Rehabiliteringa av Eilert Sundts hus kan starta etter tildeling på 45 millionar

I dag blei det klart at regjeringa løyver 45 millionar kroner til rehabiliteringa av dei sju øvste etasjane av Eilert Sundts hus. Då er finansieringa klar og arbeidet kan starta i år.

I BOKS: No er spleiselaget for finansieringa av rehabiliteringa av Eilert Sundts hus i boks. Måndag 18. mai gav regjeringa ei tildeling på 45 millionar kroner til prosjektet.  Dermed er det fullfinansiert.  (Arkivfoto)

Foto: Ola Gamst Sæther

Rehabiliteringa av Eilert Sundts hus har stått på vent i fleire år, og SV-fakultetet har heile tida sett mange prosjekt som det hasta endå meir å få gjort noko med, passera dei på prioriteringslista. Etter at både universitetsstyret og fakultetsstyret hadde sett av pengar til prosjektet, var det berre å venta på ei tildeling frå regjeringas øyremerkte budsjettpost til vedlikehald av bygningane til dei sjølvforvaltande universiteta.

Og  i dag kom meldinga  frå Kunnskapdsdepartementet om at Universitetet i Oslo får ei tildeling på 45 millionar kroner frå det budsjettet. Dermed har føresetnaden som universitetsstyret sette i møtet den 11. mars, blitt innfridd. 

 

  • Ordninga for oppgradering av bygningar ved dei statlege sjølvforvaltande institusjonane blei innført i statsbudsjettet for 2015.
  • Dei sjølvforvaltande institusjonane er Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, UiT – Norges arktiske universitet, NTNU, NMBU og Noregs idrettshøgskole. Andre universitet og høgskular leiger lokala sine gjennom statens husleigeordning eller av private aktørar.

(Kjelde: Kunnskapsdepartementet)

 

Fekk 15 millionar kroner meir enn venta

Faktisk har regjeringa løyvd 15 millionar meir enn det som blei rekna som realistisk å få då saka den gongen kom opp i universitetsstyret. Då presenterte  universitetsdirektør Arne Benjaminsen universitetsstyret for ein modell for eit spleiselag mellom Kunnskapsdepartementet, UiO og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Han peika på at det var realistisk å få eit tilskot på 30 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet frå ein budsjettpost som samla er på 161 millionar kroner og som er øyremerkt til bygningar i universitets- og høgskulesektoren. I fjor fekk UiO 30 millionar kroner frå denne posten til rehabiliteringa av Svein Rosselands hus på Nedre Blindern.

Fakultetsstyret på SV løyvde 30 millionar

Om dette går i boks, vil UiO sjølv kunna forskottera prosjektet med 65 millionar kroner frå 2021-budsjettet, opplyste han då. I tillegg rekna han med eit bidrag frå SV-fakultetet. Det kom i fakultetsstyremøtet på SV rundt ni dagar etterpå, den 20 mars. Då vedtok fakultetsstyret å løyva 30 millionar kroner til rehabiliteringa av Eilert Sundts hus. Til saman vil rehabiliteringa koma på 180 millionar kroner inkludert innkjøp av inventar og møblar. Og UiO sentralt vil til saman gi 115 millionar kroner av desse pengane.

Bidraget til SV-fakultetet skal finansierast ved reduksjon i tildelinga til institutta over ein periode på fem år frå 2021, går det fram av det vedtaket.

Den samla budsjettpakka skal opp til endeleg handsaming når universitetsstyret skal vedta det endelege UiO-budsjettet for 2021 i junimøtet. Når arbeidet er ferdig, vil Eilert Sundts hus vera den siste av bygningane på Øvre Blindern som er blitt rehabilitert. Med tildelinga på 45 millionar kroner frå regjeringa, har UiO dermed fått 15 millionar kroner meir enn det rekna med. Det vil sjølvsagt gjera finansieringa lettare å sy saman.

Største potten til UiO

Det var Universitetet i Oslo som fekk den største potten av dei 161 millionar kronene som blei løyvd til vedlikehald av bygningar i universitets- og høgskulesektoren denne gongen. I fylgje ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet er pengane fordelte i to pottar. 135 millionar går til universitet og høgskular som forvaltar sine eigne bygningar og 26 millionar går til institusjonane som leiger lokale av Statsbygg.

Desse får støtte i 2020: 

Prosjekt ved sjølvforvaltande institusjonar:

Institusjon

Prosjekt

Beløp (mill. kroner)

UiO

Eilert Sundts hus B

45

UiB

Realfagsbygget

25

NMBU

Aud Max

20

NTNU

Gløshaugen

15

NTNU

Kalvskinnet

5

UiT

Universitetsbiblioteket Tromsø

15

NiH

Bibliotek og Lesesal

10

SUM

 

135


Prosjekt i lokale eigd av Statsbygg:

Institusjon

Prosjekt

Beløp (mill. kroner)

NHH

Ombygging kantine

2,5

HVL

Lettbygg, Førde

3

HVL

Kafe- og vrimleareal, Stord

2

HVL

Klimahus, Bergen

1,5

UiT

Havnegata Harstad

5

UiS

Universitetsbibliotek

1,5

UiS

Hagbart Lines hus

0,4

UiS

Arne Rettedals hus

1,5

UiS

Kitty Kiellands hus

2,8

NU

Levanger

0,8

HiNN

Lillehammer, Rena og Hamar

5

SUM

 

26

 

     
     
     
     
     
     
     
     
   

 

 

 

 

Emneord: Bygninger, Økonomi, eiendom Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2020 23:57 - Sist endra 18. mai 2020 23:57
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere