Hans Petter Graver: – Ganske uvanleg og dramatisk

– Om dette hadde skjedd i Ungarn eller Polen, hadde nok både EU og Noreg kome med kritikk av at ein statsråd sparkar styret for Forskingsrådet, seier jussprofessor Hans Petter Graver. – Eg synest den samanlikninga er mildt sagt søkt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

Portrett av ein mann med briller

TETTARE POLITISK STYRING:  – Om Forskingsrådet vert lagt under ei tettare politisk styring  og kontroll, kan det få noko å seia for akademisk fridom meir generelt, seier jussprofessor Hans Petter Graver ved Universitetet i Oslo. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var i går det blei kjent gjennom ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet og eit oppslag i Aftenposten at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe hadde sparka heile styret for Forskingsrådet. 

Medlemane i det nye, mellombels styret for Forskingsrådet:

Styreleiar Kristin Halvorsen, Oslo
Direktør i CICERO, styreleiar i Kronprinsparets Fond, tidlegare finansminister og kunnskapsminister,tidlegare styreleiar i Naturhistorisk Museum og leiar av Bioteknologirådet.

Nestleiar Robert Rastad, Bergen
Universitetsdirektør ved UiB, tidlegare kommunaldirektør i Bergen.

Gunnar Hovland, Trondheim
Konsernsjef i Tine; styremedlem i NHO Mat og Drikke; tidl. direktør i Trondheim kraft og BN Bank.
Linda Nøstbakken, Oslo
Dr. oecon, forskingsdirektør i SSB; tidl. professor og prorektor ved NHH; leiar utval for havbruksnæringa
Britt Elin Steinveg, Tromsø
Seniorrådgjevar ved UiT; tidlegare kommunedirektør i Tromsø kommune, ass. universitetsdirektør ved UiT, adm.dir. og økonomi- og personaldirektør ved Høgskolen i Tromsø, styreleiar i UNINETT AS, medlem av universitets- og høgskulelovutvalet. 

Aktuelt: Det mellombels styret erstattar styret som fekk sparken av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe torsdag 12. mai. 

(Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

Grunngjevinga var den alvorlege økonomiske situasjonen til Forskingsrådet, og det blir vist til at Forskingsrådet ser ut til å gå samla med 275 millionar kroner i minus ved utgangen av 2022.

Eit tilleggsmoment er at dei planlagde utbetalingane frå Forskingsrådet for 2022 og 2023 er langt høgare enn løyvingsnivået på grunn av for høge tildelingar tidlegare år, går det fram av pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet.

I eit innlegg både i Uniforum og i Aftenposten gjer det sparka styret det klart at dei stiller seg fullt og heilt bak økonomistyringa til Forskingsrådet.

No har statsråd Ola Borten Moe utnemnt Cicero-direktør Kristin Halvorsen til leiar for det nye mellombelse styret.

– Dette er ganske uvanleg og dramatisk. Det er reaksjonen jussprofessor Hans Petter Graver ved Univesitetet i Oslo kjem med på måten forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har gått fram på i denne saka.  

– Då tenkjer eg på den faglege sida for oss som jobbar med forvaltning. Me har ingen tradisjon i Noreg med at styringa av forvaltninga vert skifta ut med skiftande politiske prioriteringar, understrekar han.

– Har aldri høyrt om det før

– Eg har aldri høyrt før at departementet har overstyrt eit forvaltningsorgan slik. Når ein vel å organisera eit forvaltningsorgan med eit styre, er det som regel for at den politiske styringa skal vera prinsipiell og langsiktig og konsentrera seg om dei lange linjene, understrekar han.

 – Å skifta ut eit styre er noko som vanlegvis krev at det vert avslørt misleghald eller grov svikt i styrets handsaming av oppgåvene sine, legg han til.

– Oppsiktsvekkjande

 Hans Petter Graver tykkjer det er spesielt at det ikkje hadde skjedd noko spesielt i Forskingsrådet før avgjerda blei tatt. 

– Så når det gjeld forvaltningspraksisen i denne saka, er dette oppsiktsvekkjande, synest Graver.

Men han trekkjer også fram ein annan ting som skil saka ut frå andre saker.

– Saka er også oppsiktsvekkjande utifrå spørsmålet  om akademisk og fagleg fridom. Utskifting av styret er eit signal om at regjeringa ynskjer tettare «hands on»-styring av Forskingsrådet enn det som har vore tilfellet før, er vurderinga til Hans Petter Graver. 

– Tettare styring og auka politisering

– No ser det ut som det blir tettare styring og auka politisering av finansieringa og måten Forskingsrådet skal styrast på. Det er viktig å ha eit prinsipielt synspunkt på det som handlar om politisk styring av forsking, minner han om.

Og han tenkjer at det  er relevant å samanlikna statsrådens sparking av styret for Forskingsrådet med ting som skjer i andre land.

– Om dette hadde skjedd i Ungarn eller Polen, hadde nok både EU og Noreg kome med kritikk av at ein statsråd sparkar styret for Forskingsrådet ut frå det som kan sjåast som usemje om politikken som vert ført. Når det skjer i Noreg, har me likevel så stor tillit til at tettare politisk styring ikkje fører til problem, konstaterer han.

– Kan få noko å seia for akademisk fridom

Hans Petter Graver er likevel uroleg.

– Reint prinsipielt er det eit problem sidan Forskingsrådet er så tett på finansiering av forsking som det er, slår han fast.

 – Om Forskingsrådet vert lagt under ei tettare politisk styring  og kontroll, kan det få noko å seia for akademisk fridom meir generelt, seier Hans Petter Graver.

– Overraskande

Dekan Anne Julie Semb ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet på UiO vedgår også at avgjerda om å kasta styret for Forskingsrådet kom uventa på  henne.

UVISSE: – Hendinga kom overraskande og har naturlegvis skapt stor uvisse i sektoren, seier SV-dekan Anne Julie Semb om sparkinga av styret for Forskingsrådet. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Hendinga kom overraskande og har naturlegvis skapt stor uvisse i sektoren. Eg reknar med at det vil koma meir informasjon om bakgrunnen for at statsråden valde å gjera noko så drastisk kort tid etter at Riksrevisjonen leverte ein rapport utan merknader, seier Anne Julie Semb til Uniforum.

– Skal ikkje brukast pengar som ein ikkje har fått tildelt

Biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved Universitetet i Oslo er meir rysta over forskingspolitikken som forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe har ført så langt, enn av sparkinga av styret for Forskingsrådet.

– Forskinga må ha finansiering over lang tid, medan statsbudsjettet blir laga for eitt år om gongen.  Men det ligg svært ofte antydingar og tildelingar. Det har vore vanleg praksis at ein får tildeling under føresetnad av at posten kjem med i statsbudsjettet. Men heilt klart skal det ikkje brukast pengar frå statsbudsjettet som ein ikkje har fått tildelt, formanar han. 

– Vil vera vanskeleg å retta opp

Nils Chr. Stenseth synest forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe styrer forskinga i feil retning.

– Den norske statsråden ser ut til å byggja ned den langsiktige kunnskapsbaserte sektoren som Universitetet i Oslo og andre universitet har bygd opp. Han har gitt signal om at han vil nedprioritera  FriPro-ordninga (Fri prosjektstøtte). Eg veit ikkje om han også vil ordninga med senter for framifrå forsking (SFF) til livs. Om han vil øydeleggja den ordninga ved universiteta, vil det vera vanskeleg å retta den opp seinare, meiner Stenseth.

– Søkjer seg jobb andre stader

 Biologiprofessoren er også kritisk til ei endring av tidspunkt for kunngjeringar av tildelingar til forskingsprosjekt.

 – Fram til no har me fått vita kva tildelingar me får, før sommarferien. No må me venta heilt til godt ut på hausten.  Det fører til at mellombels vitskaplege forskarar ikkje veit om dei kan arbeida som forskarar året etter. Konsekvensen blir at dei søkjer seg jobbar andre stader, og dermed mister med desse yngre forskarane, seier Stenseth.  

– Fattar ikkje at Ap går med på dette

Etter hans meining er det som skjer no, ei sakte nedbygging av grunnleggjande forsking i Noreg.

– Og det går hardast utover universiteta som driv med grunnforsking eller grunnleggjande forsking. Det er den forskinga som også den bruksretta forskinga er heilt avhengig av. No veit eg ikkje korleis Senterpartiet ser på  grunnforsking, men eg fattar ikkje at regjeringspartnaren Arbeidarpartiet går med på dette, seier ein sjokkert Stenseth.

Sjølv har han ikkje like sterke synspunkt på kastinga av styret for Forskingsrådet, men han finn det svært underleg. Han har stor sans for den nye styreleiaren, Kristin Halvorsen.

– Eg heiar enormt på henne, for eg er sikker på at ho kjem til å gjera ein veldig god figur. For kvar gong ho tar ordet som Cicero-direktør, understrekar ho at ho ikkje er forskar, men leier eit forskingsinstitutt, og at ho har eit forskarteam ho er avhengig av, når ho uttaler seg om faglege spørsmål, fortel han. 

FATTAR IKKJE: – No veit eg ikkje korleis Senterpartiet ser på  grunnforsking, men eg fattar ikkje at regjeringspartnaren Arbeidarpartiet går med på dette, seier ein sjokkert biologiprofessor Nils Chr. Stenseth ved Universitetet i Oslo. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

– Byggjer ned den grunnleggjande forskinga

Ola Borten Moe får altså ikkje det same skussmålet frå Stenseth.

– Han byggjer ned den grunnleggjande forskinga først og fremst på universiteta. Og eg tvilar på at han ville gitt eit stipend til Abelprisvinnaren John Tate frå nokre år tilbake. Han har laga mange matematiske formlar som det ikkje er så lett for vanlege folk å forstå. Då eg fekk forklart skeptiske politikarar at det var eit forskingsfunn John Tate gjorde 50 år tidlegare, som gjorde det mogleg for dei å ta ut pengar frå minibanken, forstod dei kor viktige funn han hadde gjort, fortel han. 

– Opptatt av kortsiktig nytte av forsking og av desentralisert utdanning

Heller ikkje instituttleiar Einar Uggerud ved Kjemisk institutt tykkjer Ola Borten Moe har gjort eit sjakktrekk ved å sparka styret for Forskingsrådet.

– Skal dette styret vera interimt eller permanent? Det er det vanskeleg å forstå så langt, seier han til Uniforum.

Einar Uggerud  er ikkje i tvil om kva han tykkjer om forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

– Inntrykket eg har fått av Ola Borten Moe er at han er meir opptatt av kortsiktig nytte av forsking og desentralisert utdanning enn av grunnleggjande forsking, seier han.

 Einar Uggerud trur han veit formålet til statsråden med å sparka styret.

– Oppgåva til Forskingsrådet er delt i to: Det skal forvalta forskingspengar på vegner av regjeringa og det skal vera eit rådgjevande organ for regjeringa i forskingsspørsmål. No ser det ut som han har lagt størst vekt på den første delen av denne oppgåva,  seier Einar Uggerud til Uniforum.

– Heilt nødvendig

Sidan tidleg i går har forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe opplevd hardt verbalt skyts etter at han gav styret for Forskingsrådet sparken. Overfor Uniforum forsvarar han den avgjerda.

 

VERKEN STØRRE ELLER MINDRE: – No har me eit mindre styre i ein kort periode og avstanden mellom departementet og det nye styret er verken mindre eller større enn til det førre, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Dette var ei heilt nødvendig endring, Forskingsrådet har store økonomiske problem. Me har ikkje sett inn nytt styre for å endra forskingspolitikken, men for å få kontroll på ein alvorleg økonomisk situasjon i Forskingsrådet. Dette er eit mindre, mellombels styre som er oppnemnt ut året. Me trong eit styre med ein annan kompetanse for å ta tak i dei økonomiske problema Forskingsrådet no står i. 

– Er det ikkje viktig med ein viss avstand mellom eit departement og eit styre departementet har oppnemnt, for å styra eit forvaltningsorgan?

– Jo, og det er me heilt einige i. No har me eit mindre styre i ein kort periode, og avstanden mellom departementet og det nye styret er verken mindre eller større enn til det førre. Forskingsrådet har i fleire år mottatt i underkant av 11 milliardar kroner i årlege løyvingar, og det gjer dei også i dette budsjettet.

– Skal ha både grunnforsking og bruksretta forsking

– Nokre UiO-forskarar hevdar at du mest opptatt av bruksretta/anvendt forsking og desentralisert utdanning, og ikkje av grunnforskinga ved universiteta. Kva tykkjer du om det synspunktet?

– Dette har ikkje noko med den saka me står oppe i no, å gjera. Me skal sjølvsagt ha både grunnforsking, bruksretta forsking (anvendt forsking) og desentraliserte utdanningar. No brukar me 42 milliardar kroner i året på universiteta og høgskulane, og her har institusjonane stor fridom til sjølve å prioritera korleis dei brukar pengane sine.

– Eit hav av forskjell

– Det blir hevda at dersom ein statsråd i Ungarn eller Polen hadde kasta styret for sitt forskingsråd, ville både EU og Noreg ha kasta seg på bana for å kritisera den avgjerda, men at me i Noreg har tillit til at politisk styring likevel ikkje vil skapa store problem. Kva tykkjer du om det synspunktet?

– Eg synest denne samanlikninga er mildt sagt søkt og at den tyder på ei manglende forståing av Forskingsrådets utfordringar. Det er eit hav av forskjell på angrep på den akademiske fridomen og på å rydda opp i økonomiske problem.

– Kompetanse styret no treng

– Kvifor valde du Kristin Halvorsen til å leia det mellombels nye styret for Forskingsrådet?

– Det meiner eg det er helt openberre, gode grunnar for. Ho har lang fartstid som både finansminister og kunnskapsminister, og ho er no direktør for eit forskingsinstitutt. Det er kompetanse styret no treng, for å finna vegen ut av dei økonomiske problema, er forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe heilt overtydd om.

• Les også:

Styret står helt og fullt bak Forskningsrådets økonomistyring

 Regjeringen rydder opp i en alvorlig økonomisk situasjon i Forskningsrådet

.

 

Emneord: Forskningspolitikk, forskningsrådet, kunnskapsdepartementet Av Martin Toft
Publisert 13. mai 2022 19:32 - Sist endra 1. juni 2022 13:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere