UiO vil halda fast på dagens to styringsmodellar for universitet og høgskular

Universiteta og høgskulane må sjølve få velja mellom å ha ein vald rektor som også er styreleiar eller å ha ein tilsett rektor med ekstern styreleiar. Det går eit samrøystes universitetsstyre på UiO inn for.

Fleire personar er samla rundt eit bort under styremøte på UiO

REKTOR SOM STYRELEIAR: UiO vil halda fast  på at universiteta kan få velja mellom ein vald rektor som også er styreleiar og ein tilsett rektor med ekstern styreleiar. Det går fram av høyringsfråsegna frå UiO til ny lov for universitet og høgskular. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I går var det eit ekstraordinært styremøte i Universitetsstyret på UiO. Den einaste saka som stod på dagsordenen var forslaget frå UiO til høyringsfråsegn til utkastet til ny lov for universitet og høgskular.

Ikkje overraskande gjekk Universitetsstyret i forslaget til høyringsfråsegn imot ei einskapleg leiing der ein rektor anten han eller ho er vald eller tilsett, alltid skal ha ein ekstern styreleiar oppnemnt av Kunnskapsdepartementet. Det var den løysinga som fleirtalet i Auneutvalet gjekk inn for då det la fram forslaget til ny lov for universitet og høgskular 13. februar i år.

• Les meir i Uniforum: 

Helga Aune forsvarar kravet om ekstern styreleiar med vald rektor

Har fungert fint for institusjonane

I det ekstraordinære styremøtet på UiO stemte alle for mindretalet i Auneutvalet sitt forslag om å lata institusjonane sjølve velja mellom vald rektor som også er styreleiar og tilsett rektor med ekstern styreleiar. Styrerepresentant Olav Gjelsvik meinte at det kunne argumenterast for at det var to styringsformer som har fungert fint for institusjonane. Dermed kunne også eksternt styremedlem Idar Kreutzer støtta den delen av høyringsfråsegna, nettopp fordi den modellen han helst vil ha, tilsett rektor med ekstern styreleiar, er ein av dei to modellane mindretalet i Auneutvalet gjekk inn for.

– Eg minner om at når representantane for Oljefondet tar ordet i generalforsamlingar til amerikanske selskap der den administrerande direktøren og styreleiaren er den eine og same personen, stemmer dei alltid imot den ordninga, fordi dei ser på det som rolleblanding, var argumentet han brukte for å forsvara den føretrekte modellen sin.

Universitetsstyret støtta også punktet i forslaget til høyringsfråsegn om at UiO vil halda fast med ordninga om å tilsetja den administrerande direktøren, altså universitetsdirektør, på åremål. Det har fungert godt, vert det understreka.

«Rektor kan ikkje vera styreleiar og inspirera seg sjølv»

Det var advokat Helga Aune som leia utvalet som la fram forslaget til ny lov for universitet og høgskular. Det mest revolusjonerande forslaget fleirtalet i utvalet kom med. var at også dei institusjonane som har vald rektor, i framtida også skal ha ein ekstern styreleiar oppnemnd av Kunnskapsdepartementet.

Då grunngav Helga Aune forslaget med at rektor skal vera toppsjefen med einskapleg leiing. – Som toppsjef overalt elles i næringslivet, så tenkjer ein at styreleiaren skal vera med på å sparra og peika på perspektiva framover, inspirera i tillegg til å driva kontroll. Og den funksjonen der er betre å oppnå med ein einskapleg leiingsmodell som me føreslår enn når rektor skal vera styreleiar og inspirera seg sjølv og kontrollera seg sjølv, sa ho til Uniforum då ho hadde overlevert rapporten. 

Den dagen forslaget først blei kjent, gjekk rektor Svein Stølen hardt ut mot det.

– Eg tenkjer at dei er i ferd med å løysa eit problem som ikkje eksisterer. Universitetet i Oslo fungerer det. Me har eit kollegialt fellesskap, me har ei fagleg leiing, me leverer, slik me har gjort i 209 år, sa han til Uniforum. Han var også redd for at ein ekstern styreleiar skulle tenkja instrumentelt og for kortsiktig.

• Les meir i Uniforum: 

UiO-rektor går til åtak på forslag om ekstern styreleiar: - Dette er heilt feil

I Aune-utvalet utgjorde biologiprofessor Dag Olav Hessen frå UiO og jussprofessor Karl Harald Søvig frå Universitetet i Bergen mindretalet som var på linje med UiO-rektoren i dette spørsmålet. Og det var mindretalet sitt syn som fekk full støtte frå eit samrøystes universitetsstyre på UiO i går.

Finn seg i vekting

Aune-utvalet meinte også at i dei tilfella der rektor vert vald, skal alle dei tilsette sine stemmer vektast likt. Også det forslaget går UiO imot i forslaget til høyringsfråsegn. Dei meiner det framleis bør vera vekting av stemmer, men at avgjerda må takast av institusjonane sjølve. I Aune-utvalet var det berre ein person som ville halda fast på dagens ordning.

I gårsdagens møte blei det ein del diskusjon nettopp om vekting. Ekstern representant Qaisar Farooq Akram, sa at han ikkje kunne gi grupper av  tilsette ulik vekting. Representanten for dei teknisk-administrative tilsette i Universitetsstyret, Marianne Midthus Østby, sa at heller ikkje ho var ein stor tilhengjar av vekting, men ho såg at det likevel er naudsynt for ein vitskapleg institusjon.

– Dette skulle ha vore grundigare diskutert. Fleirtalet vil ha 30 prosent vekting for studentar. Eg representerer dei som er minst verdt, me har god kompetanse, fleire er forskingsingeniørar og meir faglege enn teknisk-administrative. For at det skal vera fagleg styring, bør det likevel truleg vera vekting, tykte ho.

Universitetsstyret slutta seg til forslaget frå UiO på det punktet. Det vil seia at dei vil ha vekting og at institusjonane sjølve bestemmer vektinga for dei ulike veljargruppene under val på universitet og høgskular.

Aune-utvalet ville fjerna kjønnspoeng

Fleirtalet i Aune-utvalet innstilte på at all bruk av kjønnspoeng skulle fjernast på universiteta og høgskulane. Dei grunngav det med EU-retten og EU-direktiva og det sterke vernet som enkeltindivida har for ikkje å bli diskriminert på grunn av kjønn, hudfarge, funksjonshemming, religiøs overtyding og alder, forklarte utvalsleiar Helga Aune til Uniforum. Utvalsfleirtalet meinte også at det var i strid mot menneskerettane å seia i eit land at halvparten av alle studentar skal vera halvparten av kvart kjønn.

UiO vil framleis ha kjønnspoeng

UiO går i høyringsfråsegna imot å fjerna kjønnspoeng. Dei viser til at dei har sett i gang eit forsøk med kjønnspoeng for å få fleire menn til å ta profesjonsutdanninga i psykologi. Det blei innført for studieåret 2019/2020 og UiO ynskjer å halda på ordninga ut fireårsperioden den blei vedtatt for, heiter det. Det blir peika på at i mange yrke innan helsesektoren vil mange pasientar og brukarar bli behandla av personar av same kjønn som dei sjølve. Derfor er det naudsynt med studentar av begge kjønn på desse studia, går det fram av utkastet til høyringsfråsegn frå UiO.

Studentrepresentant Erlend Ditlefsen Aag tykte fleirtalet i Aune-utvalet talte imot seg sjølv når dei ville ha bort kjønnspoeng.

– Eg er heilt einig i at me skal ta vare på dette i lova. Dei snakkar om likestilling samtidig som dei vil oppretthalda forbodet mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet, sa han.

UiOs sterke motstand mot å fjerna opninga til å gi kjønnspoeng i den nye lova, fekk full oppslutnad frå Universitetsstyret.

Ueinige om karakterskala

Forslaget frå Aune-utvalet om å innføra ein ny karaktergrad med utmerkt/bestått/ikkje bestått går UiO imot. Det meiner det vil vera meir formålstenleg å halda på bestått /ikkje bestått i dei faga der det berre handlar om at du kan det du har lært. I alle andre fag meiner dei at dagens karakterskala A-F held. Den er også lettare å forstå internasjonalt, vert det framheva. Studentrepresentant Runa Fiske var likevel ikkje så negativ til også å ta med utmerkt i tillegg til bestått/ikkje bestått.

– Eg støttar det, sa ho. Representant for dei vitskaplege tilsette Anne-Birgitte Rønning ville halda på dagens karakterskala med bestått/ikkje bestått. Men studentrepresentant Erlend Aag støtta den andre studentrepresentanten sitt syn på dette.

– Eg synest ikkje argumentet om at den ikkje passar inn i den internasjonale skalaen held, fordi det er eigentleg emne som endar opp i A-F-skalaen til slutt. Eg vil ta til orde for at ein slik karakterskala kan vera ein fordel for studentane. Men eg ser ingen grunn til at me protokollfører motstanden vår mot dette i fråsegna frå UiO. Studentparlamentet sender også inn si eiga høyringsfråsegn, peika han på.

Studentrepresentant Runa Fiske sa seg einig i det.

Blei ikkje einige om sensorar

Det temaet det blei mest diskusjon om under møtet i går, var forslaget frå Aune-utvalet om at det alltid skal vera to sensorar, og ein av dei skal vera ekstern. Det er eit forslag som begge studentane i Universitetsstyret støtta, og dei fekk heilhjarta støtte frå alle dei fire eksterne styrerepresentantane.

Studentrepresentant Erlend Ditlefsen Aag var heilt klar.

 - Me støttar ordninga om å ha to sensorar. Då må det også koma ytterlegare ressursar til institusjonane.

Olav Gjelsvik var minst like klar i sin kommentar.

- Eg er rimeleg sikker på at dei ressursane ikkje vil koma. UiO brukar relativt store ressursar på evaluering og slutteksamenar samanlikna med undervisning. Eg synest dagens system fungerer godt, var hans vurdering.

Men dei eksterne styrerepresentantane stod side om side med studentane i denne saka.

– Eg støttar studentane sitt syn i dette spørsmålet, sa Idar Kreutzer.

– Me legg stor vekt på eksamen. Andre institusjonar legg større vekt på innleveringar. Derfor er det viktig at det som skjer på eksamen blir korrekt og rettferdig. Ofte vurderer folk eksamensresultat forskjellig. Eg støttar heilhjarta det som studentane uttrykkjer.

Studentrepresentant Runa Kristine Fiske var svært nøgd med kommentaren frå Idar Kreutzer.

– Hyggeleg å få støtte frå Idar. Eit år opplevde eg ikkje å få anna tilbakemelding enn eksamen. Det er viktig å bli evaluert ordentleg og få god tilbakemelding på det, sa ho.

Styrerepresentant Anne Birgitte Rønning var ikkje så positiv.

– Eg synest me skal gå for å halda på dagens regelverk, meinte ho.

Heller ikkje representanten for dei mellombels vitskaplege tilsette, Kristian Bjørkdahl var positiv.

– Eg meiner det er både tid- og ressurskrevjande akkurat slik Olav og Anne-Birgitte har kome inn på. Eg støttar formuleringa slik den står, understreka han.

Men studentane fekk støtte frå dei eksterne styrerepresentantane Anne Marie Engel, Kristin Hollum og Qaisar Farooq Akram. Sistnemnde var likevel ikkje så oppsett på at det måtte vera ein ekstern blant dei dei to sensorane:

– Med noka erfaring som ekstern sensor har eg forståing for det som står der. Vurderingane kan ofte sprika mykje. Eg vil ha to sensorar, men det er ikkje naudsynt at den eine av dei er ekstern, slo han fast.

Også prorektor Gro Bjørnerud Mo fekk ordet. Då peika ho på at ei slik ordning ville overføra ressursar frå tilbakemeldingar undervegs i studiet og til evalueringar, noko ho meinte var stikk i strid med Strategi 2030 som Universitetsstyret vedtok tidlegare i år.

Rektor Svein Stølen kom også inn på at dette handla mykje om økonomi.

– Eg ser inga enkel løysing. Heller ikkje eg klarer å sjå lovteksten lausriven frå ressursspørsmålet, var konklusjonen hans. Han måtte til slutt skjera gjennom og avslutta diskusjonen.

Så oppfordra han studentrepresentantane til å leggja fram eit nytt forslag om korleis UiO skal stilla seg til punktet om sensorar. Når det forslaget er klart, skal det sendast ut på epostsirkulasjon til styremedlemane, slik at dei kan ta endeleg stilling til det punktet.

Vil endra formålsparagrafen

I utkastet til høyringsfråsegn var UiO heller ikkje einig i formålsparagrafen som kom frå Aune-utvalet.

Der står det “at universiteter og høyskoler skal frembringe og spre ny kunnskap, bidra til høyt kompetansenivå og dannelse, bygge på og fremme forståelse for grunnleggende humanistiske verdier og bidra til en bærekraftig utvikling,”

UiO foreslo difor ein ny formålsparagraf med denne ordlyden: «Loven skal legge til rette for at institusjonene kan utføre oppgavene sine i tråd med sin institusjonsakkreditering, faglige profil og egenart.»

Heller ikkje dette forslaget til endring fekk full tilslutnad i Universitetsstyret. Representant for dei vitskaplege tilsette,Olav Gjelsvik, fekk difor i oppdrag å sy saman eit forslag til ny formålsparagraf for lova som heile styret kan stå bak. Også hans forslag skal sendast ut på epostsirkulasjon til endeleg godkjenning.

Medisinutdanning berre ved dagens fire lærestader

Av andre punkt i høyringsutkastet frå UiO, peikar UiO på at det er viktig at medisinutdanninga ikkje blir gitt av andre enn dei fire universiteta som tilbyr denne utdanninga i dag. Dei meiner at det er uheldig å spreia ressursar på fleire universitet. «Det vil kunne svekke dagens fagmiljøer som holder internasjonal standard, og er grensesprengende i internasjonal kontekst. Ressursene bør derfor konsentreres rundt eksisterende fagmiljøer ved dagens fire gradsgivende universiteter», går det fram av høyringsutkastet frå UiO. I styret var det ingen diskusjon om dette.

Når det gjeld mellombels vitskaplege stillingar, støttar UiO framlegget om å lata ein postdoktorstilling berre vara i ein periode.

Føreslår evaluering av NOKUT

Eit gjennomgåande trekk i utkastet til høyringsfråsegn frå UiO, er uroa for at det skal bli meir styring frå mellomliggande direktorat mellom institusjonane og Kunnskapsdepartementet. Derfor føreslår UiO at UNIT får ei rolle som tenesteytar, medan NOKUT skal bli eit reint tilsynsorgan. Samtidig føreslår UiO at det vert sett i gang ei evaluering av NOKUT. UiO åtvarar også mot ei utvikling med auka direktoratisering med etatar som kjem med pålegg om rapportar frå universiteta, samtidig som ABE-reforma (avbyråkratiseringsreforma) fører til at institusjonane må skjera ned på budsjetta sine.

«UiO mener det er et tankekors at samtidig som institusjonene kutter i administrasjon (for å skjerme kjernevirksomheten) får sektorens direktorater økt administrativ aktivitet, og avkrever institusjonen stadig nye rapporteringer», heiter det.

Ynskjer ikkje å vidareføra forbodet mot ansiktsdekkjande hovudplagg

UiO støttar heller ikkje forslaget om å vidareføra forbodet mot hovudplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet. Det bør vera opp til kvar enkelt institusjon å bestemma, går det fram av høyringsutkastet frå UiO.

Universitetsstyret stemte for å lata rektor få  fullmakt til å  utforma den endelege høyringsfråsegna på grunnlag av diskusjonen og kommentarane som kom fram i styremøtet. Før heile høyringsfråsegna vert sendt frå UiO, må altså forslaga til nye punkt om sensorar og forslag til endring i formålsparagraf i lova vera klare. Etter planen skal ny lov for universitet og høgskular vedtakast endeleg i Stortinget våren 2021.

 

Emneord: Universitetsspolitikk, Universitetsstyret Av Martin Toft
Publisert 4. juni 2020 14:41 - Sist endra 4. juni 2020 14:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere