Han ber om ein redningsaksjon for akademia i Afghanistan

– Norske universitetsrektorar må koma saman for å laga ein felles plan for å redda det som er igjen av akademia i Afghanistan. Det seier afghanaren og vitskapleg assistent Zahir Athari på MultiLing på UiO. Han får støtte frå UiO-rektoren.

Ein mann står framfor Universitetsplassen i Oslo

LIKE MØRK: – Akkurat no er situasjonen for akademia i Afghanistan like mørk som situasjonen er for kvinner i landet, seier Zahir Athari, afghanar og vitskapleg assistent på MulitLing - Senter for fleirspråklegheit ved UiO. 

Foto: Martin Toft

Rett før helga blei det klart at Taliban har sparka mangeårig rektor ved Universitetet i Kabul Dr. Mohammad Osman Babury og erstatta han med Taliban-støttespelaren Mohammad Ashraf Ghairat. Motstandarane hans hevdar at han berre har ein bachelorgrad, medan han sjølv seier at han har vore forskar og ein kunnskapssøkjar gjennom heile livet. Han seier han blei uteksaminert frå journalistikkstudiet ved Universitetet i Kabul i 2008.

Ifylgje sosiale media, siterte i fleire aviser, har den nyutnemnde rektoren tidlegare tvitra at spionjournalistar fortener å døy. Utnemninga har ført til store protestar mot Taliban frå forskarar og universitetslærarar på Kabul University, melder University World News og dei indiske avisene Edex og The Print.

Dette har skjedd i Afghanistan: 

1979 -  Den sovjetiske hæren invaderer landet og set inn eit kommunistisk regime. Meir enn ein million menneske døyr i krigen som fylgjer.  

1989 - Dei siste sovjetiske soldatane forlet landet. USA- og Pakistan-støtta mojahadeen klarer å ta makta frå den sovjetisk innsette afghanske statssjefen, Najibullah. Det fører til ein omfattande borgarkrig.

1996 - Taliban får kontroll over Kabul og innfører eit strengt islamsk regime i heile landet.  

2001 - USA invaderer Afghanistan etter terroråtaka på USA 11. september. Taliban blir jaga ut av Kabul og Hamid Karzai blir leiar for ei mellombels maktdelande regjering. 

2014 - Ashraf Ghani vert vald til president. NATO avsluttar formelt sine aktive kamphandlingar i Afghanistan og overlet heile ansvaret til afghanske styrkar som opplever aukande nasjonal oppstand. 

2021 - Taliban tar tilbake  Kabul etter at dei amerikanske styrkane trekkjer seg ut. 

- Afghanske akademikarar fryktar for framtida og rømer landet. Mange får opphald i  andre land, blant anna med hjelp frå Scholars at Risk.

- Taliban vil innføra skilde klasserom for kvinner og menn på universiteta i landet.

- Taliban erstattar den mangeårige rektoren ved Universitetet i Kabul med ein    støttespelar av Taliban. 

(Kjelder: BBC, University World News, The Print,  Edex og forskning.no)

– Den verste fienden akademia har hatt

Vitskapleg assistent Zahir Athari på forskingssenteret MultiLing - Senter for fleirspråklegheit på UiO er ein av dei som fylgjer spent med på det som skjer med akademia i Afghanistan akkurat no. For 20 år sidan kom han sjølv til Noreg frå Afghanistan. Då blei Taliban fjerna frå makta, men no er dei tilbake igjen og mange fryktar kva som vil skje med forsking og høgare utdanning i landet.

– Maktovertakinga til Taliban er den verste fienden som akademia  og akademisk fridom  nokon gong har hatt i moderne tid. Universiteta og akademia vil bli eit tapt område som Taliban sjølv ikkje vil bruka pengar på. Det vil bli neglisjert, for Taliban har heile tida kjempa for ei islamisering av Afghanistan etter deira eiga tolking av islam, som er så smal at det berre er dei sjølve som tolkar religionen slik, konstaterer han trist. 

– Ytringsfridom i akademia er kjetteri for Taliban

Zahir Athari har derfor inga tru på at det kjem til å bli satsa på  høgare utdanning og forsking under Taliban-regimet.

– Nei, det vil ikkje stå noko om investering i akademia på agendaen til Taliban. Den rørsla tolkar ytringsfridom i akademia som kjetteri på same måten som dei ser kvinnekroppen som eit symbol på umoral og forføring, slår han fast. 

Zahir Athari peikar på at då USA starta krigen mot terror, var det også ein annan krig som kom heilt i skuggen. 

– Det var Talibans krig mot skular. Dei brente ned skular. Det var ikkje ein sideeffekt av krigen i Afghanistan, men eit vilja resultat av Talibans krig mot skulane. For dei er skulane også kjelder for kjetteri og umoral. Dei er totalt  imot det moderne utdanningssystemet. Akkurat no er situasjonen for akademia i Afghanistan like mørk som situasjonen for kvinner i landet, konkluderer han med.

– Den unge generasjonen fekk utdanning

Zahir Athari er klar på at det var urolege tider og stadige krigshandlingar i Afghanistan også dei 20 åra frå Taliban mista makta og til dei tok makta tilbake igjen. Han meiner likevel det skjedde positive ting innanfor utdanning i dei åra.

– Under heile konflikten var det ein ung generasjon av både jenter og gutar som fekk skulegang og som opplevde ytringsfridom i samfunnet. Heile den generasjonen er i ein djup og alvorleg fare no, er han sikker på. 

– Varma hjartet mitt

For han personleg har det vore positivt å sjå korleis frivillige organisasjonar har engasjert seg for akademikarar i Afghanistan. 

– Då eg høyrde at Scholars at  Risk ville sørgja for at forfylgde akademikarar frå Afghanistan skulle få opphald på  universitet og høgskular i andre land, varma det hjartet mitt, fortel han til Uniforum. 

Sjølv har han også tatt initiativ til eit eige møte med UiO-rektor Svein Stølen om situasjonen for akademikarar i Afghanistan. 

– Eg synest det var godt å høyra at Universitetet i Oslo vil ta imot to afghanske akademikarar i regi av Scholars at Risk Norway.  Og det var ei fin oppleving for meg å møta rektor Svein Stølen og få snakka om situasjonen i Afghanistan, seier Zahir Athari. 

Men han føreslår no at det blir sett i gang ein stor akademisk dugnad for akademia i Afghanistan. 

– Det er viktig at det blir sett i gang ein aksjon for å redda det som så langt er oppnådd innanfor forsking og høgare utdanning i landet.

SEGREGERTE: I dag er klassane på  private universitet i Afghanistan segregerte, noko som inneber at klasseromma er skilde av med forheng mellom kvinner og menn. Biletet er frå eit privat universitet i Kabul frå 7. september i år. (Arkivfoto: flickR/Photo by AAMIR QURESHI/AFP via Getty Images )

– Må laga ein eigen plan

Han kjem også med eit konkret tiltak.

– Norske universitetsrektorar må koma saman for å leggja fram ein felles plan for korleis det skal vera mogleg å ta vare på det som er igjen av akademia i Afghanistan. Det må vera mogleg å finna fram til ein strategi som vil kunna realisera dette. Det er sjølvsagt viktig å gi vern til to eller tre forskarar frå Afghanistan, men det vil ikkje redda ein heil generasjon. Og det ser ut som om fundamentalistane i terrorgruppa Taliban vil halda seg ved makta i Afghanistan i lang tid framover. Derfor må me laga ein eigen plan for å redda akademia i Afghanistan, som vil skilja seg frå det arbeidet som Scholars at Risk vanlegvis gjer, seier Zahir Athari til Uniforum.

– Gjerne med på eit møte

Rektor Svein Stølen er no på reisefot i Europa. Han er opptatt av situasjonen for akademia i Afghanistan. Stølen ser positivt på initiativet frå Zahir Athari som han sjølv presenterte for han.

 I møtet med Athari understreka han kor viktig det er at me held merksemda mot akademias situasjon i Afghanistan no og framover – det betyr mykje at dei veit dei ikkje er gløymde.

Me er gjerne med på eit møte om dette. Scholars at Risk Norway er ein naturleg stad å starta, svarar Svein Stølen i ein epost til Uniforum.   

– Zahir Athari uttrykte også at du var positiv til initiativet. Derfor vil Uniforum gjerne vita korleis du stiller deg til initiativet, og om du kan tenkja deg å realisera noko av det han føreslår.

– Me vil gjerne delta i ein vidare dialog, seier han og viser til både eit eige opprop frå UiO og eit eige europeisk webinar om korleis universitet og verksemder kan støtta forskarar frå Afghanistan. 

– 14 akademikarar frå Afghanistan får opphald i Noreg

– Kva andre tankar har du rundt akademikarar i Afghanistan? UiO har sagt seg positiv til å ta imot to afghanske forskarar under paraplyen til Scholars at Risk. Er det andre ting UiO kan gjera for å yta assistanse til forskarar og studentar frå Afghanistan?

– Universitetet i Oslo har gitt tilbod til to forskarar frå Afghanistan som me håpar kan koma til UiO i løpet av dei neste månadene. Samtidig med at UiO bestemte seg for å ta imot to ekstra forskarar i tillegg til dei fire me normalt tar imot gjennom Scholars at Risk, oppfordra me andre norske institusjonar til å gjera det same. Det resulterte i lovnader om å ta imot cirka 12 afghanske forskarar ved andre norske institusjonar inkludert NTNU, UiB, UiA, UiT, USN, BI, OsloMet, Nord, HVL, NMBU og UiS, opplyser Svein Stølen til Uniforum.

Opprop og webinar om akademia i Afghanistan

Han viser også til at  UiO har signert eit opprop til europeiske styresmakter om å gjera meir for å hjelpa afghanske forskarar og studentar:

– UiO er partnar i EU-prosjektet Inspireurope, som jobber med korleis Europa kan hjelpa fleire forfylgde forskarar både frå Afghanistan og andre land. Prosjektet oppfordrar EU og nasjonale styresmakter til å oppretta stipendordningar for forfylgde forskarar generelt og for Afghanistan spesielt. Det er diskusjonar i EU rundt dette, peikar han på.

Samtidig trekkjer han fram at prosjektet i dag torsdag 30.9 held eit webinar om korleis universitet og bedrifter kan støtta forskarar frå Afghanistan

– I tillegg har sjølvsagt UiO ein del forsking om Afghanistan, men i liten grad forskingssamarbeid. I andre konfliktar der studentar og forskarar har vore utsette, har det internasjonalt blitt oppretta universitetstilbod som nettkurs, t.d. Off University, men i Afghanistan er det farleg å bli knytt til utanlandsk høgare utdanning, så det er truleg ikkje eit alternativ for dei som er i landet, uttrykkjer Svein Stølen overfor Uniforum.

• Les meir om Afghanistan i Uniforum:

Forskere i Afghanistan rømmer landet

Minst 19 personer drept etter angrep på Universitetet i Kabul

– Pengane må gå til Afghanistan!

Lærte nytt språk gatelangs i Kabul

– USA må sleppa til Afghanistans president

– Overlevingsinstinktet avgjer lojaliteten i Afghanistan

Emneord: Afghanistan, Akademisk fridom, Akademisk frihet, Menneskerettar Av Martin Toft
Publisert 30. sep. 2021 02:00 - Sist endra 8. feb. 2022 10:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere