UiO einaste norske medlem i europeisk universitetsallianse

I dag blir den nye universitetsalliansen The Guild lansert i Brussel. Universitetet i Oslo er mellom dei 17 medlemane, og Ole Petter Ottersen er styreleiar.

UNIK PLATTFORM: – The Guild gir oss ei unik plattform for dialog med viktige avgjerdstakarar i Europa, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen

Foto: Ola Sæther

Den nye universitetsalliansen (the Guild of European Research Intensive Universities) fører saman universitet frå heile Europa som har vist eit framifrå nivå i undervisning, forsking og utforming av politikk.

– Vil jobba for akademisk fridom og mobilitet

–Store sjansar opnar seg når barrierar mellom land, institusjonar, fagområde, forskarar, bedrifter og brukarar blir bygde ned. Nettverket vil jobba for akademisk fridom og mobilitet, open tilgang til forsking og open innovasjon, seier UiO-rektor Ole Petter Ottersen, som også er styreleiar for den nye universitetsalliansen.

Målet for alliansen er at den skal vera ein pådrivar for kunnskapsbaserte avgjerder i Europa, og den skal bidra til å ta vare på posisjonen til universiteta i utforminga av EUs forskings- og innovasjonsprogram.

– The Guild gir oss ei unik plattform for dialog med viktige avgjerdstakarar i Europa, seier Ottersen i ei pressemelding frå UiO.

Open forsking fører til innovasjon

På dagens opningsseminar i Brussel skal UiO-forskaren Alexander Refsum Jensenius frå Institutt for musikkvitskap delta med eit innlegg om korleis open forsking kan føra til innovasjon i eit heilt anna felt. Han vil fortelja om dataverktøy han utvikla heilt ope på nett og som no blir testa ut på sjukehus for å kunna finna tidlege teikn på cerebral parese hos spedbarn, går det fram av pressemeldinga.

– Seminaret fører oss rett inn i hjartet av diskusjonane om korleis forskinga ved universiteta kan bidra med å finna nye og innovative løysingar på dei viktigaste utfordringane i vår tid. Dette kjem i tillegg til eigenverdien av å vinna ny innsikt, seier Ottersen.

Universiteta som er med i alliansen, er universiteta i Aarhus (DK), Bologna (IT), Ghent (BEL), Glasgow (UK), Göttingen (TY), Gröningen (NL), Krakow (Jagiellonian) (PL), Ljubljana (SL), Louvain (BEL), Oslo (NO), Paris Diderot (FR), Tartu (EST), Tübingen (TY), Uppsala (SV), Warwick (UK), Radboud University (NL) og King's College London (UK).

Fleire av universiteta er mellom dei 130 beste på verdsrankinga til Times Higher Education. Universiteta i Bologna og Krakow er mellom dei som ligg lengst nede på den rankinga av dei 17.

Skal delta i viktige europeiske debattar

UiO-rektor og styreleiar Ole Petter Ottersen har store visjonar for The Guild (Lauget).

– The Guild er blitt danna fordi akkurat no er stemma til dei europeiske universiteta viktigare enn nokon gong tidlegare, og den treng å bli styrkt. The Guild vil bli med i dagens sosiale og kulturelle debattar gjennom engasjementet til forskarane og studentane sine. Den vil også bli ein del av debattane om europeisk forsking og innovasjon gjennom den unike historia og ekspertisen til medlemane sine. Me vil leia an gjennom døme, forbetra forskinga, utdanninga og styringa ved medlemsinstitusjonane gjennom utveksling og samarbeid, seier Ole Petter Ottersen i ei fråsegn frå den nye universitetsalliansen The Guild.

Styreleiar Ole Petter Ottersen har med seg fylgjande personar i styret: nestleiar Anton Muscatelli (Glasgow), kasserar Stanislaw Kistryn (Krakow) og generalsekretær Jan Palmowski (Warvick).

 

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 21. nov. 2016 05:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere