Helga Aune forsvarar kravet om ekstern styreleiar med vald rektor

Ekstern styreleiar også der rektor er vald, fjerning av kjønnspoeng og lik vektlegging av alle tilsette under val.  Og innskjerping av bruken av mellombels vitskaplege tilsette. 

Ein mann og ei kvinne står medan ei utgreiing blir presentert på powerpoint.

EKSTERN STYRELEIAR: Utvalsleiiar Helga Aune meiner der er betre å ha ein ekstern styreleiar enn at ein vald rektor skal inspirera og kontrollera seg sjølv. 

Foto: Martin Toft

Det er mellom endringane Aune-utvalet føreslår må inn i ei ny universitets- og høgskulelov. Utgreiinga frå utvalet blei lagt fram i Kunnskapsdepartementet i formiddag. 

Det var tidlegare denne veka det blei i kjent at fleirtalet i  Aune-utvalet som skal koma med forslag til endringar i Universitets- og høgskulelova, ville gå inn for eit krav om ekstern styreleiar oppnemnt av Kunnskapsdepartementet, også på dei institusjonane som har vald rektor.

Dette er forslaga frå fleirtalet i  Aune-utvalet:

Om leiingsmodell:

  • styreleiar skal vera ekstern peika ut av Kunnskapsdepartementet (8-2)
  • institusjonen vel sjølv om dei skal ha vald eller tilsett rektor
  • styret skal no som no ha 11 medlemar. 4 skal vera eksterne, og to av dei eksterne skal oppnemnast av institusjonen og to av KD
  • 4 skal veljast av  tilsette i  forskar- eller undervisningsstilling
  • 1 skal veljast av tilsette i tekniske og administrative stillingar
  • 2 skal veljast av studentar
  • det skal vera lik vekting av stemmene til grupper av tlsette under val (7-3)
  • instruksar frå departementet skal vera skriftelege
  • meir autonomi. Større sjølvstyre for styra
  • institusjonane må  avgrensa bruken av mellombelse stillingar. Det er ei misforståing at ekstern finansiering kan gi institusjonen ein mellombels tilsett. Ein postdoktorstilling skal avgrensast til ein periode

Om studentane:

- ny karakterskala, i tillegg til dagens to: utmerkt, bestått og ikkje bestått

- krav om to sensorar ved alle eksamenar og prøvar

- fjernar blind sensur

- tilretteleggingsplikta for studentar vert ført vidare, også på Svalbard

- fjernar heimel til å gi tilleggspoeng til det underrepresenterte kjønnet

- fjernar kravet om øvre aldersgrense på 24 år ved søknad om dispensasjon frå kravet om generell studiekompetanse.

- studentombodet sitt mandat blir tatt inn i lova. Ingen kan instruera ombodet.

- rett til å bortvisa studentar som forstyrrar undervisninga

- fleire institusjonar kan samarbeida om ei felles klagenemnd

Framlegget blei kraftig kritisert av mellom andre UiO-rektor Svein Stølen som i gårsdagens Uniforum kalle det heilt feilslått. 

– Eg tenkjer at dei er i ferd med å løysa eit problem som ikkje eksisterer. Universitetet i Oslo fungerer det.  Me har eit kollegialt fellesskap, me har ei fagleg leiing, me leverer, slik me har gjort i 209 år, sa han til Uniforum.  Han var også redd for at ein ekstern styreleiar skulle tenkja instrumentelt og for kortsiktig. 

– Rektor skal vera toppsjefen med einskapleg leiing

Advokat Helga Aune er leiar for utvalet som i dag la fram utgreiinga med forslag til endringar i Universitets- og høgskulelova. Ho står fast på at det er ein god idé å innføra ei ordning med ekstern styreleiar også for dei universiteta og høgskulane som i dag har vald rektor, sjølv om 2 av dei 10 medlemane i utvalet tok dissens.

–Rektor skal vera toppsjefen med einskapleg leiiing. Det er tanken. Som toppsjef overalt elles i næringslivet. så tenkjer ein at styreleiaren skal vera med på å sparra og peika på perspektiva framover, inspirera i tillegg til å driva kontroll. Og den funskjonen der er betre å oppnå med ein einskapleg leiiingsmodell som me føreslår enn når rektor skal vera styreleiar og inspirera seg sjølv og kontrollera seg sjølv, seier ho til Uniforum.

– Ei svekking av makta til rektor

 Helga Aune er heilt tydeleg på at dette fører til at rektor får mindre å seia samanlikna med i dag. 

– Me ser jo at dette er ei svekking av makta til rektor av det me gjer, men me ser at det blir ei styrking av autonomien til institusjonen og me ser ei styrking av institusjonen når den skal vera med på å peika ut to av dei fire eksterne styremedlemane ved sida av dei valde, sllik me kjem med framlegg om, seier ho.

–Så du trur ikkje rektor vil mista autoritet når han blir ein vanleg styremedlem i sitt eige styre?

–Nei, tvert imot. Ein ekstern styreleiar og ein rektor treng kvarandre. For det vil alltid vera ein tett dialog mellom ein styreleiar og ein toppleiar. Resten av næringslivet oppfattar ikkje at dei har ein svekka toppleiar når han eller ho har ein ekstern styreleiar å sparra med, konstaterer ho. 

Helga Aune trur ikkje konsekvensen av dette blir at stillinga som universitetsdirektør automatisk vil forsvinna.

– Funskjonen som universitetsdirektør vil halda fram med å eksistera. Om det er ein direktør eller fleire som rektor har som sine rådgjevarar, det må rektor bestemma sjølv saman med styret, seier Helga Aune til Uniforum.

Forsvarar fjerning av kjønnspoeng

Utvalet kastar også inn ein brannfakkel når dei meiner at det er naudsynt å fjerna alle ordningar med bruk av kjønnspoeng på fleire studium for å få betre kjønnsbalanse i arbeidslivet. Det går heilt imot ei tilråding som Kompetansebehovutvalet kom med i sin tredje rapport tidlegare denne veka. Også det forslaget forsvarar utvalsleiar Helga Aune:

– Grunnen ligg i EU-retten og EU-direktiva og det sterke vernet  som enkeltindivida har for ikkje å bli diskriminert på grunn av kjønn, hudfarge, funksjonshemming, religiøs overtyding og alder. Det handlar om kompetanse. Det vitnemålet du har frå vidaregåande handlar om kompetansenivå. Silinga startar allereie der om du har den tilstrekkelege kompetansen som trengst for å gjennomføra eit høgare studium. Me meiner det er i strid med menneskerettane  å seia i eit land at halvparten av alle studentar skal vera halvparten av kvart kjønn, slår ho fast. 

Etter henner meining er tidlgare i utdanningsløpet ubalansen mellom gutar og jenter må rettast opp. – Det må ordnast lenger nede i utdanningssystemet, og er ikkje noko som kan fiksast på universiteta. For der diskuterer med kompetansenivå, slår ho fast.

Utvalsmedlemar:

  • Helga Aune (leiar), partnar og advokat EY Advokatfirma AS
  • Irene Dahl Andersen, klinikksjef Sykehuset Østfold
  • Sofie Carlsen Bergstrøm, student
  • Sunniva Bragdø-Ellenes, førsteamanuensis juss, UiA
  • Dag Olav Hessen, professor biologi UiO
  • Stine Jørgensen, vicedirektør Styrelsen for forskning og uddannelse, DK
  • Kjell Magne Mælen, instituttleiar ved kunstakademiet, UiT
  • Haakon Riekeles, samfunnsøkonom Civita
  • Britt Elin Steinveg, kommunedirektør, Tromsø kommune
  • Karl Harald Søvig, dekan og professor juss, UiB

– Lik stemmerett for alle er eit grunnleggjande premiss

Eit anna forslag Aune-utvalet kjem me der at alle dei ulike tilsettegruppene sine stemmer skal teljast likt under val på dei høgare utdanningsinstitusjonane .Det tykkjer Helga Aune er heilt på sin plass.

 – For etter vår modell med rektor som toppleiar, er han toppleiar for absolutt alle tilsette, og då er han også alle sin rektor. Lik stemmerett for alle er derfor eit grunnleggjande premiss for eit slik demokrati som me meiner det skal vera der. Men me har ein dissens. For nokon meiner at sidan det er det vitskaplege institusjonen har ansvaret for, skal dei vitskaplege tilsette sine stemmer vega tyngre.

– Og studentstemmene?

Dei skal også telja likt under rektorval, men me har ein fordelingsnøkkel her, seier Helga Aune.

Asheim vil ikkje seia noko om ekstern styreleiar og kjønnspoeng

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim kan enno ikkje gå ut og fortelja kva han meiner om forslaget om å ha ekstern styreleiar også ved dei instusjonane som har vald rektor.

–Når det kjem ei slik NOU-utgreiing som skal ut på høyring til sektoren, kan ikkje eg som statsråd plukka ned eller stadfesta ting. Eg håpar me kan diskutera andre ting enn berre akkurat det, som til dømes studentkvalitet og korleis autonomien kan fungera betre.

Når det gjeld forslaget om å fjerna kjønnspoeng, kan han heller ikkje seia noko konkret kva han meiner akkurat no.

 – Me har ganske mange manglar framover som er svært viktige. Utgangspunktet mitt er: Eg er ikkje ueinig i at det er eit  problem med ein både kjønnsdelt arbeidsmarknad og studieval. Om dette er det rette verkemiddelet eller ikkje skal eg setja meg skikkeleg inni og sjå kva sektoren sjølv meiner. Dette er ein diskusjon om verkemiddel og ikkje om problemet for det trur eg me alle er einige i.

– Og for studentane?

– Det er fjerning av blind sensur og innføring av to sensorar på alle gradsnivå. Det er eit spennande forslag som kan bli dyrt for institusjonane. Det handlar også om rettstryggleiken til  studentane. Og det handlar om endringa av karakterskalaen der du legg til utmerkt, i tillegg til  bestått/ikkje bestått-skalaen, viss institusjonen sjølv vel å bruka den, seier Henrik Asheim.

Han vil ikkje uttala seg om kva han meiner om forslaget om  å innføra lik stemmevekt ved val for alle grupper av tilsette.

– Det er eit typisk forslag som set fyr på sektoren, så eg skal vera forsiktig med å meina noko om det.

FÅR UTGREIING:Forskings- og  høgare utdanningsminister Henrik Asheim har nettopp fått utgreiinga frå utvalsleiar Helga Aune. (Foto:Martin Toft)

– Må ta meir ansvar

Derimot gir han institusjonane ei grei formaning når det gjeld ynsket om å få meir autonomi.

– Viss autonomien er på plass, må  institusjonane også ta meir ansvar for å få  ned talet på mellombelse vitstskaplege stillingar.

Gir honnør til Aune-utvalet

Det ynsket deler han med Guro Lind, leiar for Forskarforbundet. For henne var dette eit av forslaga ho gir honnør til Aune-utvalet for å ha kome med.

– Det som er viktig er at utvalet har tatt så klart tak i problemet med mellombelse stillingar. Dei seier rett og slett at det er ei misforståing at ekstern finansiering skal seia mellombels tilsetjing. Samtidig vil dei avgrensa bruken av postdoktor til ein periode. Det er også eit svært positivt forslag, synest Guro Lind.

 – Institusjonane må få bestemma

Derimot er ho svært ueinig i forslaget om å innføra eit krav om at også dei universiteta og høgskulane som vel rektor, også skal ha ekstern styreleiar.

– Det synest me er eit svært dårleg forslag.  Me meiner at dette må institusjonane få lov til å bestemma sjølve.

Håpa på fjerning av forbodet mot ansiktsdekkjande plagg

Felipe Garcia i Norsk studentorganisasjon er svært vonbroten over at Aune-utvalet ikkjje har kome med framlegg om å fjerna forbodet mot bruk av ansiktsdekkjande plagg på universiteta og høgskulane. Det er eit forbod som blei innført i 2018.

– Det er tydeleg at det ikkje finst noko fagleg grunnlag for å ha det forbodet. Då viser det seg at det forbodet baserer seg på er framandfrykt. Det synest me er uheldig for høgare utdanningsinstitusjonar er plassen der det skal vera eit breitt mangfald av meiningar for å  kunna utfordra etablerte sanningar. Likevel om ein har eit slikt plagg, då stansar trusfridomen, og det synest me er svært uheldig, tykkjer han.

Kunnskapsdepartementet vil no senda utgreiinga frå Aune-utvalet  ut på høyring så fort som mogleg. 

REKTORMØTE:Rektorane Svein Stølen, Curt Rice,Dag Rune Olsen (med ryggen til) og Berit Rokne hadde eit uformelt møte rett før pressekonferansen starta. Dei hadde selskap av generalsekretær Alf Rasmussen i Universitets- og høgskulerådet.  (Foto: Martin Toft)

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 13. feb. 2020 23:42 - Sist endra 14. feb. 2020 07:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere