UiO haustar inn over halvparten av stipenda frå Marie Sklodowska-Curie i Noreg

UiO får 25 av 47 norske tildelingar av stipend frå EU-ordninga Marie Sklodowska Actions. Dei skal finansiera opphalda til talentfulle europeiske forskarar. 

Flagg veier framfor ein bygning i Brussel.

TALENTILDELING: UiO får 25 av 47 norske tildelingar frå EU-ordninga Marie Sklodowska-Curie Actions. 

Det var i går EU kunngjorde resultatet av tildelingane av stipenda som ber namnet til Marie Sklodowska-Curie. Det er ei ordning som ligg under EUs forskingsprogram Horisont 2020 og som fleire norske universitet nyttar seg av for å rekruttera unge, utanlandske forskartalent. Dei komande åra vil ordninga liggja under det nye forskingsprogrammet Horisont Europa.  
 
Det offisielle namnet er Marie Sklodowska-Curie Actions og det har denne veka til saman tildelt 328 millionar euro (3,2 milliardar kroner) til 1630 forskarar i EØS og EU. Det dei har til felles er at dei alle har avslutta doktorgraden sin. 
 
I dagens møte i Universitetsstyret trekte rektor Svein Stølen stolt fram at Universitetet i Oslo hadde fått innvilga 25 av dei 100 søknadane dei hadde sendt inn. Til saman har altså norske universitet fått 47 tildelingar. 
 
Tal som Uniforum har fått frå Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiO, viser at det lokalt er Det humanistiske fakultetet som får flest med 11 tildelingar. Deretter fylgjer MN-fakultetet med 8, SV med 3, Naturhistorisk museum med 2 og Det medisinske fakultetet med 1 tildeling. 
 
 
 
 
Emneord: EU, Europa. Internasjonalisering, Rekruttering Av Martin Toft
Publisert 9. feb. 2021 13:31 - Sist endra 9. feb. 2021 13:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere