Vil gi klarsignal til rehabilitering av Eilert Sundts hus - fylg dagens møte i Universitetsstyret

Rehabiliteringa av Eilert Sundts hus på Blindern kan ta til i haust. Det er klart etter at spleiselaget mellom UiO, SV-fakultetet og Kunnskapsdepartementet er i boks. Saka blir endeleg avgjort i UIO-styret i dag.

Ei av høgblokkene på Blindern med fleire perosnar i forgrunnen

I BOKS: No er det nesten heilt sikkert at rehabiliteringa av Eilert Sundts hus kan ta til til hausten. Univeristetstyret gjer endeleg vedtak i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Den samla kostnaden for Eilert Sundts hus vil koma på 180 millionar kroner. UiO vil sjølv bidra med 55 millionar på 2021-budsjettet og med ein sum på 50 millionar på budsjettet for 2022.  Frå før har Kunnskapsdepartementet gjort det klart at det løyver 45 millionar kroner, medan SV-fakultetet har løyvd 30 millionar til prosjektet. 

Dermed kan rehabiliteringa av dei sju øvste etasjane i Eilert Sundts hus ta til i løpet av hausten, dersom Universitetstyret vil vedta tilrådinga frå universitetsdirektør Arne Benjaminsen.

Ber om utsetjing av føreslåtte prioriteringar

Den endelege handsaminga av dei andre føreslåtte prioriteringane innanfor dei 142 millionar kronene som Universitetsstyret disponerer utanom dei faste rammene, ber universitetsdirektøren UiO-styret om å utsetja til hausten. Grunngjevinga er at dei då vil vita meir om dei økonomiske  konsekvensane av tiltaka som blei sette i gang i samband med Covid-19-pandemien. Innanfor dei prioriteringane som er føreslått, er det også sett av ein sum på 20 millionar kroner nettopp til uføresette kostnader i samband med koronakrisa.

Millionløyvingar føreslegne til Circle U og klimastrategi

Det er også føreslått ein pott på 5 millionar kroner til gjennomføring av faglege tiltak knytte til klima- og miljøstrategien til UiO.  Elles er det av ein del millionsummar til arbeidet med det europeiske universitetssamarbeidet Circle U og til Senteret for framifrå undervisning (LINK). Ein post på 10 millionar kroner til satsinga på eit bevaringsprosjekt på musea REVITA, går ut i 2020.  Universitetsdirektør Arne Benjaminsen har også kalkulert med ein reduksjon i løyvingane på 26 millionar kroner i 2021.  Samtidig har han også lagt inn ein samla reduksjon på 0,5 prosent i alle einingane sine budsjett på UiO, slik at dei kan ta det naudsynte kuttet som vil skje på grunn av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma (ABE-reforma. Han ber også universitetstyret om å vedta det forslaget.

Skal godkjenna fordeling av 5.9 milliardar kroner

Det er likevel den samla løyvinga frå Kunnskapsdepartementet til UiO på sannsynlegvis 5,9 milliardar kroner som er den aller største potten Universitetsstyret skal vedta fordelinga av 23. juni.  Den utgjer åleine 70 prosent av inntektene til UiO. 20 prosent av inntektene kjem frå eksternt finansiert bidragsforsking, det vil seia Forskingsrådet og EU, medan dei siste 10 prosenta kjem frå billettinntektene til musea og andre oppdrag. Mesteparten av dei 5,9 milliardane frå Kunnskapsdepartementet er knytt til ramma for kvar enkelt eining og mesteparten av pengane er knytt til lønn og drift. 

Når pengane til dei ulike einingane er fordelte meir eller mindre på same vis som tidlegare år. men med ei påplussing for lønns- og prisauke, sit Universitetsstyret igjen med ein pott på 142 millionar kroner som dei kan bestemma bruken av. 

Men i koronaåret 2020 må mesteparten av prioteringane av den posten bli utsette til hausten.  Unntaket er altså løyvinga til rehabiliteringa av Eilert Sundst hus. Grunnen er nettopp uvissa koronakrisa har skapt når det gjeld kva ekstrautgifter Universitetet i Oslo vil få, går det fram av bakgrunnsnotatet til forslaget til stipulert budsjett for 2021.

Slik blir fordelinga av den samla løyvinga på 5,9 milliardar kroner i 2021:

 

Ei anna sak som også kjem opp i Universitetsstyret er det store underskotet på Det odontologiske fakultetet. Som Uniforum melde før helga er det no kome opp i 54 millionar kroner, ifylgje Versksemdsrapporten for dei fire første månadane i 2020. Derfor skal UiO-leiinga samarbeida tett med fakultetsleiinga for å få budsjettet i balanse så fort som råd.

• Les i Uniforum: Økonomien til odontologi kan gå frå vondt til verre

Det er også føreslått ein del endringar i retningslinjene til De Schreinerske Samlinger eller skjelettsamlinga ved UiO. Den eine endringa går ut på å utvida ansvaret Sametinget har for utlevingar av levningar til gjengravferd og til forsking på samisk materiale.  Ei anna endring går ut på å få inn ei rutine for forsking i retningslinjene.

• Les i Uniforum: UiO gir Sametinget utvida ansvar for samisk materiale i skjelettsamling

Humaniorastrategien for UIO  skal også gåast igjennom og vedtakast i Universitetsstyret. 

Styret skal i tillegg bestemma kven som skal få UiOs forskingspris, formidlingspris, utdanningspris og innovasjonspris.  Dei tar også ei endeleg avgjerd i kva doktorgradskandidatar som får Kongens gullmedalje.   Sist, men ikkje minst skal dei også godkjenna forslaget til kven som bør få UiOs menneskerettspris for 2020.

Les heile saklista:

 

Møte nr. 6/2020 i universitetsstyret

Møtet gjennomføres elektronisk på Zoom og vil bli streamet.

Tid og sted: 23. juni 2020 10:0016:00, Zoom

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


Saker til behandling i åpent møte

Ordinære saker


V-SAK 2 Virksomhetsrapport per 1. tertial 2020

Saksnr:

Forslag til vedtak:

  1. Styret tar virksomhetsrapporten for 1.tertial 2020 til etterretning
  2. Styret ber universitetsdirektøren straks igangsette en særskilt oppfølging av den økonomiske situasjonen ved Det odontologiske fakultet.

Saksdokumenter:


V-SAK 3 Fordeling 2021/2022

Saksnr. 2019/12930

Forslag til vedtak:

1. Universitetsstyret vedtar samlet fordeling av antatt statsbevilgning på 5,9 mrd. kroner (post 50) for 2021 i tråd med saksfremlegg med følgende presiseringer:

a) Det bevilges 55 mill. kroner til rehabilitering av Eilert Sunds hus i 2021, samt at tildelingen fra KD på 45 mill. disponeres til samme formål.

b) Behandlingen av de øvrige forslagene til nye prioriteringer utsettes til høsten 2020 som følge av økonomisk usikkerhet som følge av Covis-19 pandemien.

c) Forventet opptrapping av ABE-reformen med 0,5% er gjennomført som rammekutt ved enhetene.

Saksdokumenter:


V-SAK 4 Universitetet i Oslos studietilbud for studieåret 2021/2022

Saksnr. 2020/1996

Forslag til vedtak:

a)    Følgende studietilbud etableres ved omdisponering innenfor eksisterende ramme:  
•    Årsenhet i Øst-Europa-studier
•    Masterprogram i Museum, Heritage and Education Studies (fellesgrad)
•    Honours-programmet, studieretning i samfunnsvitenskap
•    Bachelorprogram i Teologi
•    Masterprogram i Teologi
•    Årsenhet i barn og unges læring og utvikling

b)    Følgende studietilbud etableres som eksternfinansiert studieprogram:  
•    Årsstudium i IT-arkitektur  
c)    Følgende studietilbud nedlegges:  
•    Masterprogrammet Avansert geriatrisk sykepleie
•    Masterprogrammet Avansert klinisk allmennsykepleie

d)    Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fordele nye studieplasser fra Kunnskaps-departementet samt til å fordele inntil 4 studieplasser til “Students at risk” høsten 2021.
e)    Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å fastsette konkrete opptaksrammer for studieåret 2021/2022.  
f)    Universitetsstyret gir rektor fullmakt til å godkjenne søknader om eksterne midler til utvikling av fellesgrader og til å vedta etablering av slike studieprogram.  

Saksdokumenter:


V-SAK 5 Humaniorastrategi for UiO

Saksnr.

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar ny Humaniorastrategi for Universitet i Oslo.

Saksdokumenter:


V-SAK 6 LINK-oppfølging av evaluering, forslag til ny organisering og videre satsing

Saksnr.

Forslag til vedtak:

  1. Styret vedtar nytt styringsreglement for LINK.
  2. Styret ber universitetsledelsen ta initiativ til å ferdigstille nødvendige avtaler mellom LINK og vertsfakultetet.
  3. Styret ber LINK utarbeide en strategi.

Saksdokumenter:


V-SAK 7 Retningslinjer for forvaltning av De Schreinerske samlinger

Saksnr. 2014/14476

Forslag til vedtak:

Universitetsstyret vedtar forslag til Retningslinjer for bruk og forvaltning av menneskelige levninger ved De Schreinerske Samlinger, Institutt for medisinske basalfag, Universitetet i Oslo.

Saksdokumenter:


V-SAK 8 Oppnevning av medlemmer til Skikkethetsnemnda

Saksnr. 2008/14503

Forslag til vedtak:

Universitetsdirektøren foreslår at følgende personer oppnevnes som medlemmer av Skikkethetsnemnda, hvilket er i tråd med Studentparlamentets forslag:

Alexander Sæthern (født 7. mail 1997) er masterstudent i rettsvitenskap (4. studieår).

Frida Rasmussen (født 5. august 1998) er student ved lektorprogrammet i Nordisk.

 

Studentrepresentantene oppnevnes for perioden 01.07.2020 – 30.06.2021.

Saksdokumenter


Orienteringssaker


O-SAK 1 Status for det forskningsetiske arbeidet ved UiO

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 2 Vitenskapsombudets rapport for 2019

Saksnr.

Saksdokumenter:


O-SAK 3 Valg av representant med vararepresentanter fra gruppen midlertidig vitenskapelig personale til Universitetsstyret - Protokoll

Saksnr. 2010/5768

Saksdokumenter:


O-SAK 4 Studiestart og undervisning

Saken presenteres i møtet


O-SAK 5 Orienteringer fra universitetsdirektøren

Saksnr. 2008/3197

Saksdokumenter:


O-SAK 6 Årshjul for styresaker

Saksnr. 2014/2322

Saksdokumenter:


Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 9 Godkjenning av søkekomite for rektorvalget 2021

Saken er utsatt.

Saksnr.

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 


V-SAK 10 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer: økonomi og lønn

Saksnr.

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 23.1 ledd


V-SAK 11 Tildeling av UiOs priser for forskning, utdanning, formidling og innovasjon 2020

Saksnr. 2020/1318

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26.2 ledd


V-SAK 12 Tildeling av UiOs menneskerettighetspris - Lisl og Leo Eitingers fond 2020

Saksnr. 2020/1323

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26.2 ledd


V-SAK 13 Tildeling av H.M. Kongens gullmedalje 2020

Saksnr. 2020/343

Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 26.2 ledd


O-SAK 7 Eventuelt


V-SAK 14 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

 

 

Emneord: Økonomi, Universitetspolitikk, Universitetsstyret Av Martin Toft
Publisert 23. juni 2020 00:31 - Sist endra 23. juni 2020 10:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere