Truleg oppstart av rehabilitering av Eilert Sundts hus i 2020

Rehabiliteringa av 5.-12. etasje i Eilert Sundts hus kan sannsynlegvis koma i gang i år. Det er klart etter at universitetsstyret i går vedtok planane. Vilkåret er at det også kjem eit bidrag frå Kunnskapsdepartementet.

SKAL RUSTAST OPP: Dei sju øvste etasjane i Eilert Sundts hus på Øvre Blindern skal truleg rustast opp og rehabilerast i 2020. Det vedtok universitetsstyret 10. mars.

Foto: Ola Gamst Sæther

No kan det siste vedlikehaldsprosjektet på Øvre Blindern truleg ta til i år. Det gjeld dei øvste sju etasjane av Eilert Sundts hus. Dei kan no bli rehabiliterte for ein samla kostnad på 160 millionar kroner. Om me tar med innkjøp av møblar og inventar, vil dei samla utgiftene koma på 180 millionar kroner, viser eit oversyn frå Eigedomsavdelinga. Eilert Sundts hus husar i dag dei fleste institutta på Det samfunnsvitskaplege fakultetet. 

• Les i Uniforum:

Rehabiliteringa av toppetasjane i Eilert Sundts hus kan starta i 2020

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen presenterte i går universitetsstyret for ein modell for eit spleiselag mellom Kunnskapsdepartementet, UiO og Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Han peika på at det var realistisk å få eit tilskot på 30 millionar kroner frå Kunnskapsdepartementet frå ein budsjettpost som samla er på 161 millionar kroner og som er øyremerkt til bygningar i universitets- og høgskulesektoren. I fjor fekk UiO 30 millionar kroner frå denne posten til rehabiliteringa av Svein Rosselands hus på Nedre Blindern.

Eigenfinansiering på 115 millionar

Om dette går i boks, vil UiO sjølv kunna forskottera prosjektet med 65 millionar kroner frå 2021-budsjettet. I tillegg rekna han med eit bidrag frå SV-fakultetet. Dermed hadde universitetsdirektør Arne Benjaminsen summert tala og kome fram til at UiO sentralt må finansiera 115 millionar kroner av den samla summen på 180 millionar kroner som rehabiliteringa av dei sju øvste etasjane i Eilert Sundts hus vil kosta. Uansett om det kjem ei ekstra løyving frå KD eller ikkje, vil saka koma opp til endeleg vedtak i universitetsstyret i budsjettmøtet i juni.

– Me har ein plan

På møtet i universitetsstyret i går var studentrepresentane Runa Kristine Fiske og  Erlend Ditlefsen Aag opptekne av kva konsekvensar vedlikehaldsarbeidet ville få for studentane.

 – Me har gode tilbod om reservelokale i byggjeperioden, opplyste Arne Benjaminsen. Men han kunne ikkje gå konkret inn på kvar og kven dei har fått tilbod om reservelokale frå.

– Me har ein plan, slo han fast.

Samrøystes vedtak

Ekstern representant Idar Kreutzer hadde ingen problem med å gi tilslutnad til det økonnomiske spleiselaget for å få rehabilitert Eilert Sundts hus.

– Om me ikkje får ei løyving frå KD, må me sjølvsagt ta det opp til ny vurdering, understreka han. I dette synspunktet fekk han også støtte frå universitetsdirektøren.

Eit samrøystes universitetsstyre vedtok til slutt forslaget til rehabilitering av dei øvste etasjane av Eilert Sundts hus.

Dei siste åra har den endelege rehabiliteringa av Eilert Sundts hus blitt sett på vent fordi det heile tida kom nye vedlikehaldsprosjekt som det hasta endå meir med å få sett i gang. Først kom renoveringa av Kristian Ottosens hus på Blindern og deretter var det naudsynt med eit hastevedlikehald av Historisk museum i sentrum. Med vedtaket i universitetsstyret ser det ut til at rehabiliteringa av Eilert Sundts hus kan ta til i 2020, så sant det kjem ei ekstra løyving frå Kunnskapsdepartementet.

 

Emneord: Bygninger, byggeprosjekter, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. mars 2020 11:47 - Sist endra 11. mars 2020 11:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere