Vil ha fleire studentar frå det globale sør på utveksling i Noreg

No blir det lyst ut 170 millionar kroner til prosjekt for å fremme studentutveksling gjennom NORPART-programmet.

PENGAR TIL UTVIKLING: Regjeringa og bistands- og utviklingsminister Dag-Inge Ulstein gir 170 millionar kroner til globalt akademisk samarbeid. 

Foto: Sturlason

Kvart år tildeler regjeringa pengar til NORPART-programmet (Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid). I dag blei det kunngjort at regjeringa gir 170 millionar kroner til prosjekt mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg og i det globale sør. 

- Dette programmet bidreg til utveksling av studentar gjennom institusjonar i Noreg som allereie har samarbeid med utdanningsinstitusjonar i det globale sør. Det bidreg til å kvalitetssikre opphalda på ein god måte. Pengane vi lyser ut no vil bidra til at vi får på plass endå fleire prosjekt som vil auke studentutvekslinga til Noreg dei neste åra, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding. 

NORPART-programmet støttar langsiktig akademisk samarbeid og gjensidig studentutveksling mellom høgare utdanningsinstitusjonar her heime og 40 fokusland for norsk utviklingssamarbeid og partnarland med utstrekt eksisterande akademisk samarbeid med Noreg.

- Regjeringa er oppteken av å styrke satsinga på høgare utdanning og forsking i samarbeid med utviklingsland. Utdanning er sjølve grunnmuren for berekraftig utvikling og NORPART-programmet bidreg til å auke kvaliteten både i norsk høgare utdanning og hos partnarinstitusjonane i det globale sør, seier bistands- og utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) i den same pressemeldinga

NORPART blir finansiert av Kunnskapsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Emneord: Nord-Sør-samarbeid, Internasjonalisering
Publisert 1. mars 2021 18:06 - Sist endra 1. mars 2021 18:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere