UiO-leiinga: Startar diskusjonen om føretaksmodell utan at diagnosen er stilt

– I diskusjonen som no går føre seg om føretaksmodellen er rett medisin for norske universitet, startar ein etter vårt syn utan at diagnosen er stilt. Det meiner me er uheldig, står det i UiO-leiinga sitt utkast til høyringsfråsegn om mandatet til Nybø-utvalet.

MANGLAR DIAGNOSE: UiO-leiinga og rektor Svein Stølen meiner diskusjonen om føretaksmodellen er rett medisin, har starta utan at diagnosen er stilt. Det går fram av UiO-leiinga sitt utkast til innspel til mandat for Nybø-utvalet.

Foto: Ola Sæther

Førstkomande måndag klokka 10.00 skal universitetsstyret ha eit ekstraordinært møte for å vedta ei høyringsfråsegn om kva mandat Nybø-utvalet, som skal sjå på forenkling av  regelverket i sektoren, bør ha. 

  • Les også i Uniforum: Skal ha ekstraordinært styremøte for å diskutera mandatet til Nybø-utval

 • Les også: Jeopardy: dersom foretaksmodellen er løsningen for universitetene - hva er problemet?

Dette er saka:

I plattforma frå Jeløya går det fram at regjeringa vil sjå nærare  på ein del område i universitets- og høgskulesektoren:

  1. Det skal setjast ned eit utval som skal gå gjennom regelverket for universiteta og høgskulane. Innspela til mandat for utvalet har frist 1. mai. Det er dette som skal diskuterast på det ekstraordinære møtet i universitetsstyret 30. april.
  2. Ein studie som ser på om det er mogleg  å vurdera nye tilknytingsformer for universitet og høgskular. I dag er universiteta og høgskulane organiserte som forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. I plattforma blir ei organisering som føretak, slik sjukehusa er organiserte, trekt fram som eit døme på ei ny tilknytingsform. Dette forslaget har fått kritikk både frå studentorganisasjonar og frå både NTL og Forskarforbundet. Innspel på dette punktet har ikkje nokon frist.
  3. Forenkling av målstrukturen. Kunnskapsdepartementet ber institusjonane om å koma med synspunkt på korleis målstrukturen i dag verkar og blir opplevd og kva som fungerer godt og kva som kan betrast. Målet er å leggja fram moglege endringar i målstrukturen i tildelingsbreva for 2019. Fristen for å koma med innspel er utsett frå 1. juni til 26. juni.

Ikkje aktuelt med endring av tilknytingsform

No ligg UiO-leiinga sitt utkast til høyringsfråsegn klart, og der tar dei eit klart standpunkt for at det er mogleg både å forenkla regelverket og å utvida autonomien til institusjonane gjennom dagens organisering som statlege forvaltingsorgan med serskilde fullmakter.

UiO-leiinga skriv at svært mykje kan gjerast utan å endra tilknytingsform. Dei viser til at slik som dei kjenner føretaksmodellen frå helsesektoren «har vi ingen tro på at en liknende modell for vår sektor vil øke vår institusjons de facto autonomi.»  Dei viser til at innspelet deira difor hovudsakleg vil handla om det dei kallar for auka handlingsrom og endra fullmaktsforhold for UiO som støttar under dei behova som Universitetet i Oslo har som verksemd. Dei understrekar at mykje av dette kan gjerast innanfor dagens organisering av UiO som eit forvaltingsorgan med serskilde fullmakter. 

  • Les også i Uniforum: NTL mobiliserer mot føretaksmodell for universitet og høgskular

  • Les også i Uniforum: Slik vil universitetene bli påvirket av å bli foretak

  • Les også i Uniforum: Varsler studentopprør mot ny styringsmodell

  • Les også i Uniforum: Iselin Nybø: – Eg elskar debatt

Strukturreforma kan gi meir autonomi

Men UiO-leiinga peikar i utkastet sitt på at det likevel er naudsynt og ynskeleg med auka autonomi for at Universitetet i Oslo skal kunna utvikla seg vidare som eit leiande europeisk forskingsuniversitet. Dei viser til at dette heller handlar meir om korleis det vil vera mogleg å utvikla forskinga og utdanninga framfor om økonomiske utfordringar som heng saman med investering, vedlikehald og ombygging av ein stor eigedomsmasse.

I utkastet blir det også trekt fram at strukturreforma for universitets- og høgskulesektoren har grunnlaget i seg til å gi institusjonane meir autonomi eller sjølvstyre enn dei har i dag. Etter deira meining kan institusjonane dermed bli store nok til at dei sjølve kan ta ansvaret som ein større autonomi føreset. Innføringa av utviklingsavtalane mellom Kunnskapsdepartementet og institusjonane kan gi fleire moglegheiter, legg dei til. 

Må vurderast på grunnlag av ambisjonane

For Universitetet i Oslo sin del, meiner dei at institusjonen må vurderast på grunnlag av dei ambisjonane den har – vanskegraden i det institusjonen vil oppnå – og på grunnlag av det UiO presterer. «Ikke som i dag hvor vi i praksis mister ressurser fordi vi ikke i like stor grad som forskningssvake institusjoner kan auke publiseringsvolumet. Et insentiv for kvantitet som svekker en kvalitativt god institusjon økonomisk er intet godt insentiv», heiter det i utkastet.

Vil framleis ha åremål for professorar i faglege leiarstillingar

Andre problem som blir lyfta fram når det gjeld dagens organisering av universitets- og høgskulesektoren, er ei detaljstyrt utdanningsverksemd og ein gjennomregulert og detaljstyrt stillingsstruktur. På det sistnemnde området trekkjer UiO-leiinga fram som eit døme, tilsetjingar i verna stillingar som professorar. Dei peikar på at tidlegare gav føreskrifta i tenestemannslova heimel for å tilsetja ein professor for fagleg leiing på åremål. UiO har stort behov for at denne heimelen blir ført vidare, fordi det er naudsynt i dei tverrfaglege satsingane der det er behov for å kunna skifta ut leiarar etter ein periode.  UiO-leiinga skriv i utkastet at stillingsstrukturen er for regulert, og dei meiner difor at større fleksibilitet kan vera på å redusera talet på mellombelse stilling i sektoren.

For detaljerte pedagogikk-krav

Dei synest heller ikkje det er naudsynt med ei detaljert føreskrift om kor mange timar med pedagogisk skulering dei UiO-tilsette skal ha, slik det nyleg kom eit forslag om. Desse detaljane bør institusjonane sjølve utforma, står det i utkastet.

Av andre innspel til mandat, plukkar UiO-leiinga ut utdanningsregelverket som eit område der det er naudsynt med ei forenkling. Grunnen er at det finst både i universitets- og høgskulelova, føreskrifter, rundskriv og i brev/utsegner. Dei understrekar dessutan at det bør bli tydelegare kva reglar som gjeld for forskarutdanninga.

Ynskjer større handlingsrom på personalfeltet

Utvalet bør også gå gjennom NOKUTs regelverk og regelverk for kvalitetssikring. UiO-leiinga peikar på at rekneskapsprinsippa skapar ein del meirarbeid og problem med å forstå dei.

Det er dessutan eit problem at bygningsforvaltninga i universitets- og høgskulesektoren er lagt under forskjellige finansieringsregime avhengig av om bygningane er eigde av staten sjølv eller Statbygg,  viser UiO-leiinga til i utkastet til mandat for Nybø-utvalet. Dei ynskjer også auka fullmakter til institusjonane på personalfeltet når det gjeld mellom anna forlik, avtalar om å gå av og opprykksreglement.

UiO-leiinga er viss på kva resultatet kan bli, dersom Universitetet i Oslo får bestemma meir sjølv.

«Vi er overbevist om at vi innenfor en slik forventningsramme bør få økt autonomi. Det vil gi oss mulighet å levere enda bedre på det store samfunnsoppdraget vi har. Vår faglige autonomi må være stor. Vårt akademiske ansvar likeså».

Fristen for å levera inn høyringsfråsegna om mandatet til Nybø-utvalet som skal sjå på forenkling av regelverket er 1. mai. Det er grunnen til at rektor Svein Stølen måtte kalla universitetsstyret inn til eit ekstraordinært møte den siste dagen i april. Det er universitetsstyret som vedtar det endelege innhaldet i denne høyringsfråsegna om mandatet til Nybø-utvalet.

Handsamar målstyring og tilknytingsmodell på seinare møte

Dei to andre punkta i regjeringserklæringa som har å gjera med styring og styringsmodell for universiteta og høgskulane, skal opp på seinare møte. Det gjeld mellom anna innspel om det vil vera behov for å forenkla målstrukturen. På dette punktet var den opphavlege fristen 1. juni, men Universitetet i Oslo har fått den utsett til 26. juni. Dermed kan det punktet behandlast på styremøtet den 19. juni.

Og når det gjeld det mest omdiskuterte forslaget i regjeringsplattforma, altså å vurdera nye tilknytingsformer for universitet og høgskular, som til dømes føretaksmodell, så tolkar UiO det punktet som ein invitasjon til orientering utan frist. Dermed opnar UiO-leiinga for at universitetsstyret kan diskutera dette punktet i heile si breidde på eit styremøte seinare i år.

Dette er saklista til det ekstraordinære styremøtet måndag 30. april. kl. 10.00:

Møte nr. 3/2018 i universitetsstyret (ekstraordinært styremøte)

Tid og sted: Møte nr. 3/2018 i universitetsstyret (ekstraordinært styremøte) 30. apr. 2018 10:00 - 11:00, Rom 921, 9. etg Lucy Smiths hus, Blindern
 

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden


Saker til behandling i åpent møte

Diskusjonssaker


D-SAK 1 Delsvar til KD vedr. "forenkling og forbedring av rammeverket for universiteter og høyskoler"

Saksnummer:

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Orienteringssaker


O-SAK 1 Eventuelt

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 27. apr. 2018 12:26 - Sist endra 27. apr. 2018 12:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere