Den tidlegare UiO-forskaren Birgitte Moesgaard Henriksen har i dag inngått eit forlik med Statens pensjonskasse. Det går ut på at ho får ei solid utbetaling for yrkesskade som ho meiner er eit resultat av seksuell trakassering på den tida ho var doktorgradskandidat på Det odontologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo.
– Blei overtydd av rapport frå psykiater
Advokat John Christian Elden er overtydd om grunnen til at Statens pensjonskasse gjekk bort frå planen om å ta ei rettssak og heller mekla fram eit forklik i denne saka.
– Etter at det låg føre ein rapport frå retten sin sakkunnige psykiater, var det ikkje lenger omtvista at ho var utsett for overgrep og trakassering medan ho jobba på universitetet. Det blei derfor endra frå ei hovudforhandling til ei rettsmekling for å diskutera dei øvrige erstatningsrettslege vilkåra og utmåling av erstatning, seier John Christian Elden til Uniforum.
– Eit godt forlik
No får Birgitte Moesgaard Henriksen altså medhald frå Statens pensjonskasse i at det er seksuell trakassering som er årsaka til yrkesskaden som har ført til at ho er blitt uføretrygda. Dermed har partane vore inne til mekling i Oslo tingrett i dag der målet har vore å koma fram til eit forlik. Birgitte Moesgaard Henriksens advokat, John Christian Elden kommenterer forliket slik:
– Eit godt forlik er det forliket ingen av partane er nøgde med. Me inngikk eit godt forlik. Det viktigaste for henne var å bli trudd, og det er ho no.
– Kvifor ville motparten heller ha ei mekling med eit forlik enn ei rettssak i dette tilfellet?
– Kor stor blir erstatninga ho får?
– Prova overgrepet og trakasseringa
Ti år lang kamp
• Les i Uniforum: Gamle varslarar står opp for nye i akademia
• Les i Uniforum: Varsler om seksuell trakassering på odontologi
• Les i Uniforum: UiO beklager trakassering på odontologi
• Les i Uniforum: Starta varslingstelefon om seksuell trakassering
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere