UiO startar Noregs første talentprogram: – Unorsk, men verdt å prøva ut

I dag er siste frist for å melda seg på fag i høgare utdanning. Talentprogrammet «Honours» er eit nytt studietilbod på UiO. – Det er unorsk, men verdt å prøva ut, synest Didrick Kruse, leiar for studentutvalet ved Mat.Nat.

– I Noreg er opptakssystemet slik at det berre er karakterane som tel. Er det dei flinkaste eller dei mest motiverte dei vil ha inn på honours-programmet? spør Didrick Kruse som er leiar for studentutvalet på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. 

Foto: Martin Toft

For første gong i Noreg vert det starta eit eige studieprogram for spesielt talentfulle studentar. Det er Universitetet i Oslo som på eiga hand og med eigne pengar har starta opp det tverrfaglege bachelorprogrammet "Honours". Det er eit samarbeid mellom Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det humanistiske fakultetet.

Den raude tråden for dei 20 studentane som blir tatt opp på det tre år lange programmet, blir kunstig intelligens.  Når dei er ferdige, vil dei få til saman 210 studiepoeng.

Få studentar vel talentprogram

Nyleg var Marca V.C. Wolfensberger ved Universitetet i Oslo og fortalde om programmet for talentfulle studentar ho hadde starta opp i Nederland. Prosjektet hennar har inspirert universitet i Danmark til å gjera det same, før UiO no har gripe hansken og etablerer sitt eige talentprogram «Honours» i år. Det er eit bachelorprogram der felles tema gjennom dei tre åra, skal vera kunstig intelligens. Fristen for å søkja seg inn på programmet går altså ut i dag 15. april. Etter hennar utrekningar vil dei som søkjer seg inn på studiet vera heller få. I Nederland var det i 2015 5000 studentar som gjekk på slike honours-program. Dei utgjorde 1,6 prosent av alle studentane på dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet.

STARTA TALENTPROGRAM: Marca Wolfensberger starta det første talentprogrammet i Nederland. No spreier ho ideen også til andre land, mellom andre Danmark og Noreg. (Foto: Martin Toft)

Personar som set pris på talentet

– For den talentfulle studenten er er det viktig å vera i eit studiemiljø med personar som set pris på talentet studenten har. Grunnen til at ein student har spesielle talent kan handla både om genar, praksis og læringsmiljø. Honours-program er institusjonane sitt ansvar og er ein veg til å utfordra studentar som er i stand til og villige til å gjera meir, slår ho fast.

Det er fysikkprofessor Anders Malthe-Sørenssen som har tatt initiativet til etableringa av det tverrfaglege honoursprogrammet ved Universitetet i Oslo.

- Det norske programmet vil vera som dei nederlandske. Her får ekstra ambisiøse studentar høvet til å ta fleire studiepoeng enn normert i eit inspirerande læringsmiljø, seier han i ein artikkel som er lagt ut på nettsidene til UiO.

Fakta om bachelorprogrammet honours:

Søkjaren må velja studieretning humaniora eller realfag (R2-krav)

Søkjaren tar ein bachelorgrad i realfag (fysikk og astronomi eller matematikk med informatikk) elller humaniora (lingvistikk, filosofi eller musikkvitskap) med eit honours-tillegg

Dei som vil inn på studiet søkjer gjennom Samordna opptak

Studiet har plass til 20 studentar

Studentane tar fleire studiepoeng enn studentar i vanlege studieløp

Kunstig intelligens er tema for kull 2019

Søknadsfristen er 15. april

(Kjelde: Universitetet i Oslo)

– Viktig å prøva ut

Didrick Kruse lytta med stor interesse på innlegget til Marca V.C Wolfensberger. Han er leiar for studentutvalet ved Mat.Nat.-fakultetet. – Eg synest det er viktig å prøva ut dette, sjølv om det er svært unorsk. I dette programmet er det studentar som allereie er gode, som får eit tilbod. Vanlegvis er det studentar som slit, som treng ekstra oppbacking, seier han til Uniforum.

Han meiner at å ta opp dei flinkaste avgangselevane på eit talentstudium på Universitetet i Oslo, kan vera problematisk.

 – I Noreg er opptakssystemet slik at det berre er karakterane som tel. Er det dei flinkaste eller dei mest motiverte dei vil ha inn på honours-programmet? Dei må sjå kva som fungerer best, konstaterer han.

– Viktig å vera kritisk

Didrick Kruse synest også at det er eit dilemma at dette studietilbodet blir finansiert av pengar som elles ville ha gått til andre studieprogram. – Pengane burde ha blitt tatt frå andre budsjett. Det er fint at det er sett i gang som eit prosjekt. Samtidig er det viktig å vera kritisk til dette, meiner han.

Rektor Svein Stølen ventar mykje av studentane som søkjer seg inn på dette talentprogrammet.  

– Me trur det blir eit trongt nålauge, seier han i ein kommentar på nettsidene til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.

Noregs aller første talentprogram på eit norsk universitet startar opp på UiO i  august. 

Les meir om Honours-programmet på desse nettsidene

 

 

 

Emneord: Studentorhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 15. apr. 2019 17:08 - Sist endra 15. apr. 2019 17:08
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere