Svein Stølen: - Eg håpar me får ein større sjølvråderett

– Eg håpar med dette at med får ein større sjølvråderett som institusjon, med mindre detaljstyring frå staten. Det forventar UiO-rektor Svein Stølen av utvalet  statsråd Iselin Nybø har sett ned for å gå gjennom lovar og reglar i universitets- og høgskulesektoren.

HESSEN I NYBØ-UTVAL: Biologiprofessor Dag Olav Hessen (t.v.) frå UiO er med i utvalet som forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø har sett ned for å gå gjennom og vurdera endringar i lover og regelverket for universiteta og høgskulane. UiO-rektor Svein Stølen (t.h) er ein av dei som har vore kritisk til framlegget frå regjeringa om å greia ut til dømes ein føretaksmodell for desse institusjonane. Biletet blei tatt under lanseringa av Dag Olav Hessens bok Sannhet til salgs i vinter.

Foto: Ola Sæther

– Eg ser gjerne at me i framtida i større grad vert  styrt via overordna målbilete der talmateriale og statistikk blir nytta til å fylgja utviklinga til institusjonane, meir enn som mål i seg sjølv. Det seier UiO-rektor Svein Stølen i ein kommentar til mandatet til lovutvalet som regjeringa og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø sette ned fredag 22. juni.

Det er PWC-direktør Helga Aune som skal leia utvalet som skal staka ut den framtidige lovgjevinga for universitet og høgskular. Ho leier gruppa for arbeidsrett i det multinasjonale konsulentselskapet PWC. Biologiprofessor Dag Olav Hessen frå Universitetet i Oslo og professor emeritus Victor Norman frå Noregs handelshøgskule i Bergen er dei dei mest kjende medlemane.

Dette er medlemane i lovutvalet:

Helga Aune, Oppegård, direktør (leiar for utvalet)

Sunniva Bragdø-Ellenes, Kristiansand. Førsteamanuensis

Stine Jørgensen, København. Prodekan for utdanning

Britt Elin Steinveg, Tromsø. Administrasjonssjef

Irene Dahl Andersen, Sarpsborg. Konstituert direktør

Karl Harald Søvig, Bergen. Dekan og professor

Kjell Magne Mælen, Tromsø. Dekan

Dag Olav Hessen, Oslo. Professor

Victor Norman, Bergen. Professor emeritus

Utvalet blei offisielt sett ned av regjeringa i statsråd fredag 22. juni. Lovutvalet skal gå gjennom og vurdera endringar i regelverket, ikkje berre for universitet og høgskular, men også for studentsamskipnadane. Utvalet kjem truleg også til å sjå på moglege nye modellar å organisera universiteta og høgskulane på. Så langt har framlegget om at føretaksmodell skal vera eit alternativ, møtt mykje motstand både på og utanfor universiteta og høgskulane.Sist ute var Unge Høgre som førre helg bad moderpartiet Høgre om å forkasta alle tankar om ein slik modell.

– Ynskjer ei  tillitsbasert delegering av ansvar og makt

Svein Stølen er heilt klar på kva han ynskjer bør vera det viktigaste som skal koma ut av arbeidet til lovutvalet.

– Først og fremst ynskjer me forenkling med ei tydeleg og tillitsbasert delegering av ansvar og makt til institusjonene. Universiteta sin akademiske fridom og ansvar må på ingen måte svekkast. UiO har i tillegg vore tydelege på at autonomien vår ikkje berre verta regulert av

- lov for universitet og høgskular

- føreskriftene gitt med heimel i universitets- og høgskulelova

- studentsamskipnadslova og –føreskrifta

– Dette blir i nokon grad reflektert i mandatet, understrekar han.

Bodskapen frå  UiO-rektor Svein Stølen til utvalet er svært klar:

– Eg håpar med dette me får ein større sjølvråderett som institusjon, med mindre detaljstyring frå staten. Me har i høringsfråsegnene våre brukt studium, stillingsstruktur og investering og modernisering av eigedomane våre som døme. Eg ynskjer utvalet lykke til med eit viktig oppdrag, seier Svein Stølen.

Ferdig februar 2020

Oppgåva frå Kunnskapsdepartementet er at utvalet skal føreslå eit regelverk som tydeleg skildrar ansvar, rettar og plikter for universiteta og høgskulane, og for studentar og tilsette. Til slutt skal arbeidet til utvalet enda opp i ei norsk offentleg utgreiing (NOU), som skal leverarst til Kunnskapsdepartementet seinast 1.februar 2020, går det fram av ei pressemelding.

Lovutvalet skal koma med framlegg på tre område: Ny lov for universitet og høgskular, endringar i føreskriftene som er gitt med heimel i universitets- og høgskulelova og endringar i studentsamskipnadslova og –føreskrifta.

– Spennande oppgåve

– Det er viktig at alle universitet og høgskular har og framleis skal ha lovfesta fagleg fridom og ansvar. Eg er glad me har fått eit godt og kompetent utval som kan sjå på heilskapen i regelverket og vurdera ulike omsyn opp mot kvarandre. Utvalet har ei viktig og spennande oppgåve framfor seg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Alle universitet og høgskular i Noreg er regulerte av universitets- og høgskulelova. Sist gong regelverket for universitet og høgskular blei grundig vurdert var i NOU 2003:25 Ny lov om universiteter og høyskoler. Det var ein del  av bakgrunnen for at  universitets- og høgskulelova blei vedtatt av Stortinget i 2005, og den nye lova gav for første gong ei felles lov for statlege og private universitet og høgskular. Sidan den gongen er det berre gjennomført endringar i enkelte delar av lova.

Les også desse artiklane:

 • Les i Uniforum: UiO-styret: Føretaksmodellen vil ikkje auka autonomien vår

 • Les i Uniforum: UiO-leiinga: Startar diskusjonen før diagnosen er stilt

 • Les i Uniforum: Ikkje einige om kategorisk avvising av føretaksmodellen

 • Les i Uniforum: Skal ha ekstraordinært styremøte for å diskutera mandatet til Nybø-utval

 • Les i Rektorbloggen: Universitetene må gis større ansvar og myndighet

 • Les i Rektorbloggen: Jeopardy: dersom foretaksmodellen er løsningen for universitetene - hva er problemet?

 • Les også i Uniforum: Iselin Nybø: – Eg elskar debatt

(Oppdatert 23. juni klokka 11:55)

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 22. juni 2018 15:29 - Sist endra 23. juni 2018 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere