Jusprofessor åtvara mot rettsleggjeringa av forskingsetikken

– Om forskingsetikken blir rettsleggjort, er det til hinder for at me får diskutert forskingsetikken ordentleg. Det sa jusprofessor Ole Andreas  Rognstad ved UiO i ein debatt i Vitskapsakademiet i går.

Ein mann med briller står og snakkar og viftar med handa framfor seg

SANKSJONAR: – Det vil vera betre å skildra kva handlingar som vil gi ulike sanksjonar for den det gjeld, understreka jusprofessor Ole Andreas Rongstad på eit møte om forskingsetikk i Vitskapsakademiet.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var ein stor bukett med aktørar som har engasjert seg  i forskingsetiske spørsmål som var samla på møtet i storstova i Vitskapsakademiet måndag ettermiddag. Faren for å rettsleggjera forskingsetikken var det jussprofessor Ole Andreas Rognstad ved Institutt for privatrett på UiO først greip tak i.  Han viste til ulike tilfelle av former for plagiat som forskarar var blitt skulda for å stå bak. 

– Dette er langt frå glasklart. Skal me då vurdera om forskaren har gjort eit grovt, uaktsamt plagiat og bør mista jobben på grunn av det? Då må me i tilfelle bruka termen grov uaktsemd. Oppfatninga mi er at det er uheldig å bruka juridiske normer på forskingsetikk. Der er det best å bruka etiske normer, slo han fast.

– Saka blir spissa opp

Samtidig tykte han det er viktig at det også fins ei ordning som kan ta vare på rettane til den som blir skulda for forskingsfusk som til dømes plagiat.

 – Det er ei stor bør for den det gjeld, men me må ha eit system som sikrar interessene.  Saka blir spissa opp om advokatar straks kjem inn på bana, trudde han.

Derfor meinte han at det var på sin plass for institusjonane å ha på plass informasjon om kva ein forskar risikerer om vedkomande bryt forskingsetiske normer. 

– Det vil vera betre å skildra kva handlingar som vil gi ulike sanksjonar for den det gjeld, understreka han. 

– Her er det ein diskrepans(mangel på samsvar)  mellom forskingsetiske og juridiske omgrep. Om forskingsetikken blir rettsleggjort, er det til hinder for at me får diskutert forskingsetikken ordentleg, frykta Ole Andreas Rognstad.

Jussprofessoren trekte også fram at grensa mellom  det som kan kallast for forskingsfusk, fabrikkering og plagiat (FFP) og diskutabel forskingspraksis ikkje alltid er like klar. 

– Me må finna gode løysingar på det, men me har det ikkje heilt på plass enno, sa han.  

– Må ha nokon til å forsvara seg

Leiar i Felles redelighetsutvalg for Det medisinske fakultetet, UiO, OUS og Ahus, medisinprofessor emeritus, Ole M. Sejersted var einig med Ole Andreas Rognstad i at den som blir skulda for forskingsfusk også treng assistanse. 

VIL HA KURS I FORSKINGETIKK: Professor emeritus Ole M. Sejersted foreslo at UiO måtte innføra krav om obligatorisk kurs i forskingsetikk for dei som skal bli fast vitskaplege tilsette, på same måte som det i dag er eit krav om eit obligatorisk kurs i universitetspedagogikk. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Dei må ha nokon til å forsvara seg. Forskarforbundet prøvde seg ein gong i ei sak hos oss, men det var ikkje vellykka.  Legeforeininga klarte seg derimot betre. Slike saker må fylgjast opp via personalansvarlege. Nokre skuldingar kan også vera falske, meinte han det var viktig å hugsa på.  Sejersted kom også me ei klar oppfordring til Universitetet i Oslo.

– For å få fast vitskapleg stilling må du ta eit kurs i universitetspedagogikk. Eg meiner det er viktig at det også blir innført eit obligatorisk kurs i forskingsetikk, føreslo han.

– Sviktande samarbeid gir sviktande etikk

Leiaren for Forskingsetisk utval ved UiO, Bjørn Ramberg meinte erfaringa deira var at det var  ein bestemt gjengangar når det var konflikt rundt forskingsetikk på UiO.

– Det handlar om forfattarskap. Sviktande samarbeid gir sviktande etikk. Og då er ofte mellombels vitskaplege tilsette svært utsette, sa han.

Ramberg hadde også grunn til å tru at i mange tilfelle var forskingsetikk ein knagg som blir brukt når det eigentleg handlar om personalforhold. Rådet hans til forskarar som er skal i gang med eit prosjekt i samarbeid med andre forskarar er å fylgja intensjonane i  internasjonale avtalar om forskingsetikk.

 – Skriv ein avtale  med klar rollefordeling og ansvar slik at de kjem fram til ei felles forståing. Og så må avtalen reforhandlast, understreka han.  

Tverrfagleg forsking kan føra til utfordringar

Vitskapsombod Knut Ruyter på UiO viste korleis tverrfagleg forsking har auka behovet for avtalar som kan hindra forskingsetiske konfliktar.  Som døme på korleis det blir stadig fleire slike forskingsprosjekt på tvers av fag, fakultet, universitet og land, peika han på statistikken til Forskingsrådet. Mellom 2014 og 2019 gav det støtte til 1775 ulke prosjekt, og 40 prosent av dei var tverrfaglege.

 – Det kan føra til utfordringar når det gjeld forskingsetiske problem, forfattarskap, publisering, opplæring  og tilgang til data, sa han.

Knut Ruyter peika på at det i dei tilfella der det oppstår konfliktar vil Felles etisk utval og Vitskapsombodet bli oppfatta som representant for institusjonen. 

RISIKO::  – Når eg får varsel frå yngre forskarar, må eg seia til dei at det alltid er ein risiko ved det. Dei kan oppleva at gjengjeldinga kan koma frå makt, sa vitskapsombod Knut Ruyter ved UiO. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det finst nokre internasjonale etiske retningslinjer som til dømes Montreal-erklæringa. Der står det noko om at det må til ei rask løysing på konfliktar mellom institusjonar, men det står ingenting om korleis det skal gjerast. Likevel går det stort sett bra, hadde han registrert.  

Men Knut Ruyter etterlyste fleire internasjonale avtalar om forskingsetiske prinsipp.

– Det er behov for klare avtalar som kan avklara roller og korleis monitorering skal gjennomførast. Der må også spørsmål om forfattarskap og datadeling avklarast. Og dessutan korleis konfliktar og misforståingar skal unngåast. Det kan også bli avklart kva som skal gjerast ved moglege brot på forskingsetiske normer, trudde han. 

Knut Ruyter brukte også UiO som eit døme på kor langt det var kome i arbeidet med forskingsintegritet. 

– UiO har fått vedtatt standard om forskingsintegritet, men framleis manglar det ein mal, konstaterte han.

– Var ikkje førebudd på kjenslene

Teologidekan Aud Tønnessen fortalde om eigne erfaringar frå den gongen det kom opp skuldingar om forskingsfusk mot ein som ho hadde personalansvar for på fakultetet.  

– Heldigvis ordna det seg slik at den som skulda den andre for forskingsfusk blei med som medforfattar på den ferdige artikkelen. Eg var ikkje førebudd på kjenslene og at sinnet skulle rettast mot meg. Eg trudde at med UiOs retningslinjer skulle alt dette gå greit, fortalde ho. Aud Tønnessen fann fort ut at ho hadde tatt feil. 

HONNØR: - Eg vil gi honnør for det arbeidet forskingsrådgjevarane og juristane i UiOs administrasjon gjorde, sa teologidekan Aud Tønnessen. 

 

– Ein advokat blei involvert. Rettsleggjeringa  av konflikten førte til at den blei trappa opp. Kommunikasjonen mellom meg og partane blei annleis. Rettsleggjeringa gjorde at det tok lenger tid, minnest ho. 

Teologidekanen er difor glad for at ho tok kontakt med UiOs juristar på det området.

 – Dei kunne visa til komparative døme. Eg vil gi honnør for det arbeidet forskingsrådgjevarane og juristane i UiOs administrasjon gjorde, sa Tønnessen.

– Forskingsbasert kunnskap er truga 

Mari Elken er forskar ved NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning), og med i Akademiet for yngre forskarar.  For henne er det viktig å få diskutert forskingsetikk.

– Den diskusjonen må få mykje større plass. Pandemien har vist oss kor viktig forskinga er, samtidig som nokre land gjerne vil stoppa forskinga. Forskingsbasert kunnskap er truga, men svært viktig. I Noreg har ni av ti personar svært høg tillit til forsking, men det vil seia at det likevel er nokre hundre tusen som ikkje har den tilliten, peika ho på. 

VANSKELEG: – Det er vanskeleg å varsla dersom me ikkje er sikre på dei forskingsetiske reglane. Derfor er det viktig at institusjonane har fagleg dialog om forskingsetikken, var oppfordringa frå NIFU-forskar Mari Elken som representerte Akademiet for yngre forskarar. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Også ho kom inn på rettsleggjeringa av etikken.

– Alle me unge veit at forskingsfusk, fabrikkering og plagiat (FFP) er brot på forskingsetikk.  Også for oss er diskutabel forskingspraksis utfordrande. Dette er eit vanskeleg landskap å navigera i for yngre forskarar. For kvar er grensa mellom inkludering og medforfattarskap? spurte ho. 

– Samarbeid er viktig og derfor er det viktig med felles retningslinjer og normer, la ho til. 

Ber institusjonane om å ha fagleg dialog om forskingsetikk

Så kom ho inn på eit problem dei yngre  forskarane har.

– Den forskingsetiske infrastrukturen er lite kjent blant yngre forskarar. Det er vanskeleg å varsla dersom me ikkje er sikre på dei forskingsetiske reglane. Derfor er det viktig at institusjonane har fagleg dialog om forskingsetikken. Det er institusjonen sitt ansvar å leggja til rette for dette, var ho overtydd om. Og jussen er alt komen inn i forskingsetikken. 

– Ja, det er allereie mykje rettsleggjering av forskingsetikken. For forsking er under press. Og for dei som sit i mellombels vitskaplege stillingar er det eit ekstra press. Og når forsking skal gå føre seg med aktørar også utanfor akademia, kan det føra til fleire konfliktar og sensur av forsking, frykta ho.

– Alle som eg kjenner veit om tilfelle der det har vore diskusjon om medforfattarskap, la ho til.

PANELET:  Møtet om forskingsetikk blei avslutta med ein paneldebatt leia av tidlegare preses for Vitskapsakademiet, Kirsti Strøm Bull (lengst til venstre). Deretter fylgjer Mari Elken, Aud Tønnessen, Ole M. Sejersted, Ole Andreas Rognstad og Knut Ruyter. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Gjengjeldinga kan koma frå makta

Vitskapsombod Knut Ruyter tykte Mari Elken kom med svært viktige skildringar av korleis situasjonen er for yngre forskarar.  

– Det er ofte usemje om forskingsetikk mellom yngre og eldre forskarar, var røynsla hans.  Men å varsla om mogleg brot på forskingsetikk er ikkje alltid like enkelt.

 – Når eg får varsel frå yngre forskarar, må eg seia til dei at det alltid er ein risiko ved det. Dei kan oppleva at gjengjeldinga kan koma frå makta. Universitetet i Oslo treng difor opplæring i forskingsetikk og i haldningar for tilsette,  ja også for seniortilsette, var rådet frå vitskapsombodet Knut Ruyter.

• Les meir om forskingsetikk i Uniforum:

– Forskningetikk er ikke bare et hinder som skal forseres

Ikke risikofritt å starte sak gjennom vitenskapsombudet

– Etter 40 år i gamet har jeg sett litt av hvert

UiO-forsker fabrikkerte forskningsdata

Forskere sier de ikke får etikkopplæring

Emneord: Forskingsetikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. nov. 2021 17:35 - Sist endra 24. nov. 2021 10:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere