SV-fakultetet blir med på spleiselaget for Eilert Sundts hus

Det samfunnsvitskaplege fakultetet skal bidra med 30 millionar kroner til rehabiliteringa av Eilert Sundts hus. Det vedtok fakultetstyret før helga.

Ein bygning på BIlindern med mange studentar i forgrunnen

EIGENFINANSIERING: SV-fakultetet gir 30 millionar kroner i eigenfinansiering til rehabiliteringa av Eilert Sundts hus

Foto: Ola Gamst Sæther

Rehabiliteringa av dei fem øvste etasjane i Eilert Sundts hus er no nærmare realisering enn nokon gong. Det er klart etter at fakultetsstyret fredag 20. mars vedtok forslaget om å bidra med 30 millionar kroner til spleiselaget som skal finansiera vedlikehaldet av hovudbygningen til SV-fakultetet på Blindern. Det stadfestar fakultetsdirektør Gudleik Grimstad overfor  Uniforum. Frå før har Universitetsstyret gått inn for at UiO sentralt kan forskottera 65 millionar kroner frå 2021-budsjettet til dette arbeidet. 

• Les meir  i UniforumTruleg oppstart av rehabilitering av Eilert Sundts hus i 2020

Håpar på bidrag frå Kunnskapsdepartementet

No ventar alle på eit positivt svar på søknaden til Kunnskapsdepartementet om økonomisk støtte til vedlikehaldet av den bygningen. Håpet er at KD vil kunna bidra med 30 millionar kroner frå ein budsjettpost som er øyremerkt vedlikehald av bygningar i universitets- og høgskulesektoren.

Til saman vil rehabiliteringa koma på 180 millionar kroner inkludert innkjøp av inventar og møblar. Og UiO sentralt vil til saman gi 115 millionar kroner av desse pengane.

Bidraget til SV-fakultetet skal finansierast ved reduksjon i tildelinga til institutta over ein periode på fem år frå 2021, går det fram av vedtaket. Budsjettpakka skal opp til endeleg handsaming når universitetsstyret skal vedta det endelege UiO-budsjettet for 2021 i junimøtet. Når arbeidet er ferdig, vil Eilert Sundts hus vera den siste av bygningane på Øvre Blindern som er blitt rehabilitert.

Blir med på Honours-programmet

SV-fakultetet vert også med på Honours-programmet til UiO. Fakultetsstyret vedtok å oppretta 10 studieplassar på dette programmet frå hausten 2021. Frå før finansierer Det humanistiske fakultetet 10 studieplassar, og det same gjer Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Inntekter og utgifter skal fordelast likt mellom dei involverte fakulteta. No inviterer fakultetet alle institutta til å melda seg på om å få desse studieplassane. 

• Les meir om Honours-programmet i Uniforum:

UiO startar Noregs først Honours-program: - Unorsk, men verdt å prøva ut

Studiedekan Trine Waaktaar ser svært positivt på dette.

 – Det er bra for å få til eit verkeleg samarbeid på tvers av fakulteta. Og ei satsing på ei mindre gruppe med studentar med interesse for det tverrfaglege kan gå opp løysingar til bruk i andre tverrfakultære program. Og erfaringa viser at det ofte kan vera utfordrande både når det gjeld struktur og samarbeid, sa Trine Waaktaar til Uniforum rett før fakultetsstyret vedtok å bli med i Honours-programmet.

 

 

 

Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2020 17:02 - Sist endra 23. mars 2020 17:02
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere