Rehabiliteringa av toppetasjane i Eilert Sundts hus kan starta i 2020
Den naudsynte rehabiliteringa av 5.-12. etasje i Eilert Sundts hus kan starta i år. Føresetnadene er at prosjektet får støtte frå Kunnskapsdepartementet og at universitetsstyret gir klarsignal.

EILERT SUNDTS TUR: No kan det truleg bli Eilert Sundts tur til å bli rehabilitert. Universitetsdirektøren ber universitetsstyret vedta eit forslag til spleiselag som kan gi 160 millionar kroner til naudsynt vedklikehald av den bygningen. Til saman vil arbeidet truleg koma på 180 millionar.
Dei siste åra har den endelege rehabiliteringa av Eilert Sundts hus blitt sett på vent fordi det heile tida kom nye vedlikehaldsprosjekt som det hasta endå meir med å få sett i gang. Først kom renoveringa av Kristian Ottosens hus på Blindern og deretter var det naudsynt med eit hastevedlikehald av Historisk museum i sentrum.
I år ser det endeleg ut til at dei øvste sju etasjane i Eilert Sundts hus står for tur til å bli rehabiliterte for ein samla kostnad på 160 millionar kroner. Om me tar med innkjøp av møblar og inventar, vil dei samla utgiftene koma på 180 millionar kroner, viser eit oversyn frå Eigedomsavdelinga.
Håpar på spleiselag
Saka kjem opp til handsaming i universitetsstyret tysdag 10. mars. Universitetsdirektøren ber universitetsstyret vedta oppstart av rehabilitering av 5-12 . etasje i Eilert Sundts hus. Vilkåret er at Kunnskapsdepartementet bidrar med pengar til finansieringa. Derfor ber universitetsdirektør Arne Benjaminsen universitetsstyret om å slutta seg til at UiO søkjer KD om tilskot til prosjektet frå den øyremerkte posten til vedlikehald av bygg. Den posten er på 161 millionar kroner. Om dette går i boks, vil UiO sjølv kunna forskottera prosjektet med 65 millionar kroner frå 2021-budsjettet.
Planen er at Det samfunnsvitskaplege fakultetet også skal bidra til finansieringa saman med Universitetet i Oslo sentralt og Kunnskapsdepartementet. Fristen for å søkja om pengar frå Kunnskapsdepartementet er 31.mars. Derfor må styret vedta forslaget på møtet 10. mars.
115 millionar kroner frå UiO-budsjettet
I fjor fekk UiO eit tilskot på 30 millionar kroner frå den øyremerkte posten til vedlikehald av bygg. Dei pengane gjekk til vedlikehaldet av Svein Rosselands hus på Blindern. Det er bygningen som husar Institutt for teoretisk astrofysikk.
Universitetsdirektør Arne Benjaminsen reknar med at universitetsstyret må finansiera 115 millionar av dei 180 millionar kronene den totale renoveringa av Eilert Sundts hus vil kosta. Resten av pengane skal koma frå Kunnskapsdepartementet og bidraget frå Det samfunnsvitskaplege fakultetet.
I saksdokumenta går det fram at når Eilert Sundts hus er ferdig renovert, vil alle bygningane på Øvre Blndern vera ferdig renoverte. Når det er gjort, kjem turen til bygningane på Nedre Blindern. Det endelege vedtaket i denne saka skal gjerast i samband med handsaminga av budsjettet for 2021 i juni.
Skal ha standardar for karrierestøtte
På sakslista til universitetsstyret står også eit forslag om å vedta UiOs standardar for karrierestøtte til forskarar i tidleg karrierefase.
Møtet startar med ei orientering frå Riksrevisjonen om moglege funn i revisjonen av Universitetet i Oslo. Det skjer bak stengde dører. For opne dører skall styret handsama årsrapporten for UiO for 2019 og versemdsrapporten for UiO for tredje tertial 2019. Dessutan skal styret gå gjennom årsrapporten for 2019 frå Internrevisjonen. Som orienteringssaker får styret på sitt bord årsrapporten frå “Felles redelighetsutvalg” frå 2018 og frå Forskingsetisk utval frå 2019.
Møtet startar tysdag 10. mars klokka 10.00 og skal etter planen vera avslutta klokka 16.00. Tradisjonen tru går møtet føre seg i Professorboligen i sentrum.
Dette er heile saklista:
Møte nr. 2/2020 i universitetsstyret
Tid og sted: 10. mars 2020 10:00–16:00, Professorboligen, Karl Johansgate 47
Saker til behandling i lukket møte
Ordinære saker
V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet
Orienteringssaker
O-SAK 1 Riksrevisjonen informerer om sitt arbeid og eventuelle funn i revisjonen
Ved Raj Esther Thomas fra Riksrevisjonen
Saker til behandling i åpent møte
Orienteringssaker
O-SAK 2 Forskningsetikk ved UiO
Presentasjon ved Knut W. Ruyter og Bjørn Ramberg
Ordinære saker
V-SAK 2 Årsrapport 2019 inkl. avlagt årsregnskap 2019
Saksnr.
Forslag til vedtak:
- UiOs Årsrapport for 2019, inkl. årsregnskap for UiO, vedtas med de endringer som kom fram under møtet.
- Universitetsdirektøren gis fullmakt til å ferdigstille dokumentet.
Saksdokumenter:
V-SAK 3 Virksomhetsrapport 3. tertial 2019 for Universitetet i Oslo
Saksnr. 2019/10815
Forslag til vedtak:
- Styret tar virksomhetsrapporten for 3. tertial 2019 til etterretning.
Saksdokumenter:
V-SAK 4 Årsrapport 2019 - Enhet for internrevisjon
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret tar internrevisjonens rapport til etterretning. Universitetsstyret ber administrasjonen følge opp de foreslåtte tiltakene og rapportere tilbake til styret.
Saksdokumenter:
V-SAK 5 Oppfølging av Karrierepolitisk tiltaksplan: Standarder for karrierestøttende tiltak
Saksnr.
Forslag til vedtak:
Universitetsstyret vedtar Standarder for UiOs karrierestøtte til forskere i tidlig karrierefase
Saksdokumenter:
V-SAK 6 Rehabilitering av Eilert Sundts hus
Saksnr. 2019/12930
- Universitetsstyret vedtar, med forbehold om finansiering fra KD, oppstart av rehabiliteringen av 5.-12. etg. i Eilert Sundts hus.
- Universitetsstyret vedtar en forskuttering av inntil 65 mill. kroner av fordeling for 2021.
- Universitetsstyret slutter seg til at UiO søker om tilskudd til prosjekt for å oppgradere de resterende etasjene i Eilert Sundts hus med en totalkostnad på 160 mill. kroner.
- Endelig vedtak fattes i forbindelse med behandlingen av fordelingen for 2021 den 23. juni 2020.
Saksdokumenter:
Orienteringssaker
O-SAK 3 Årsrapport for Felles redelighetsutvalg 2018
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 4 Årsrapport for Forskningsetisk utvalg 2019
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 5 Status bygg- og eiendomssaker
Saksnr.
Saksdokumenter:
O-SAK 6 Orienteringer fra universitetsdirektøren
Saksnr. 2008/3197
Saksdokumenter:
O-SAK 7 Årshjul for styresaker
Saksnr. 2014/2322
Saksdokumenter:
Saker til behandling i lukket møte
Orienteringssaker
O-SAK 8 Eventuelt
Ordinære saker
V-SAK 7 Godkjenning av protokoll for inneværende møte
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere