LEIAR: Ei ny regjering må fjerna ABE-reforma

Det einaste ABE-reforma har tent til, er å visa at den avtrappande regjeringa ikkje har hatt tillit til dei som jobbar i det offentlege.

Ein mann med slips står og talar frå ein talarstol.

TILLITSREFORM: Den nye regjeringa  bør straks koma med ei tillitsreform overfor offentleg sektor. Det kan vera til stor hjelp for å få motivasjonen tilbake hos slitne offentlege tilsette, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft. På biletet står Noregs truleg neste statsminister Jonas Gahr Støre på talarstolen i Eilert Sundts hus på SV-fakultetet. (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

I mai 2020 kritiserte Uniforum regjeringas avbyråkratiserings- og efffektiviseringsreform (ABE-reforma) og ostehøvelkutta i dei offentlege budsjetta som har kome som ein fylgje av dette. Målet med reforma då den blei innført av Solberg-regjeringa i 2014, var å få vekk alt unødvendig byråkrati og sikra at statlege verksemder skulle omstilla seg til meir effektiv drift. Etter regjeringas oppfatning ville ein fornuftig måte å gjera det på, vera å kutta talet på administrative stillingar i dei statlege verksemdene, som om alle som jobbar der er byråkratar.  

Til no har ABE-reforma ført til at alle offentlege verksemder har fått eit flatt kutt på  mellom 0,5 og 0,8 prosent i budsjetta sine. Fram til mai 2020 hadde det ført til nedskjeringar i universitetets- og høgskulesektoren på 1,2 milliardar kroner, ifylgje Universitets- og høgskulerådet. Det vil seia rundt 200 millionar kroner i  året.

 

Kort sagt er ABE-reforma blitt ris til eigen bak

ABE-reforma har også gått ut over andre statlege verksemder, som sjukehus, NAV, barnevern, fengsel, politiet og departementa. Kort sagt er ABE-reforma blitt ris til eigen bak, sidan me alle er avhengige av desse offentlege tenestene.

For nøyaktig eitt år sidan la eit utval i Arbeidarpartiet fram ein ny strategi for utdanning, forsking og kompetanse på Universitetet i Oslo. Då lova utdanningspolitisk talsperson Nina Sandberg i stortingsgruppa til Arbeidarpartiet at noko av det første ei mogleg raud-grøn regjering skulle gripa tak i, var sakte, men sikkert å fjerna ABE-reforma.

– Me kan allereie no røpa at Arbeidarpartiet går inn for å halvera ABE-kutta i vårt alternative statsbudsjett for 2021, fortalde ho.

Sidan den gongen har Nina Sandberg fått jobben som ny generalsekretær i Universitets- og høgskulerådet. Dermed er det stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg som no er den mest profilerte utdannings- og forskingspolitikaren til Arbeidarpartiet. I eit intervju med Forskerforum rett etter stortingsvalet gjorde også han det klart at det vil bli kutt i ABE-reforma utan at den blir kutta heilt ut i første omgang. – Jo større kuttet er, jo vanskelegare er det å gjøre noko med det, sa han.

Senterpartiets Marit Knutsdotter Strand kunne heller ikkje lova at dei ville få det til i det komande budsjettet. Samtidig lova Raudts Sofie Marhaug bråk i Stortinget, om ikkje dei komande regjeringspartia ville gjera noko med det.  Då tenkte ho på Ap, Sp og SV.

I den regjeringserklæringa bør det stå klart og tydeleg at ABE-reforma skal kastast på skraphaugen

SV har sidan den gongen trekt seg frå sonderingane om å danna ei ny regjering med Arbeidarpartiet og Senterpartiet. No har regjeringsforhandlingane mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet starta opp. Håpet er at dei skal klara å bli einige om ein felles regjeringserklæring før dagens regjering legg fram forslaget til statsbudsjett for 2022.

I den regjeringserklæringa bør det stå klart og tydeleg at ABE-reforma skal kastast på skraphaugen. Det vil vera ein fin gest overfor innsatsen til alle offentlege tilsette i Noreg, samtidig som det vil vera ein heller rimeleg måte å styrkja budsjetta til dei offentlege institusjonane over heile landet på. Dei kan godt gå inn for å redusera prosenten med ABE-kutt til halvparten av dagens nivå i 2022-budsjettet og ta resten i 2023-budsjettet. Det vil visa at Arbeidarpartiet meiner alvor når dei seier at dei vil kutta ABE-reforma. Samtidig kan Senterpartiet demonstrera at orda om å vera ei regjering for heile landet, ikkje er tomme, men inneber faktisk ei styrking av dei offentlege budsjetta.

Ein fin start å begynna er altså å kutta ut den utskjelte ABE-reforma. Det einaste den har tent til, er å visa at den avtrappande regjeringa ikkje har hatt tillit til dei som jobbar i det offentlege. Derfor bør den nye regjeringa straks koma med ei tillitsreform overfor offentleg sektor. Det kan vera til stor hjelp for å få motivasjonen tilbake hos slitne offentlege tilsette.

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 5. okt. 2021 04:30 - Sist endra 5. okt. 2021 08:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere