Stipendiatar er mest utsette for seksuell trakassering i akademia

Stipendiatane er tre gonger meir utsette for seksuell trakassering i akademia enn andre tilsette. – Det er urovekkjande, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

SKUFFA: – Eg er skuffa over at me får slike tal etter at me har hatt #metoo-kampanjen og eit tid der det har vore store merksemd rundt denne typen oppførsel, synest forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø. Lengst til høgre står tidlegare rektor ved Universitetet i Agder, Frank Reichert. Han leia den nasjonale arbeidsgruppa mot mobbing og trakassering i universitets- og høgskulesektoren.

Foto: Martin Toft

299 tilsette ved universitet og høgskular melder at dei har opplevd seksuell trakassering på jobb det siste året. Det viser ei kartlegging som analysebyrået Ipsos har gjort på oppdrag frå Universitetet i Agder, Universitetet i Oslo og Kunsthøgskulen i Oslo. Det er 2249 stipendiatar mellom dei 18 000 tilsette som har svart på undersøkinga. Samla utgjer dei 12,5 prosent av alle dei som har svart.

18 valdtekter

Av dei 299 personane som gir opp at dei er blitt utsette for seksuell trakassering, er 69 stipendiatar. Det vil seia 23 prosent av dei som melder om seksuell trakassering, medan dei berre utgjer 12,5 prosent av dei som har svart.

Til saman har 18 personar rapportert om at dei er vortne truga eller pressa til seksuell omgang. Sju av dei er stipendiatar, viser undersøkinga frå Ipsos. Til saman blei spørjeskjemaet sendt ut til 43 000 tilsette i universitets- og høgskulesektoren og 43 prosent av dei svarte.

– Urovekkjande

Forskings- og høgare utdanningsmiinister Iselin Nybø er spesielt rysta over tala som viser kor utsette stipendiatane er:

– Eg synest det er urovekkjande. Stipendiatane våre er meir sårbare og utsette enn andre tilsette. Dei er i større grad avhengige av rettleiarane sine og av overordna. Eg er skuffa over at me får slike tal etter at me har hatt #metoo-kampanjen og eit tid der det har vore store merksemd rundt denne typen oppførsel. Og me er alle einige om at slik vil me ikkje ha det i sektoren vår, slår ho fast.

Iselin Nybø er godt nøgd med at tala no ligg på bordet.

– Eg er glad for at denne undersøkinga er gjennomført. Den viser at me framleis har utfordringar og at me har ting å jobba med. Det skal me gjera.

– Og korleis trur du at det skal vera mogleg å hindra at slikt skjer andre?

– Me må jobba med å laga kulturar på universiteta og høgskulane der denne typen oppførsel er heilt uakseptabel. Når slikt skjer, må dei som blir utsette for det, vita kvar dei kan venda seg.  Leiarane på alle nivå i sektoren må vita korleis dei skal ta tak i slike utfordringar, både for dei som varslar, dei som ikkje varslar og jobba førebyggjande for å skapa ein god kultur rett og slett på universiteta og høgskulane våre. Ingen skal vera i tvil om at dette er ein oppførsel som me ikkje vil ha noko av, understrekar Iselin Nybø.

– Burde blitt melde

Ho ser heller ikkje bort frå at nokre av desse tilfella burde ha blitt politisaker. – Det er godt mogleg at fleire av desse tilfella er innanfor reglane i straffelova. Dei burde difor ha blitt melde, seier ho.

Dei 299 personane som har varsla at dei er blitt seksuelt trakasserte det siste året, utgjer 2 prosent av dei som har svart på undersøkinga. Det gjeld 2 prosent av kvinnene og 1 prosent av mennene. Over halvparten av tilfella blir gitt opp av personar mellom 18 og 39 år.  

13 prosent er blitt trakasserte

Når det gjeld alle typar av trakassering og mobbing, svarer 13 prosent av dei som har svart at dei er blitt utsette for det i løpet av det siste året.

Dei aller fleste av dei melder at det er kollegaer som har stått bak mobbinga og trakasseringa. Medan 14 prosent av kvinnene gir opp at dei har vore ute for slike tilfelle, er det 10 prosent av mennene som rapporterer om det same. Det er også fleire eldre enn yngre som har opplevd tilfelle av mobbing og trakassering. Av dei mellom 50 og 59 år gir 15 prosent opp at dei har vore utsette for slike tilfelle, medan 10 prosent av dei mellom 18 og 39 år svarer at dei har opplevd dette, viser undersøkinga frå Ipsos.  

– Rett og slett trist

Rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo er sjokkert over desse tala.

– Dette er ein trist dag og ein rapport som me må bruka til ettertanke. Me må tenkja gjennom kva arbeidsmiljø me har og korleis me jobbar saman. For meg handlar dette om enkeltmenneske og menneskeverd, så dette er alvorlege tal. Det er rett og slett trist, synest han.

– Veit du om nokre spesielle tiltak de vil setja i gang?

– Dette er ikkje dagen då me skal gjera noko anna enn å tenkja framover og reflektera over det me ikkje har gjort. Men me har gjort ein del. Også før #metoo kom, tok me tak i desse problemstillingane. Etter at #metoo kom, har me tatt endå hardare i. Ëit av mange tiltak er kurs for leiarar. Me har laga eit leiarkurs der dei reflekterer rundt det som har å gjera med seksuell trakassering. Over 300 leiarar på høgare nivå har deltatt, og 80 leiarar på lågare nivå ved Det medisinske fakultet og LOS har deltatt på tre timar lange kurs i vår. Mykje av dette handlar også om å diskutera kvar risikosituasjonane er, seier Svein Stølen.

Han meiner at heile Universitetet i Oslo må gå gjennom dette og finna ut kva tiltak som kan setjast i verk.  

– Me må gå i oss sjølve, ha ein intern refleksjon og diskusjon, engasjera universitetet i ein diskusjon om korleis me skal gå til åtak på dette. For dette er uakseptabelt. Slik kan me ikkje ha det. Til sjuande og sist må me som leiarar ta oss av det som skjer på Universitetet i Oslo, seier Svein Stølen.

Det har også gjort eit stort inntrykk på han at undersøkinga avdekkjer at stipendiatane er spesielt utsette.

– Det har vore eit soleklart tema på leiarkursa våre. For det handlar sannsynlegvis om asymmetri, altså desse maktforholda du har i akademia, trur Stølen.

Får UiO-tal neste veke

No ventar han på lokale tal om trakassering og mobbing ved Universtetet i Oslo.

– Dei vil truleg vera klare tidleg i neste veke. Me har fått ein rapport, og me må reflektera og diskutera litt om det som står der og få ei forståing av den, før me går ut. Det ser ut som at tala våre er om lag som gjennomsnittet. No må me ta både arbeidsmiljøet og folk sitt menneskeverd på alvor. For dette var ikkje bra, konstaterer Svein Stølen.

– Me må heilt klart gjera meir

Universitetet i Oslo var saman med Universitetet i Agder og Kunsthøgskulen i Oslo initiativtakarane til at denne kartlegginga blei gjennomført av Ipsos AS. Det var nettopp desse tre institusjonane som stod bak den nasjonale arbeidsgruppa mot mobbing og trakassering i universitets- og høgskulesektoren. Dei leverte rapporten sin i mai i år. Arbeidsgruppa var leia av tidlegare rektor ved Universitetet i Agder,  Frank Reichert. Den kom mellom anna med forslag til sektoren om å ha klare etiske retningslinjer, tydelege rutinar og leiaropplæring.

– Eg trur mange fleire no veit korleis dei skal varsla, men likevel er det berre 50 prosent av dei som har svart som seier at dei veit det. Institusjonane har gjort ein kjempeinnsats, men me må heilt klart gjera meir, slik at folk veit kva støtte dei kan få. Det er sjokkerande at så mange opplever mobbing og trakassering både månadleg, kvar veke eller dagleg. Me må ha ein kultur der slikt ikkje skjer, seier han til Uniforum.

PÅ PLASS: Fleire av toppleiarane i akademia var på plass då rapporten om mobbing og trakassering i akademia blei lagt fram i ettermiddag. F.v. Leiar for Universitets- og høgskulerådet, UiB-rektor Dag Rune Olsen, generalsekretær Alv Rasmussen i Universitets- og høgskulerådet, forskings- og utdanningsminister Iselin Nybø, UiO-rektor Svein Stølen, OsloMet-rektor Curt Rice, og tidlegare UiA-rektor Frank Reichert .(Foto: Martin Toft)

Menn står bak åtte av ti tilfelle av seksuell trakassering

Undersøkinga viser at menn står bak 79 prosent av den seksuelle trakasseringa på universiteta og høgskulane. Mellom kvinnene som svarer at dei er blitt utsette for seksuell trakassering, gir 94 prosent av dei opp at det var menn som stod bak. Av dei mennene som var blitt utsette for seksuell trakassering, melder 74 prosent av det var ei kvinne som stod bak, medan 23 prosent melder at det var ein mann. Til saman er det altså avdekka 18 tilfelle av valdtekt. Ingen av offera har meldt overgrepet til politiet, viser kartlegginga.

Universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnessen ved Universitetet i Agder har vore kontaktperson for styringsgruppa bak kartlegginga. Ho synest den har gitt dei viktig informasjon.

– Det er skuffande og veldig alvorlege tal. Det viser at det var behov for ei kartlegging, slik at me kan leggja endå meir styrke i det oppfylgings- og haldningsarbeidet som me har halde på med i mange år, seier Seunn Smith-Tønnessen til Uniforum.

Heile rapporten Mobbing og trakassering i UH-sektoren kan du finna her

Emneord: Seksuell trakassering, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. aug. 2019 18:46 - Sist endra 22. aug. 2019 18:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere