Forskingsrådet vil at formidling skal telja endå meir ved tilsetjingar
– Me er nøgde om nedgangen i formidling på norsk flatar ut og institusjonane byrjar ta nedgangen på alvor. Det sa statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet under Språkdagen 2021 i dag.

FORMIDLING: – No vil me at forskarane sin evne til å formidla og skaffa eksterne midlar også skal telja i tillegg til publisering når det skal tilsetjast nokon som professor, sa områdedirektør Kristin Danielsen i Forskingsrådet på Språkdagen 2021 i dag. (Foto: Ola Gamst Sæther)
Det var diskusjonen rundt den aukande bruken av engelsk som hovudspråk på mange fagområde på norske universitet og høgskular, som var tema for ein av debattane under Språkdagen i Det Norske Teatret i formiddag.
Arrangøren Språkrådet hadde invitert både professor Mariel Aguilar-Støen frå Senter for utvikling og miljø på UiO, statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet, styreleiar i Universitets- og høgskulerådet Sunniva Whittaker og områdedirektør for internasjonalisering og forskingssystemet Kristin Danielsen i Forskingsrådet til eit ordskifte om spørsmålet. Debattleiar var Espen Aas som til dagleg er programleiar for Dagsnytt Atten i NRK.
– Me har ein “challenge” som er relativt “big”
Først etterlyste han eit klart svar frå statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel om kva det tyder å ta vare på og vedlikehalda det norske fagspråket.
– Norsk skal ikkje berre brukast, men også styrkjast som undervisnings- og forskingsspråk på alle fagområda, slo han fast.
– Er me der no? lurte Espen Aas på.
– Me har ein “challenge” som er relativt “big”, spøkte Løkensgard Hoel.
– Det har gått feil veg relativt fort. Det viser granskingar som Diku og Språkrådet har gjort og ein del anna forskingsarbeidet som er gjort. Det er alvorstungt det som me må ta tak i no, for å unngå at det skjer relativt raskt at det blir eit domenetap for norsk på eit område der språket har stått ganske sterkt, konstaterte han.

Løkensgard Hoel lova at dei skulle bli endå strengare overfor universitet og høgskular på dette området.
– Det er me nøydde til å vera, og med respekt for den førre regjeringa, så kan eg seia at dei var på gang med å gjera det gjennom dei siste åra. Det er klart bruk for eit forsterka arbeid også frå departementet si side for å fortelja endå tydelegare kor viktig det er at dette blir prioritert både i undervisnings- og forskingsmiljøa på universiteta og høgskulane, sa han.
Bør lønna seg å bruka norsk fagspråk
Løkensgard Hoel var også einig i at det bør lønna seg å bruka norsk fagspråk.
– Ja, det bør det. No er me i gang med å sjå over katalogen om kva me har å rå med. Ynsket vårt er å koma lengst mogleg med tydeleg forventingsstyring, og det finst også insentivgulerøter og det finst også noko på pisk, understreka han. Men i første omgang lova han å dra fram den vesle verktøykassa.
– Seinare kan det koma på tale å dra fram nøkkelkortet for å opna den store verktøykassa, varsla han.
Trekte fram insektbok som suksess på norsk
Ordstyrar Espen Aas sende utfordringa vidare til styreleiar Sunniva Whittaker i Universitets- og høgskulerådet.
– Me må leggja til rette for samarbeid mellom institusjonane. Fagpersonane må laga fagterminologi på norsk saman med terminologar, som det finst svært få av i Noreg, føreslo ho.

Whittaker skrytte over at regjeringa har løfta fram denne diskusjonen.
– Me har bede institusjonane om at dei også løftar fram dette, sa ho.
Så viste ho til korleis insektforskaren Anne Sverdrup-Thygeson på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) skreiv ei bok på norsk om insekt som både blei ein stor suksess i Noreg og blei omsett til mange andre språk.
– Det viser at det ikkje er ei motsetning mellom å formidla godt på norsk og samtidig vera ein god fagperson, trekte ho fram.
– Må ta eigarskapen til norsk fagspråk alvorleg
UiO-professor Mariel Aguilar-Støen meinte også at det var naudsynt for vitskaplege tilsette å få betre ordningar for å formidla på norsk.
– Ja, det treng me for å unngå at det blir berre ein fritidsaktivitet for eldsjeler, var ho overtydd om.

Aguilar-Støen etterlyste også meir ressursar for å få utvikla norsk som fagspråk.
– Og så må institusjonane ta alvorleg eigarskapen sin til norsk fagspråk. Det er eit leiaransvar. Men det er også viktig å driva arbeid for å gjera kollegaer medvitne om dette, syntest ho.
Espen Aas ville vita om kvifor dette ikkje ligg lengst framme i pannebrasken til forskarane.
– I min sektor har det blitt drive ein svært vellykka internasjonaliseringspolitikk. Det har gjort akademia i Noreg mykje betre. Mange ser på språkpolitikk og internasjonalisering som to forskjellige område. Derfor blir det ei fråkopling mellom dei. Eg meiner at dei begge må kunne sjåast på som ein del av det same målområdet, sa Aguilar-Støen.
– Eit verdsmeisterskap
I debatten varsla også områdedirektør Kristin Danielsen i Forskingsrådet om nye haldningar og strategiar når det gjeld norsk som fagspråk. Men først gjorde ho ein ting heilt klart.
– Forsking er ikkje eit noregsmeisterskap, men eit verdsmeisterskap. Forskingsfronten bevegar seg, og derfor må forskarane ha eit felles språk. Også forskarar i Kina må skriva på engelsk. Og sidan Noreg er eit lite land, må me henta mange forskarar frå andre land til å vurdera søknader frå norske forskarar. Slik unngår me at dei kjenner kvarandre, forklarte ho det med.
Kristin Danielsen understreka at for Forskingsrådet er også formidling på norsk noko dei legg vekt på.
– Det er viktig å driva med formidling og kommunikasjon av forsking på norsk i Noreg. Forsking og ny kunnskap skal takast i bruk, og då er det viktig at det blir formidla på norsk, understreka ho.
Områdedirektøren er likevel ikkje heilt nøgd.
– Me skal prioritera det endå høgare, lova ho. Så viste ho til oppfyllinga av FNs berekraftmål i Agenda 2030.
– Ikkje minst er det viktig for å få oppfylt måla i Agenda 2030. Då må forskarane kommunisera med kvarandre på tvers av fag. I dag har me samandrag på norsk av alle forskingsprosjekta me støttar, sa ho.
– No vil me at forskarane sin evne til å formidla og skaffa eksterne midlar også skal telja i tillegg til publisering når det skal tilsetjast nokon som professor, la Kristin Danielsen til.
Og Sunniva Whittaker meinte formidling på norsk var viktig også av ein annan grunn.
– Då forstår skattebetalarane betre kva pengane til forsking blir brukte til og kva resultata blir, understreka ho.

– Har eit handikapp
For Mariel Aguilar-Støen var det også eit anna viktig poeng.
– Dei som har norsk som morsmål, har eit handikapp i høve til dei som har engelsk som morsmål om alle oppgåver skal leverast inn på engelsk. Dei bør derfor få skriva oppgåvene sine på norsk. Og dei aller fleste av studentane våre skal ut i arbeidslivet utanfor universitetet etter studia. Om me ikkje kan kommunisera med dei me skal samarbeida med, får me eit problem med å driva etter- og vidareutdanning, åtvara ho.
Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet gjorde ein ting heilt klart.
– Me er nøgde om nedgangen i formidling på norsk flatar ut og at institusjonane tar det på alvor, var bodskapen hans.
• Les meir om språkpolitikk i Uniforum:
Språkrådet ber Oslo Science City om å skaffa seg eit norsk namn
Ocean Space Centre får tommelen ned fra Språkrådet
Språkdirektør Åse Wetås: Risikerer at norsk blir et kjøkkenbordspråk
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere