Von der Fehr meiner Strategi 2030 manglar retning

– Den einaste tydelege prioriteringa er vel knytt til berekraft og det grøne skiftet. Det seier tidlegare SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr om Strategi 2030.

Ein mann sit ved eit bord med ein berbar PC framfor seg.

ÅTVARAR: – Tvert imot er det grunn til å passa på, slik at livsvitskapsbygget ikkje kjem til å krevja så store ressursar at kostnadene går utover den øvrige faglege aktiviteten ved universitetet, seier tidlegare SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr i ein kommentar til Strategi 2030, som blei vedtatt av universitetsstyret på fredag.

Foto: Ola Sæther

Sist fredag vedtok universitetsstyret Strategi 2030 med fire ambisjonar som handlar om satsinga på uavhengig og banebrytande forsking, utdanning, kunnskap i bruk og på at UiO skal vera ein attraktiv arbeids- og studiestad. Den raude tråden i heile strategien er at UiO skal ta på alvor utfordringar som FNs berekraftsmål og den globale klimakrisa.

Dette er dei fire ambisjonane i Strategi 2030:

UiO skal:

- fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking

- utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd

- styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap vert tatt i bruk

- vera ein nyskapande organisasjon og ein attraktiv arbeids- og studiestad

Les heile Strategi 2030

Uniforum har tatt ein spørjerunde til forskarar på UiO som tidleg engasjerte seg i arbeidet med Strategi 2030, for å finna ut kva dei synest om det endelege resultatet.

Leia tankesmie som fekk kritikk

Økonomiprofessor Nils Henrik von der Fehr var fram til nyttår dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Han blei også  utpeika til å leia tankesmia «Tunge trendar» som skulle koma med innspel til arbeidet med Strategi 2030. Tankesmia fekk kritikk for å ha med blant andre Kristin Clemet frå Civita og Håkon Haugli frå Abelia. Andre medlemar var Camilla Stoltenberg frå Folkehelseinstituttet, dekan Morten Dæhlen frå MN-fakultetet og musikkprofessor Anne Danielsen frå HF. Tankesmia fekk kritikk av mellom andre leiaren for tankesmia Manifest, Magnus Marsdal for å vera for dominert av personar med tilknyting til NHO. Hovudkritikken hans var at akkurat den tankesmia var for elitistisk. Nils-Henrik von der Fehr og UiO-leiinga reid av stormen og enden på visa blei at tankesmia heldt fram slik det var tenkt og kunne levera ein eigen rapport til arbeidet med Strategi 2030 saman med dei andre tankesmiene den 29. april i fjor.

No har økonomiprofessoren gått gjennom den vedtatte strategien og kritiserer den for ikkje å peika ut ei retning eller innehalda eigentlege prioriteringar. Etter hans meining har strategien mange formuleringar som det er lett å slutta seg til og vanskeleg å vera ueinig i.

– Ein saknar ein omtale av kvar Universitetet i Oslo skal vera ved utgangen av strategiperioden, i 2030, skriv Nils-Henrik von der Fehr i ein epost til Uniforum.

– Ikkje gitt at livsvitskap skal ha forrang

Von der Fehr  har berre funne ei klar prioritering i Strategi 2030:

– Den einaste tydelege prioriteringa er vel knytt til berekraft og det grøne skiftet. Her ville ein kanskje tru at strategien skulle konsentrera seg om universitetet si naturlege rolle som utviklar og leverandør av kunnskap – inkludert ei kritisk haldning til rådande oppfatningar og politiske initiativ – men i staden for vert det formulert nærmast ei aktivistisk rolle der universitetet skal gå i front med å setja i verk konkrete løysingar, meiner han.

 Så kjem han med ein ramsalt kritikk av eit punkt i strategien.

– Det er også overraskande at det einaste fagområdet som vert nemnt eksplisitt, er livsvitskap, altså rektors eige. Det er sjølsagt rett at det skal byggjast og takast i bruk eit livsvitskapsbygg i løpet av strategiperioden, men dette er trass alt berre eitt av mange fagområde, og det er slett ikkje gitt at det skal gjevast forrang. Tvert imot er det grunn til å passa på, slik at livsvitskapsbygget ikkje kjem til å krevja så store ressursar at kostnadene går utover den øvrige faglege aktiviteten ved universitetet, argumenterer han i ein epost til Uniforum.  

«Overraskende»

Me har presentert kritikken frå von der Fehr for rektor Svein Stølen og gitt han høvet til å koma med eit tilsvar. Han tar opp von der Fehrs kritikk av at livsvitskap er rektor sitt eige fagområde.  

«Ellers er det overraskende at ikke Prof. von der Fehr har tatt seg bryet med å sjekke min CV. Jeg har aldri jobbet med livsvitenskap. Jeg er professor i uorganisk kjemi og har jobbet med uorganiske materialer av den typen du f.eks finner i en moderne mobiltelefon og med faste stoffers kjemi og fysikk», skriv Svein Stølen i ein epost til Uniforum. Samtidig forsvarar Svein Stølen varmt satsinga på livsvitskap.

– Årsaka til at livsvitskap og det nye bygget er nemnt spesielt for komande 10-årsperiode er samfunnet si «betydelige» investering i dette (over 7 milliardar kroner), og med det, «betydelige» forventningar til det faglege innhaldet bygget skal resultere i. Dette inneber at dette må ha spesielt fokus i komande 10 årsperiode, svarar han. Stølen viser til at bygget står ferdig i 2025, og det vert forventa at bygget bidrar til utvikling av framifrå forskingsmiljø, men også av nytt næringsliv.
– Men me er opptatt av at samfunnets store fokus på realfag, teknologi og medisin ikkje skal forrykka balansen mellom humsam og mednat-områda. Me er eit breiddeuniversitet der humaniora og samfunnsvitskapane er svært viktige, seier Stølen.

– Statsministerens forventningar har vore klart uttrykt gjentatte gonger. Det er ikkje bygningen, men det faglige innhaldet dei investerer i, understrekar Stølen.

– Stolt og imponert

Professor Mariel Cristina Støen ved Senter for utvikling og miljø tykkjer derimot ikkje at det er noko negativt for strategien. Ho blei tidleg engasjert for å få med meir om det grøne skiftet i Strategi 2030. I motsetning til Nils-Henrik von der Fehr er ho svært nøgd med den plassen klima og klimakrisa har fått i dokumentet.

MODIG: Eg synest det er modig å skriva så tydeleg i strategien at me er i ei klimakrise og at berekraft skal ha ein sentral plass i arbeidet vårt, synest professor Mariel Cristina Støen på Senter for utvikling og miljø (SUM) ved UiO (Foto: SUM)

– Eg er veldig stolt og imponert over den store engasjement som prosessen vekte hos dei tilsette og studentane, og er glad for at nokre av dei ynska og innspela me fremja blei inkluderte i teksten. Eg likar veldig godt den siste setninga i strategien "UiO skal føre an i miljøarbeidet, både nasjonalt og internasjonalt, og være en rollemodell for andre institusjoner", eg likar at UiO torer å visa veg! Eg synest det er modig å skriva så tydeleg i strategien at me er i ei klimakrise og at berekraft skal ha ein sentral plass i arbeidet vårt, går det fram av ein epost Mariel Cristina Støen har sendt til Uniforum. 

 – Patetisk

Professor i statsvitskap, Janne Haaland Matlary er derimot ikkje like imponert over innhaldet i Strategi 2030. "Slike strategier er blitt generelle erklæringer som stort sett består av honnørord og jo mer politisk korrekte de blir, desto mer kjedelige og irrelevante. Å blande inn 'bærekraft' i et universitets ambisjoner er et eksempel på dette», skriv ho i ein epost til Uniforum. Janne Haaland Matlary understrekar at kunnskapssøken, som politikk, skal tena samfunnet og byggja det gode samfunnet som Platon og Aristoteles slo fast for 2500 år sidan.

– Å ta ut 'vilje' fordi ein person fekk assosiasjonar til Det Tredje Riket, er patetisk. Skal ein oppnå noko her i verda, må det viljestyrke og motivasjon til, insisterer ho på.

Samtidig kjem ho med råd til kva strategien til UiO burde ha meir av.

– Eg synest UiO skulle spesifisera kor god ein vil bli, blant Europas to beste universitet innan x år? Og seia veldig klart at ein er det beste universitetet i Norge (viss det er rett), viss ikkje, seia at ein skal bli det raskt, er hennar oppfordring.

Ei kvinne står ute på Blindern med tre med grøne blad i bakgrunnen
EIN GJESP: – Ein kan vel seia at dei aller fleste strategiar frå offentlege aktørar og frå politikarar vert møtte med ein gjesp fordi ingen har tru på at målet vert nådd eller at det skal nåast, synest professor i statsviskap, Janne Haaland Matlary. (Foto: Institutt for statsvitskap, UiO)

– Altfor sosialdemokratiske og forsiktige

Statsvitskapsprofessor Janne Haaland Matlary viser til at ho nettopp har vore gjesteprofessor ved Institute for Advanced Study ved University of Notre Dame i USA. Ifylgje henne er det eitt av USAs ti beste universitet, og det har klare strategiar for «academic excellence». Haaland Matlary trekkjer fram at i USA vert fag og universitet rata mot kvarandre, slik at studentane kan sjå kvar dei søkjer seg til.

– I Noreg er me altfor sosialdemokratiske og forsiktige; inga rating mellom lærestader, sjølv om me vet at det er enorme skilnader. Dette kan ikkje halda fram. Framtida handlar om å hevda seg i global konkurranse, og sjølvsagt i nasjonal konkurranse. det finst masse middelmådige lærestader i Noreg, kvifor ikkje eksponera det? Ikkje for å vera slem, men for å gi studentane presis informasjon om kvalitet, seier ho.

For Janne Haaland Matlary er strategi eit fag ho underviser i og er svært engasjert i, noko ho heller ikkje legg skjul på.

– Eg underviser i strategi, og det handlar om «means, ends, and ways.» Klare mål er det viktigaste. Og om strategisk interaksjon med motstandararar/fiendar/konkurrentar. Dess meir kompromiss ein må inngå i strategiarbeid, desto dårlegare strategi. Ein kan vel seia at dei aller fleste strategiar frå offentlege aktørar og frå politikarar vert møtte med ein gjesp fordi ingen har tru på at målet vert nådd eller at det skal nåast, er brannfakkelen Janne Haaland Matlary sender inn i diskusjonen om den vedtatte strategien for Universitetet i Oslo.

– Klokt

Pedagogikkprofessor Eevi Elisabeth Beck var ein av dei tilsette som aksjonerte og pressa på for å få meir kliima og miljø med i Strategi 2030. No er ho godt nøgd med sluttresultatet.

Nærportrett av ei kvinne
NØGD: Pedagogikkprofessor Eevi Elisabeth Beck er nøgd med innhaldet i Strategi 2030: No er ho spent på oppfylginga.  – Ein kan ikkje overlata til ein gjeng «aktvistar» å ta seg av dette – no treng strategien og situasjonen at UiO-leiinga på alle nivå blir aktive, synest ho. (Foto: UiO)

 – Det er klokt av styret å stilla klima- og miljøspørsmål til eit tydeleg, løpande satsingsområde gjennom å løfta det fram både i den overordna innleinga og under kvart av dei fire hovedområda. Det som står er bra, skriv ho til oss i ein epost. Det er likevel nokre viktige konkretiseringar ho saknar i den endelege strategien, som ho og fleire andre spelte inn.i høyringsutkastet.

Beck viser til at dei fekk inn 550 underskrifter på å forplikta UiO til å bli meir konkret i kvart av dei fire områda. Ho peikar på at dei nemnde 1,5-gradersmålet som ei konkret forplikting for UiO, at forsking skal gjerast i samsvar med dette, at berekraftsperspektiv skal inn i alle studieprogram og at UiO skal vera ein aktiv samarbeidspartnar og formidlar av forskingsbasert kunnskap om klima og grøn omstilling.

– Lite imponerande

– Særleg er det lite imponerande at strategien sitt mål seier at UiO skal  "redusere eget klimafotavtrykk" utan å tydeleg kopla dette til anten ei konkret forplikting utover at talet skal ned (kor mykje?) eller eit  konkret kapasitetsutviklande arbeid. Det er fint med tilvisingane fleire avsnitt seinare til "utålmodighet" og å "føre an", men etter mi meining blir dette for laust i forhold til det situasjonen krev av oss, gir ho uttrykk for overfor Uniforum.

No forventar ho at UiO-leiinga, fakultetsleiingar, institutt og senter brettar opp ermane og sørgjer for at strategien får utslag i konkrete strukturar for å utarbeida og fylgja opp konkrete forpliktingar i einingane.

– Ein kan ikkje overlata til ein gjeng «aktvistar» å ta seg av dette – no treng strategien og situasjonen at UiO-leiinga på alle nivå blir aktive, synest ho.

Ei som står saman med Eevi Elisabeth Beck i dette, er stpendiat Irene Øvstebø Tvedten på Senter for teknologi, innovasjon og kultur.. Ho var ei av dei som saman med mellom andre Eevi Elisabeth Beck og Dag Olav Hessen kravde ein betre miljøprofil i Strategi 2030. No er ho glad.

– Eg er veldig nøgd med strategien. Målet om at rektor ynskjer 10 %  kutt i flyreiser var tidlegare også eit strålande nyhende, synest ho.

Dette er den vedtatte utgåva av Strategi 2030

 

Emneord: Strategi 2030 Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2020 12:07 - Sist endra 19. feb. 2020 14:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere