Henrik Asheim fekk ei Mars-oppleving på Kjeller

Er det liv på Mars? Det er eit av spørsmåla senterleiar Svein-Erik Hamran og forskarkollegaene hans på UiOs Institutt for teknologisystem på Kjeller har fått to år på seg frå NASA til å finna svar på. I går fekk dei besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Ein mann viser ein annan ein modell av ein georadar

MARS: Senterleiar Svein- Erik Hamran viser forskings-og høgare utdanningsminister ein modell av georadaren som no er plassert på roveren Perseverance på Mars.

Foto: Martin Toft

Det var ein stor mottakskomité frå eit lite institutt som stod klar på trappa då statsråd Henrik Asheim (H) kom i fylgje med UiO-rektor Svein Stølen, Lillestrøm-ordførar Jørgen Vik (A) og stortingsrepresentant Turid Kristensen (H). Der koronahelsa han på dekan Solveig Kristensen ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Cecilie Rolstad Denby, som leier UiOs Institutt for teknologisystem på Kjeller. Sistnemnde forklarte korleis forskarar på instituttet var først ute til å bruka internett utanfor USA på slutten av 1960-talet og på byrjinga av 1970-talet.  

– Der borte kan de også sjå systemet som blei brukt til dette, sa ho og peika bort på eit hjørne i foajeen. – No ynskjer me å få inn teknologiinteressert ungdom her og ta dei heilt frå bachelor til PHD, la ho til.

– Utruleg stolte

Dekan Solveig Kristensen fortalde om planane UiO har til å knyta Institutt for teknologisystem på Kjeller saman med andre realfag i satsinga på framtidsteknologiar.

– Me er utruleg stolte over at Centre for Space Sensors and Systems –CENSSS her på instituttet er blitt eit senter for forskingsdriven innovasjon. ITS er vertsinstitutt for “Future Techologies”der me satsar på eit nært samarbeid med institutta på Kjeller og næringslivet. Det er ei satsing me har stor tru på. Og då ser me det som viktig å knyta satsinga til disiplinærfag som matematikk, statistikk og informatikk. På vegner av UiO lovar me å bringa Institutt for teknologisystem vidare, sa Solveig Kristensen.

– Ekte bilete frå Mars

Deretter blei Henrik Asheim geleida vidare til Centre for Space Sensors and Systems – CENSSS der senterleiar Svein-Erik Hamran og forskarkollegaene hans har operasjonssentralen for Rimfax-georadaren på Mars. Den georadaren blei utvikla på Forsvarets forskingsinstitutt. Då rommet var fullt opp med det lovlege talet på personar, starta senterleiar Svein-Erik Hamran videopresentasjonen av Rimfax-prosjektet (Radar Imager for Mars' Subsurface Experiment)

– Eit av prosjekta med jobbar me er altså eit instrument på Mars. I mars i år landa NASA ein rover (kjøretøy/journ.merknad) på Mars. Det er ei ganske fantastisk landing dei brukar. Før 1997 skyt dei direkte på Mars. Det er ein eitt tonn tung rover, det vil seia at dei landa med fallskjerm, først bremsar dei i atmosfæren, så kastar dei skjoldet. Etter kvart så droppar dei fallskjermen, og så går dei over til rakettmotorar. Og så styrer dei den i landingsområdet. Til slutt firar dei den ned med ein vaier. Det er første gong ei Mars-landing er filma. Så dette er ekte bilete frå Mars, garanterte han. Hamran trekte fram at dette no er eitt av hovudprosjekta til NASA. 

– Første gong NASA brukte denne landinga var i 2012. Då var det det største dei hadde gjort sidan månelandinga. Dette er absolutt eitt av dei store prosjekta til NASA. Og eitt av instrumenta om bord her er altså ein georadar som er bygt på FFI (Forsvarets forskingsinstitutt) fortalde han til  ein ivrig lyttande forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

– Eit behov i Afghanistan

Administrerande direktør Espen Skjelland på FFI viste til korleis ideen til georadaren eigentleg oppstod i Afghanistan.

– Den kom først og fremst frå Svein-Erik Hamrans doktorgrad. Og så kom det frå eit behov norske soldatar hadde på bakken i Afghanistan. Dei hadde behov for å sjå under veggar. Dette viser at teknologi verken er militær eller sivil, men begge delar, slo han fast.

Ser etter mogleg liv på Mars

Sist sundag var også romfartøyet på den første kjøreturen på Mars.Svein-Erik Hamran la ikkje skjul på kva som er hovudoppdraget NASA har gitt dei:

– Sjå om det er mogleg liv på Mars. NASAs oppdrag er i tre trinn: sjå om det har vore vatn der, er det mogleg å bu der og finn liv, som kjem som tredje trinn, peika han på.

– Ein ikkje-aktiv planet

Hamran forklarte at det var derfor dei hadde sendt kjøretøyet rundt på elvesediment fordi der kan det vera organisk materiale som kan tyda på liv.

– Det er for å finna ut om det har vore liv. Det har vore ei stråling på overflata av planeten i mange milliardar år. Det er ein ikkje-aktiv planet, der det skjer ingenting. Strålinga bryt ned alt organisk materiale der, understreka han.

MOTTAKINGSKOMITÉ: Statsråd Henrik Asheim og UiO- rektor Svein Stølen blei ynskte velkomne av dekan Solveig Kristensen og instituttleiar Cecilie Rolstad Denby, då dei kom til Institutt for teknologisystem. (Foto:MartinToft)

– Heilt suverent

Og det var ein synleg imponert Henrik Asheim Uniforum snakka med etter presentasjonen.

– Heilt suverent. Det var verkeleg så gøy å få sjå. Me har berre lese om dette i avisene. Å få sjå miljøa bak og alt dei har fått til, det er heilt suverent, sa Henrik Asheim, før han måtte hasta tilbake til Kunnskapsdepartementet.

Emneord: Romfart, Astronomi, Realfag Av Martin Toft
Publisert 29. juni 2021 18:04 - Sist endra 29. juni 2021 18:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere