UiO-rektor går til åtak på forslag om ekstern styreleiar: – Dette er heilt feil

Det kan bli krav om ekstern styreleiar også på dei universiteta som i dag har vald rektor. Det føreslår fleirtalet i utvalet som i morgon legg fram forslag til ny universitets- og høgskulelov, ifylgje nettavisa Khrono. 

SEIER NEI: UiO-rektor Svein Stølen reagerer kraftig på forslaget om å fråta ein vald rektor oppgåva som styreleiar og overlata vervet til ein ekstern styreleiar. – Dette er heilt feil, seier han.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det får UiO-rektor Svein Stølen til å sjå raudt.

– Eg er redd for at ein ekstern styreleiar vil tenkja meir instrumentelt om universitetet sin nytteverdi og tenkja meir kortsiktig om kva me skal levera dei neste åra. Det tenkjer eg er heilt feil, seier Svein Stølen til Uniforum. 

Dette er Aune-utvalet:

Helga Aune, Oppegård, direktør (leiar for utvalet)

Sunniva Bragdø-Ellenes, Kristiansand. Førsteamanuensis

Stine Jørgensen, København. Prodekan for utdanning

Britt Elin Steinveg, Tromsø. Administrasjonssjef

Irene Dahl Andersen, Sarpsborg. Konstituert direktør

Karl Harald Søvig, Bergen. Dekan og professor

Kjell Magne Mælen, Tromsø. Dekan

Dag Olav Hessen, Oslo. Professor

Victor Norman, Bergen. Professor emeritus

Det var nettavisa Khrono som i seint i går kveld kunne melda at Aune-utvalet vil føreslå at ein vald rektor ikkje lenger også skal fungera som styreleiar for universitetsstyret.  Utvalet, som er sett ned for å koma med forslag til ny universitets- og høgskulelov, meiner difor at universitetsstyret må leiast av ein ekstern styreleiar peika ut av Kunnskapsdepartementet.

Khrono erfarar også at leiaren for Universitets- og høgskulelovutvalet, Helga Aune ikkje kjem til å levera frå seg noka samrøystes utgreiing til forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim torsdag formiddag.  

Det mest omstridde forslaget som utvalet vil koma med, er altså eit krav om at dei universiteta som i dag har vald rektor, slik som mellom andre Universitetet i  Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø har, samstundes også skal ha ekstern styreleiar, peika ut av Kunnskapsdepartementet.

– Dette er heilt feil

Dette er eit forslag som får ein vanlegvis sindig og roleg rektor Svein Stølen til å bli frustrert:

Dette er oppgåvene til Aune-utvalet:

- lovutvalet skal føreslå eit regelverk som tydeleg skildrar ansvar, rettar og plikter for universiteta og høgskulane, og for studentar og tilsette. 

- lovutvalet skal koma med framlegg på tre område: Ny lov for universitet og høgskular, endringar i føreskriftene som er gitt med heimel i universitets- og høgskulelova og endringar i studentsamskipnadslova og –føreskrifta.

- NOU-utgreiinga blir presentert på ein pressekonferanse torsdag 13. februar kl. 10.00

(Kjelder: Uniforum og Kunnskapsdepartementet)

– Dette er heilt feil. For det som er viktig no er at me må ha sjølvstende frå staten. Me har ei stor finansiering frå Kunnskapsdepartement, og me kan gjerne sjåast etter i korta. Det skal stillast forventingar til oss, og me skal svara på dei forventingane. Me har eit ansvar for å bidra til samfunnsutvikling basert på det som me er som ein institusjon der akademisk fridom og sjølvstende er ekstremt viktig, slår han fast. 

– Excellence har ofte plass i festtalane

Etter hans meining er forslaget heilt feilslått. 

– Eg tenkjer at dei er i ferd med å løysa eit problem som ikkje eksisterer. Universitetet i Oslo fungerer det.  Me har eit kollegialt fellesskap, me har ei fagleg leiing, me leverer, slik me har gjort i 209 år. Eg tenkjer at dersom me ser på resultata til Universitetet i Oslo dei siste åra, så skjønar eg ikkje kva dei tenkjer dei skal få til, seier han. 

Svein Stølen er livredd for det han ser.

– For når me ser debatten om akademia, ser me at nesten all diskusjon handlar om innovasjon, livslang læring, og open vitskap. Det er ingen som snakkar om universitetet som ein berebjelke i demokratiet. Det er ingen som snakkar om grunnleggjande langsiktig forsking. Excellence har ofte plass i festtalane, men når det kjem inn i det meir operative, forsvinn det heilt.

Fryktar endringar i grunnlova til dei europeiske universiteta

Rektor Svein Stølen kjem også inn på den debatten som går føre seg i Europa om moglege endringar i dei europeiske universiteta si felles grunnlov eller Magna Carta.  Han fryktar at det kan gi negative utslag for universiteta, og han har derfor tatt det opp i innlegg i den engelskspråklege avisa University World News.

– Eg er ikkje posiitiv til desse  føreslåtte endringane og den retninga det ser ut som om dette går i. Eg fryktar sterkt at ein tonar ned mykje av det som går på akademisk fridom, ytringsfridom og desse europeiske verdiane som også er tatt opp i universitetskollegium globalt. Forslagsstillarane er mest opptatt av samfunnsansvaret og dialogen med staten. Det kan verka tilforlateleg og fornuftig, for me skal levera til staten, seier han.

– Men skal me ta eit steg vidare frå Noreg og ser vidare mot Ungarn eller Polen, så ser ein kva ufornuft det er i  ikkje å sørgja for at koplinga er der. Me får pengane våre frå staten, men me må halda fram me å vera sjølvstendige, slik at me kan kritisera staten. Men me kan ikkje vera så avhengig  av staten at dei set oss under kontroll, åtvarar han.

Ber Henrik Asheim om å stansa forslaget

Så knyt han det til forslaget om å innføra ei ordning med ekstern styreleiar og vald rektor.

– For meg er det heilt sentralt at me ikkje endrar den styreforma me har. Det er grunnlaget for den gode institusjonen me er i, og den må me halda fram med å kjempa for, seier han.

 No håpar han at statsråden stansar forslaget.

– Eg håpar at Henrik Asheim seier at den saka er død allereie i utgangspunktet. Om han vil ha ein god diskusjon om den nye universitets- og høgskulelova og unngå at heile debatten skal handla om dette, må han sørgja for å gi beskjed med ein gong om at universiteta sjølve skal få velja styringsforma si.

– God og velfungerande modell

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen er også leiar for Universitets- og høgskulerådet.Han meiner dagens ordning med vald rektor som også er styreleiar har fungert fint for universitetet han leier. 

– For UiB vil eg halda fast på at det er ein god og velfungerande modell, som det er leit at me ikkje vil få føra vidare, seier Dag Rune Olsen til Khrono. Førstkomande fredag skal Universitets- og høgskulestyret drøfta forslaget til ny universitets- og høgskulelov.

Ifylgje Khrono er det eit fleirtal i Aune-utvalet som går inn for å innføra eit krav om at det skal vera ekstern styreleiar på alle universitet og høgskular som i dag har vald rektor.

Heile svaret på innhaldet i forslaget til ny universitets- og høgskulelov får me torsdag klokka 10.00. Då skal utvalsleiar Helga Aune overrekkja NOU-utgreiinga til forskings- og høgare utdanningminister Henrik Asheim.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2020 17:40 - Sist endra 12. feb. 2020 18:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere