No blir det endeleg rehabilitering av Eilert Sundts hus

Rehabiliteringa av dei sju øvste etasjane av Eilert Sundts hus på Blindern skal starta opp til hausten. Det vedtok Universitetsstyret i dag.

Ein stor bygning på Blindern får eit glimt av sol i veggen.

SKAL REHABILITERAST: Eilert Sundts hus skal rehabilierast til hausten. Det er heilt sikkert etter at det i dag blei  endeleg vedtatt i Universitetsstyret. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den samla kostnaden for Eilert Sundts hus vil koma på 180 millionar kroner. UiO vil sjølv bidra med 55 millionar på 2021-budsjettet og med ein sum på 50 millionar på budsjettet for 2022. 

Frå før har Kunnskapsdepartementet gjort det klart at det løyver 45 millionar kroner, medan SV-fakultetet har løyvd 30 millionar til prosjektet. Dermed er spleiselaget klart, og dermed kunne også eit samrøystes universitetsstyre vedta framlegget om å setja i gang dette arbeidet frå haustsemesteret 2020.

Stått på vent i fleire år

Rehabiliteringa av Eilert Sundts hus har stått på vent i fleire år, og SV-fakultetet har heile tida sett mange prosjekt som det hasta endå meir å få gjort noko med, passera dei på prioriteringslista.

Planen var at UiO skulle bidra med 65 millionar kroner til prosjektet på 2021-budsjettet.  Etter at regjeringa gav 45 millionar til prosjektet, noko som var 15 millionar meir enn det UiO hadde rekna med, har UiO sentralt redusert sitt bidrag på 2021-budsjettet til 55 millionar kroner.

Dei 30 millionar kronene frå SV-fakultetet skal finansierast gjennom ein reduksjon av tildelinga til institutta over ein periode på fem år frå 2021, går det fram av vedtaket i fakultetsstyret frå 20. mars.

Utsett for to år sidan

Det var i 2018 Universitetsstyret vedtok at den planlagde rehabiliteringa av dei øvste etasjane i Eilert Sundts hus måtte utsetjast til 2020.  Grunnen var at UiO var nøydd til å kutta budsjettet med til saman 100 millionar i 2019 og 2020.

To år seinare ser budsjettsituasjonen så bra ut, at den naudsynte rehabiliteringa av Eilert Sundts hus til en samla sum på 180 millionar kroner, kan starta opp til hausten.  Arbeidet vil gå føre seg frå og med femte til tolvte etasje i bygningen. Det blir dermed den siste bygningen på Øvre Blindern som vert rehabilitert. Dei neste bygningane i rehabiliteringskøen, er bygningar på Nedre Blindern.

Vedtok fordeling av 5,9 milliardar

Fordelinga av den venta tildelinga på 5,9 milliardar kroner frå Kunnskapsdepartementet på statsbudsjettet for 2021, blei vedtatt samrøystes og utan diskusjon i universitetsstyret. 

Styremedlemane slutta seg også til forslaget frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen om å utsetja handsaminga av de i føreslåtte prioriteringane til Universitetsstyret til eit styremøte til hausten. Grunngjevinga for det, er den uvisse økonomiske situasjonen som koronaepidemien har skapt. Det einaste unntaket frå dette er altså forslaget om å vedta at arbeidet med rehabiliteringa av Eilert Sundts hus, skal setjast i gang frå hausten etter at heile finansieringa no er på plass.

Vedtok endringar i retningslinjene til skjelettsamling

I dagens møte handsama styret også forslaget til endringar i retningslinjene for De Schreinerske Samlinger. Det vil gi Sametinget utvida ansvar for alt samisk materiale i  samlinga. Det er også Sametinget som skal avgjera søknader om tilbakelevering av levningar for gjengravferd og om forsking på materialet. 

Ei anna endring er at Kulturhistorisk museum skal inngå ein eigen avtale med Det medisinske fakultetet om arkeologisk materiale i samlinga. Det vil seia materiale frå oldtida og fram til reformasjonen i 1537.Det siste punktet i retningslinjene som no er blitt endra, er at det blir tatt me ei rutine for forsking på materialet.

Det siste punktet i retningslinjene som no er blitt endra, er at det blir tatt me ei rutine for forsking i retningslinjene.

Alle dei føreslegne endringane blei samrøystes vedtekne av Universitetsstyret. 

 

Emneord: Økonomi, Bygninger, samer Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2020 16:40 - Sist endra 23. juni 2020 16:40
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere