjettsemja tar Noreg i ei meir rettferdig og grønare retning. SV har fått store gjennomslag på miljø, som at me forhindrar ny oljeboring i iskanten i år og aukar støtta til kollektivtransport. Budsjettavtalen gir folk med dårleg økonomi betre råd gjennom auka sosialhjelp og bustøtte til fleire. Og me reverserer ein stor del av bistandskuttet så Noreg stiller opp i krisetid, seier Kari Elisabeth Kaski i pressemeldinga. 

Avtalen blir endeleg vedtatt etter handsaminga av revidert budsjett i Stortinget denne veka. 

Dette er nokre av punkta på til saman 3,6 milliardar kroner som dei tre partia no er blitt einige om: 

  • Utvikling: Aukar utviklingsbudsjettet med 2,5 milliardar, med prioritering for FN-kjernestøtte, menneskerettar og sivilsamfunn.  
  • Sosialhjelp: Sosialstønad vert prisjustert opp med 3,4 % frå 1. juli, opp frå 1,3 %.  
  • Bustøtte: Fleire får bustøtte ved at det mellombelse regelverket vert ført vidare i heile år.  
  • Iskanten: Det blir ikkje boring nær eller i Iskanten sidan tre oljeblokker i Iskanten Ikkje kjem til å verta  lyst ut i neste TFO-runde. 
  • Koronakompensasjon: Regjeringa skal kompensera meirutgifter til pandemien i kommunane og fylka frå 2020 fram til første halvår 2022.  
  • Motorveg: I gjennomgangen av samferdselsprosjekt fram mot 2023 skal regjeringa fremja forslag for å nedskalera store motorvegsprosjekt.
  • Forskning: Forskingsrådet kan bruka løyvingar til å dekkja forpliktingar til prosjekt med andre formål innanfor Forskingsrådets portefølje.  
  • Ocean Space Centre: prosjektorganisasjonen til Ocean Space Centre vert ført vidare i samsvar med vurderinga til fiskeri- og havministeren. 
  • Kollektiv: 500 millionar kroner til kollektivtrafikken for å omstilla og unngå rutekutt i år.  
  • Elbilar: Innfører moms kun på kjøpssummar over 500 000, framfor på heile summen. Konkurransefordelen til elbilar i alle personbilsegment skal oppretthaldast.
  • AAP: Fleirtall for å fjerna karensåret for arbeidsavklaringspengar.

Dette er verbalforslaga regjeringspartia og SV er blitt  einige om:

Dette er tala regjeringspartia og SV er blitt einige om.

• Les meir om revidert budsjett og nytt Vikingtidsmuseum: 

Dei har til no samla inn over 5000 underskrifter for vern av vikingskipa

Slik kan byggingen av nytt Vikingstidsmuseum revideres

No skal byggjekostnadane til Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Ola Borten Moe aksepterer ikke milliardoverskridelser på vikingtidsmuseet

Vikingtidsmuseet kan bli 1 milliard dyrare enn budsjettert

Emneord: Økonomi, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 14. juni 2022 10:08 - Sist endra 14. juni 2022 10:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere