Instrumentlaboratoriet på Kjemisk institutt får millionar til rehabilitering
I dag kjem forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim med ei gåvepakke på 39 millionar kroner til nye utdannings- og forskingslokale for Instrumentlaboratoriet på kjemi (I-Lab). Resten av den samla rekninga på 140 millionar kroner må UiO henta frå andre pengekjelder.

FASCINERT: Ein fascinert forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim får ei innføring frå stipendiat Karoline Kvande i korleis eit vitskapleg instrument utvikla på Instrumentlaboratoriet på Kjemisk institutt, fungerer.
Kjemisk institutt og instituttleiar Einar Uggerud og forskarar på Instrumentlaboratoriet fekk vita om milliongåva allereie i går formiddag, då statsråd Henrik Asheim tok turen innom laboratoriet saman med UiO-rektor Svein Stølen. I dag er det formelt bestemt at laboratoriet får 39 millionar kroner frå ein eigen pott på 119 millionar kroner som er øyremerkt oppgradering av undervisningslokala til universitet og høgskular.
Lagar unike instrument
I-Lab produserer prototype forskingsinstrument som det ikkje er mogleg å få kjøpt andre stader, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Døme på det er implantatar og måleutstyr til medisinske forsøk, undervassutstyr, måleutstyr som skal flyga på satellittar og rakettar (NASA, JAXA, ESA), og delar til oppgraderinga av detektorsystemer til CERN. I 2021 skal UiO mellom anna levera eit romvêrinstrument til den internasjonale romstasjonen (ISS) i samarbeid med Norsk romindustri. UiO lagar også utstyr for European Spallation Source (ESS), og UiO etablerer no ei produksjonslinje for detektormodular til ATLAS-detektoren på CERN i Génève i Sveits.
Då statsråd Henrik Asheim og UiO-rektor Svein Stølen kom til laboratoriet med pengegåva, fekk dei ei grundig innføring av både produksjonen av nye instrument og av forskinga på laboratoriet frå forskarane Sverre Løyland og Karoline Kvande, som blei supplert av instituttleiar Einar Uggerud. Henrik Asheim fekk mellom anna vita korleis spesiallaga instrument som ingen andre har, vil gi dei innpass og forskingstid i det europeiske synkrotronlaboratoriet i Grenoble.
– Fantastisk mykje gøy
Etter gjennomgåinga av forskingsprosjekta var det ein synleg imponert statsråd som tok ein prat med Uniforum.
– Eg synest det har vore veldig gøy å koma og sjå på kva dette skal brukast til. Det er fantastisk mykje gøy dei får til her. Og at me kan vera med på den spleisen det er å oppgradera utstyr, sørgja for meir studentaktive læringsmåtar, det er kjempeviktig, synest Henrik Asheim.
– Lærte du noko nytt?
– Eg lærte ekstremt mykje nytt. No er eg ikkje kjemikar frå før, så det å koma hit lærer meg alltid masse nytt om det meste. Det er veldig gøy å høyra korleis forskinga her utviklar bruksretta ting for framtida. Reinsa vatn, kutta utslepp og alle dei andre tinga.
– Viktig for oss
UiO-rektor Svein Stølen er også svært nøgd med pengegåva på 39 millionar kroner til Instrumentlaboratoriet på Kjemisk institutt, eit institutt han tidlegare har vore leiar for.
– Me må noko bidra med endå meir sjølve, men me seier tusen takk. Dette er svært hyggeleg, og det er viktig. For det handlar jo om dei forholda me kan ha for forskarar og ikkje minst studentar. Så dette er viktig for oss.
– Kva har dette å seia for UiO?
– Det tyder at studentane vil få det hakket betre enn det dei har i dag. Det er heile tida ein samanheng mellom bygg og fagleg aktivitet, og me jobbar ganske intenst med ein masterplan for eigedom. Dette er ein del av den jobben me gjer kontinuerleg heile tida. Det er ekstremt viktig at me tar oppdraget på eigedom seriøst.Så har me ein svært god dialog med departementet som gjer at me klarer å henta ut midlar derifrå og går i partnarskap. Det er bra, understrekar Svein Stølen.

– Kjempeflott
Også stipendiatane Sverre Løyland og Karoline Kvande var godt nøgde med bidraget frå statsråd Henrik Asheim og lovnad om endå meir frå UiO.
– Dette er kjempeflott. Me er jo avhengige av få laga utstyr for å kunna utføra forskinga vår. Det er ikkje utstyr som me kan få kjøpt, så derfor må me ha nokre flinke til å laga det utstyret, seier Sverre Løyland som forskar på ultralyd.
– Ja, eg forskar på korleis ultralyd kan skapa kjemiske reaksjonar, og då treng me ikkje tilsetja nokre kjemikaliar, så dette er grøn kjemi, fortel han.
Karoline Kvande er også svært glad etter besøket. Ho forklarar gjerne kva ho driv med.
– Eg jobbar med konvertering av metan til metanol over kopar-zeolittar der me berre brukar oksygen. Kopar-zeolittar er porøse material, der metan kan gå inn og aktiverast inne i porane.
– Kva instrument har de laga for å få det til?
– Me har store testriggar som skal prøva å etterlikna meir industrielle forhold. Då treng me hjelp frå verkstaden til å byggja riggane. Og då treng me også delar som me ikkje kan kjøpa rett og slett, fortel ho.
– Gir oss eit fortrinn i forskinga
Instituttleiar Einar Uggerud trur pengetildelinga vil gjera arbeidsforholda på laboratoriet mykje betre.
– Det at me har tilgang til ein god instrumentverkstad som me har i dag under veldig kummerlege forhold, og så skal me få nye lokale til dei her, det har mykje å seia for dei som arbeider der. Det gjer også at arbeidsprosessane blir meir effektive og alle kan vera på ein felles stad dei kan gå til. Poenget her er at me har ein stad der dei lagar forskingsinstrument som det ikkje finst maken til, og det gir oss eit fortrinn i forskinga. Og forsking er den mest konkurranseutsette næringa i landet, slår han fast.
Tre institutt nyttar seg av Instrumentlaboratoriet
I ein kommentar frå MN-dekan Solveig Kristensen gjer ho det klart at Instrumentlaboratoriet ikkje berre er viktig for Kjemisk institutt, men også for Senter for materialvitskap og nanoteknologi og Institutt for biovitskap. Alle desse institutta får spesialdesigna utstyr frå Instrumentlaboratoriet, peikar ho på i ei felles pressemelding frå UiO og Kunnskapsdepartementet.
Etter planen skal den innvendige rehabiliteringa av resten av areala i underetasjen gjennomførast seinare, når dagens brukarar har flytta inn i Livsvitskapsbygget. Den samla prisen på prosjektet er rekna ut til å koma på 140 millionar kroner.
10 universitet og høgskular får pengar
Det er ikkje berre Universitetet i Oslo som i dag får pengar til å rehabilitera bygg.
For regjeringa har bestemt å fordela til saman 119,1 millionar kroner til oppgradering av universitet og høgskular. Dette kjem i tillegg til 752 millionar som er blitt fordelte tidlegare gjennom ordninga for oppgradering av bygg, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Målet er meir moderne undervisnings- og læringsformer, og eit godt miljø for både studentar og tilsette. Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) får mest pengar.
– Me forventar at universiteta og høgskulane brukar endå meir studentaktive undervisningsformer meir, men då må også lokala, anten det er auditorium, laboratorium, verkstader eller fellesareal, vera meir fleksible. Desse pengane skal bidra til nettopp dette, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.
Der går det også fram at ordninga for oppgradering av bygg ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane blei innført i statsbudsjettet for 2015. Sidan den gongen er det blitt løyvd til saman 871 millionar kroner til ordninga i budsjetta for 2015 til og med 2021. Tildelingar føreset minimum 50 prosent finansiering frå mottakarinstitusjonen.
Slik vert pengane fordelte:
Støtte til universitet og høgskular som eig eigne bygg:
Institusjon |
Prosjekt |
Beløp (Mill. kroner) |
|
|
Universitetet i Oslo |
Kjemibygningen |
39 |
||
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet |
Tårnbygningen |
20 |
|
|
Universitetet i Bergen |
Juridisk fakultet |
10 |
||
Universitetet i Bergen |
Mat.nat. fakultet |
4 |
||
SUM |
|
73 |
Støtte til universitet og høgskular i lokale eigde av Statsbygg:
Institusjon |
Prosjekt |
Beløp (mill. kroner) |
|
|
HiMolde |
Oppgradering øvingslab. og sportlab. |
5 |
||
HiVolda |
Ombygging Hans Strøm- huset |
10 |
||
NMH |
Bevegelsesrom |
4 |
||
NMH |
Sceneprosjekt- Lindemanssalen |
0,4 |
||
NMH |
Elektrofonistudio- live electronics |
0,5 |
|
|
UiA |
Ombygging auditorium |
5 |
||
UiA |
Ombygging av klasserom |
2 |
||
UiS |
Oppgradering førelesingssaler |
2 |
||
UiS |
Kognitiv Laboratorium |
2 |
||
UiS |
Undervisnings- og grupperom HG-hus |
2 |
||
UiS |
Bygolvet HL-hus |
2 |
||
SUM |
|
34,9 |
Støtte til universitet og høgskular som leiger lokale av private
Institusjon |
Prosjekt |
Beløp (mill. kroner) |
|
|
KHiO |
Ti mindre byggjeprosjekt |
1,2 |
||
OsloMet |
Universitetsbibliotek |
10 |
||
SUM |
|
11,2 |
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere