Iselin Nybø: – Eg elskar debatt

Det kan ta over eit halvt år før regjeringa kan gå inn for ein føretaksmodell for universitet og høgskular. Det opplyser statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø til Uniforum. – Så dette skal me få diskutera i ei god stund framover, seier ein debattglad statsråd.

LIKAR IKKJE: – Det er ganske brei semje om at det å ha forskingsfri og undervisningsplikt ikkje er noko som me likar så godt, seier minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø.

Foto: Ola Sæther

Iselin Nybø tar imot oss på eit middels stort og svært ryddig kontor hos Kunnskapsdepartementet i Kirkegata. På kleshengjaren heng eit supporterskjerf frå fotballklubben Viking, som avslører at ho kjem frå Randaberg, rett utanfor Stavanger. Ho er så fersk i statsrådstolen at ho framleis spør sjåføren for statsrådbilen kor mykje kjøreturen kostar.

Dette er Iselin Nybøs politiske CV:

Alder: 36 år

Bustadkommune: Bur på Storhaug i Stavanger med sambuaren sin.

Utdanning: Er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Har jobba ved advokatkontor og arbeidt mest med skatterett

2018: Utnemnt til minister for forsking og høgare utdanning etter utvidinga av regjeringa Solberg

2013:-2017: Stortingsrepresentant frå Rogaland Venstre. Første nestleiar i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen

2007-2015.Bystyremedlem og formannskapsmedlem i Stavanger

2003–2007: Medlem av kommunestyret i Randaberg kommune

2012-2014: Medlem i sentralstyret i Venstre

2010: 2012: Leiar for Rogaland Venstre

(Kjelder: Venstre og Kunnskapsdepartementet)

– Det er ein liten overgang, seier Iselin Nybø og smiler.

Då regjeringsplattforma frå Jeløya var klar, var det framlegget om å prøva ut føretaksmodellen på universitet og høgskular som vekte dei sterkaste reaksjonane i sektoren for forsking og høgare utdanning, som Venstrepolitikaren Iselin Nybø no er blitt statsråd for.

– Framlegget har fått litt blanda mottaking. Nokon er begeistra og tykkjer det vil styrkja deira økonomi. I dag ligg dei rett under statsforvaltinga. Med føretaksmodellen ligg dei eit steg ut frå den politiske leiinga. Ein ting er autonomien, medan ein annan ting er dagens situasjon der dei heile tida må venta på løyvingar, medan dei elles ville hatt meir økonomisk fridom. Nokon seier at dette er bra, medan andre, såg eg nyleg i Khrono, er skeptiske til det, seier Iselin Nybø.

– Det er truleg eit forslag som har både positive og negative sider ved seg, men oppgåva vår er å sjå på ulike modellar, og så er føretaksmodellen nemnt som ein mogleg modell. Me skal i alle fall gjera ei grundig vurdering, før me konkluderer i den eine eller den andre retninga.

... og eg elskar debatt

– Vil det bli ein utprøvingsperiode?

– No skal me først sjå på dette og gjera det ordentleg. Men eg registrerer jo at det er eit av punkta i regjeringsplattforma som har skapt debatt, og eg elskar debatt. Så dette skal me få diskutera i ei god stund framover. Men det er viktig å seia at det er nokon som er veldig positive til det òg. Den første jobben vår no er å få tak i nokon som kan sjå på dette og vurdera det.

– Du veit enno ikkje kor lang tid det tar?

– Eg skal vera så ærleg å seia at me har ikkje kome så langt etter to veker. Dette er jo ei av dei store sakene, og det blir ei viktig avgjerd me skal ta om me skal gå den vegen. Så det er ikkje noko me gjer på eit halvår. Dette vil naturleg nok ta litt lengre tid.

Eg håpar sektoren skal merka at me no har ein eigen statsråd for høgare utdanning og forsking

– Kva andre ting håpar du å få til innanfor forskings- og universitetssektoren som statsråd?

FORMIDABEL: – Det handlar om omstilling og nye arbeidsplassar. Det er ei formidabel utfordring me står overfor, som også sektoren vår må vera ein viktig bidragsytar til, seier statsråd for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø. (Foto: Ola Sæther)

– Ei av dei store utfordringane for denne regjeringa er klimaspørsmålet, og det er klart at både høgare utdanning og forsking har ei viktig rolle å spela i det. Integreringsfeltet er også løfta opp som eit viktig tema. Integrering er komen til dette departementet, og det er klart at me òg i UH-sektoren har ei viktig rolle å spela i denne store samfunnsdugnaden. Dessutan vil eg trekkja fram eit tredje punkt: Det handlar om omstilling og nye arbeidsplassar. Det er ei formidabel utfordring me står overfor, som også sektoren vår må vera ein viktig bidragsytar til. Eg håpar sektoren skal merka at me no har ein eigen statsråd for høgare utdanning og forsking. Dermed kan det bli lettare å gi merksemd til og høve til å setja seg godt inn i dei sakene som gjeld dette feltet.

–Tilbake til universiteta og høgskulane. De vil gjerne at det skal verta meir meritterande å undervisa enn det det har vore. Korleis vil de få det til?

– Det er ganske brei semje om at det å ha forskingsfri og undervisningsplikt ikkje er noko som me likar så godt. Det heng saman med dei store oppgåvene me skal løysa i framtida. Me må løfta statusen til utdanninga og kvaliteten å utdanninga. Der får me fleire gode innspel frå fleire aktørar, men det er ein av dei tinga me skal jobba vidare med. Me har ikkje heilt konkludert med alle verkemidla enno. Eg ser føre meg at her må me samarbeida med institusjonane sjølve. Studentane er jo ei viktig stemme opp i det heile, understrekar ho.

Heldigvis kan me seia at jusstudiet har forandra seg ganske mykje frå den tida då eg gjekk der

– Du var sjølv jusstudent ved Universitetet i Bergen. Då du var student på den tida, var det noko du absolutt tenkte å forandra i tilfelle du i framtida skulle bli statsråd for forsking og høgare utdanning?

– Eg har jo ein cand.jur.-grad, så eg studerte før innføringa av Kvalitetsreforma. Heldigvis kan me seia at jusstudiet har forandra seg ganske mykje frå den tida då eg gjekk der. Ein av dei tinga som eg synest er veldig bra, er at eksamensordninga ikkje er den same no som den var då. For det med ein ni timar lang praktikumeksamen, det er vel noko som me ikkje held på med lenger. Eg tenkjer også at eg ikkje lenger hugsar korleis eg klarte å koma meg heim igjen frå den eksamen, ler ho.

– Alt var ikkje betre før?

– Nei. Folk var jo så slitne. Det var fire avdelingar då. Etter ni timar med eksamen var folk så trøytte at dei ikkje visste korleis dei skulle koma seg heim. Så noko har faktisk blitt betre då.

No høyrest det ut som om eg er ein dinosaur

– Så digital eksamen vil vera å føretrekkja?

– Eg kan ikkje samanlikna dagens situasjon med den gongen eg var student. Alle oppgåvene måtte skrivast for hand, på eit ark som var delt i to, og så skreiv me på den høgre sida og så batt med dei saman med eit tau - no høyrest det ut som om eg er ein dinosaur -  og så la med dei i ein skuff utanfor resepsjonen. Ja, og så fekk med dei tilbake med kommentarar på den venstre sida. Og når eksamensresultatet var klart, var det ei tavle, så alle stod utanfor, attmed den tavla og venta på at dei skulle slå opp eksamensresultata, minnest ho og ler.

– Eg er veldig glad for at universiteta har kome eit steg lenger på dei ti åra som har gått sidan den gongen. Samtidig er det mykje å gjera på universiteta, ikkje minst med digitalisering, det handlar om å få både digitalisering og IKT inn i utdanningane, for det er noko alle må ha, seier ho.

Eg hadde god dialog med studentane då eg sat på Stortinget

 – Kva vil du gjera for dagens studentar?

– På studentsida er det for meg viktig å ha god dialog med studentane. Og å jobba saman med både helse- og omsorgsminister Bent Høie, som har ansvaret for studenthelsa, og kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, som har ansvaret for Lånekassen, for å ta vare på studentane. Då eg sat i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i førre stortingsperiode, kjempa me fram mange viktige saker for studentane, mellom anna elleve månader med studiestøtte. Dessutan er det bygt rekordmange studentbustader og eit eige prosjekt på studentane si psykiske helse. Så me har gjort mykje bra dei fire siste åra, som eg er stolt av. Eg hadde god dialog med studentane då eg sat på Stortinget, og det håpar eg at eg også skal ha her, understrekar ho.

Alle må løfta seg, og så må me ha nokre spissar

– Korleis er du nøgd med dei aktivitetane som skjer på universiteta og høgskulane i dag?

– På generelt grunnlag skjer det mykje bra, me har gode universitet og gode høgskular. Og folk i den sektoren er enormt engasjerte og dedikerte, samtidig som det også er ei politisk oppgåve å sørgja for at me klarer å løfta oss endå meir. For som samfunn brukar med veldig mykje pengar på forsking og høgare utdanningssektoren. Det er heile tida eit mål at me skal få meir igjen for dei pengane me brukar. Det å vera framifrå både nasjonalt og internasjonalt er noko me må strekkja oss etter. Det har mykje å seia å ha leiande forskingsmiljø både for kompetansen vår og for å trekkja til oss folk med eit høgt kompetansenivå. Det er bra for landet vårt. 

– Sist tysdag var eg på utdeling av midlar til UiO frå Toppforsk FRIPRO som gjekk til fagmiljø som produserte dreparceller for å gi endå betre kreftbehandling. Forsking har mykje å seia for dei som driv med det, men det har også mykje å seia for kvar enkelt av oss. Det er eit døme på eit miljø som er leiande og som har potensial til å bli verdsleiande. Alle må løfta seg, og så må me ha nokre spissar, slår ho fast.

 

PRATA MED SVEIN STØLEN: – Men han er så ny, litt sånn som meg, så difor hadde me ein liten prat. Me fekk tid til å helsa på kvarandre, og så fekk eg høyra litt om dei store visjonane som UiO har, fortel Iselin Nybø. (Foto: Ola Sæther)

Akkurat no er Iselin Nybø opptatt med å rullera vidare Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

– No skal me også laga ein prioriteringsplan for nye bygg. Det bad Stortinget oss om i førre periode. Det er nytt for denne sektoren, men noko me kjenner igjen frå samferdselsområdet, der dei lagar desse lange prioriteringslistene. No må me finna vår måte å gjera det på. For det er eit stort behov og mange ynske i sektoren. Bygga er ikkje noko mål i seg sjølve, men verkemiddel for å nå dei måla me har i høgare utdanning og forsking.  

Det passar meg ypparleg

– Når skal du besøkja UiO offisielt?

 – Eg har vore på to korte besøk allereie. Det eine var då me snakka med forskaren som held på med å utvikla dreparceller. Og førre fredag var eg ein liten tur oppe til UiO-rektor Svein Stølen. Dei andre rektorane har vore rektorar så lenge at dei kjende eg frå den tida eg sat i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Men han er så ny, litt sånn som meg, så difor hadde me ein liten prat. Me fekk tid til å helsa på kvarandre, og så fekk eg høyra litt om dei store visjonane som UiO har. Det skjer mykje spennande der, så eg gler meg til å samarbeida med dei som både er entusiastiske og offensive. Det passar meg ypparleg, seier Iselin Nybø.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningpolitikk Av Martin Toft
Publisert 5. feb. 2018 00:40 - Sist endra 5. feb. 2018 12:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere