UiO-leia allianse vil delta i EU-finansiert utdanningssamarbeid

Universitetet i Oslo står no i startblokka saman med seks andre universitet for å bli med i det nye europeiske utdanningssamarbeidet European University Initiative. Før helga var fleire av rektorane og dekanane samla i Oslo.

ALLIERTE: UiO-rektor Svein Stølen, rektor Christine Clerici frå University of Paris, rektor Vincent Blondel frå UC Louven og rektor Brian Bech-Nielsen ved Aarhus Universitet i er saman i universitetsalliansen Circle U.  No søkjer dei EU om støtte til å etablera eit nytt europeisk utdanningssamarbeid.

Foto: Ola Sæther

I februar skal dei sju i universitetsalliansen Circle U senda inn ein felles søknad om å få status  som European  University. Alliansen vert leia av Universitetet i Oslo som har med seg University of Paris, Aarhus Universitet, UC Louvain i Belgia, University of Belgrade, Humboldt-universitetet i Berlin og King's College London.

Universiteta skal i fellesskap under leiing av Universitetet i Oslo søkja om å bli ein pilot for det europeiske universitetsinitiativet, European University Initiative.

Det europeiske universitetsinitiativet skal bidra til fred og auka konkurransekraft for Europa. Det skal skje gjennom auka utveksling og integrering av studieprogram universiteta i mellom, står det på nettsidene til EU-kommisjonen.. I utlysinga av pilotprosjektet vert universiteta også oppfordra til å gå endå lenger enn dei utdanningsprogramma dei tilbyr i dag, gjer. Målet er at rundt 20 universitet skal få bera merkelappen «European University».  Det skal bli ein av berebjelkane i etableringa av eit europeisk utdanningsområde; European Education Area.

Fire av rektorane ved dei sju universiteta deltok også på møtet på Universitetet i Oslo rett før helga. Det var UiO-rektor Svein Stølen, rektor for UC Louvain University i Belgia, Vincent Blondel, rektor ved Aarhus Universitet Brian Bech-Nielsen og rektor ved Universtiy of Paris Christine Clerici. Uniforum hadde ein prat med dei fire i Professorboligen i sentrum.

– UiO og Louvain tok initiativet

Rektor Vincent Blondel legg vekt på korleis det faktum at dei kjente kvarandre frå før i The Guild, alliansen av forskinginternsive europeiske universitet var medverkande til at dei i fellesskap kunne danna universitetsalliansen Circle U:

– Nokre av oss hadde tidlegare møttest i samband med universitetsalliansen The Guild, og på den måten hadde me både bygd opp kjennskap og tillit til kvarandre. Ut av det samarbeidet oppstod også den nye alliansen Circle U, forklarar han.

Rektor Brian Bech-Nielsen ved Aarhus Universitet meiner at både UiO-rektor Svein Stølen og rektor Vincent Blondel underspelar sine eigne roller for å få i hamn samarbeidet dei har starta i Circle U.

– Dei to herrane tok kontakt med Aarhus Universitet, og så fekk me med oss King’s College og seinare University of Paris. Heilt ærleg så må me seia at initiativet blei tatt av Oslo og Louvain, understrekar han. Svein Stølen protesterer ikkje på det. – Det har vore ein slags evolusjon. Det aller siste medlemmet blei med for nokre få veker sidan, og det er University of Belgrade. Dei kunne ikkje koma i dag fordi rektorkontoret blei okkupert av studentane. Heller ikkje rektorane i Berlin eller i London kunne møta denne gongen, seier han.

–Skal jobba for den europeiske identiteten og tankemåten

Og UiO-rektor Svein Stølen viser til at det står eit bestemt mål bak dette.

 – I stor grad handlar det om korleis me vil at Europa skal sjå ut i framtida. Utdanning er viktig for alle samfunn. På lang sikt handlar dette om kva type Europa me ynskjer. I dag er Europa i tilbakegang og har mindre påverknad. Me ser også utfordringar både i den vestlege delen av verda og i den austlege. Det gjer oss sikre på at me må jobba for den europeiske identiteten og tankemåten. Og me håpar at det kan vera noko universitet i andre verdsdelar også kan ta opp. Visjonen vår seier at me skal gi studentane våre styrkje til å endra verda slik at den blir ein betre stad, forklarar han.

– Me treng akademia

Og på møtet i Oslo har dei tatt opp alle delar av visjonen til Circle U.

–Ja, det har me. Det er viktig å anerkjenne dagens utvikling i verda og at det som mange europearar tar som sjølvsagt , som til dømes at europeiske verdiar vil vera her for evig. Me må faktisk jobba for desse verdiane og marknadsføra dei. Enkeltvis er me ikkje sterke nok til det, og det er derfor me står saman om det. Me treng akademia i Europa for å styrkja det europeisk publikum med kunnskap som dei kan ha tillit til, ikkje minst når me ser alle tilfella av falske nyhende. Me må kjempa for objektivet, og der kjem universiteta inn. Den kunnskapen må me gi vidare til studentane våre i eit læringmiljø der alle har respekt for kvarandre og for ulike kulturar, og slik kan dei forstå grunnlaget for denne fantastiske delen av verda, seier Brian Bech-Nielsen.

Svein Stølen repliserer.

– Dette gjer me ikkje for pengane. Alt er basert på verdiar. Det er ein visjon om korleis Europa skal bli.

Alliansen begynte med eit rektormøte for eitt år sidan, før adminstrative tilsette hadde eit møte i Paris, og så blei det også organisert eit eige møte for studentane.

– Dette møtet handlar om det neste nivået, seier Svein Stølen og legg til: – Det er for dekanar og andre universitetsleiarar. Det er viktig at dekanane møter kvarandre og deltar i oppbygginga.

Og det er rektor Christine Clerici  ved University of Paris heilt einig i.

– Det er viktig at folk frå alle delar av universiteta deltar i dette arbeidet. Derfor er det bra med dette møtet, understrekar ho.

– Vidareføring av Erasmus og Bologna-prosessen

Vincent Blondel varslar at samarbeidet kan gi positive verknader for alle dei som er med.

 – Dette er ei slags vidareføring av Erasmus som jo har eksistert i over 30 år, men dette er samtidig mykje meir omfattande. Det er også eit resultat av Bologna-prosessen som begynte for 20 år sidan. Målet er at både studentar og professorar skal få ei kjensle av å tilhøyra noko som er større enn berre det universitetet dei går på. Med eit studentkort frå Circle U vil studentane få tilgang til alle moglege tilbod hos alle universiteta som er med i alliansen. Universiteta kan også utvikla felles studieprogram, og alle emne vil kunna passa inn i det studieprogrammet studenten opphavleg begynte på, håpar han.

– Det er truleg rett å seia at i dag er studentar gjestar om dei går på eitt av dei andre universiteta. Men i framtida vil dei bli studentar ved alle dei sju universiteta, legg Svein Stølen til.

– Resultatet av dette samarbeidet kan bli at landa våre  kanskje finn det praktisk å tilpassa reglane og lovene for universiteta meir til kvarandre, trur Blondel.

UiB deltar

Den 26. juni  i år blei det klart at Universitetet i Bergen og alliansen Arqus European University Alliance får EU-finansiert den felles søknaden om å få status som European University. Det skjer i eit tett samarbeid med seks andre universitet. Med unntak av universitetet i Vilnius ligg alle universiteta utanfor hovudstadane. 

I slutten av februar skal UiO og universitetsalliansen Circle U senda inn søknaden om å bli eit pilotprosjekt i den andre utlysingsrunden av European University Initiative.

Emneord: EU, Europa. Internasjonalisering, Utveksling Av Martin Toft
Publisert 23. sep. 2019 13:54 - Sist endra 23. sep. 2019 14:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere