Gamle varslarar står opp for nye varslarar i akademia

Birgitte Moesgaard Henriksen og Hanne Bjørnstad var mellom dei første som varsla om seksuell trakassering og vaksenmobbing på UiO. No ynskjer dei å slå eit slag for dei som varslar om trakassering i dag.  

I HARNISK: – Det er derfor denne #metoo-kampanjen er så bra, for no kjem alt opp. Folk er i harnisk og vil ikkje ha det sånn, seier Birgitte Moesgaard Henriksen og Hanne Bjørnstad, som begge har opplevd ulike former for trakassering på UiO.

Foto: Ola Sæther

20 år etter at ho varsla om sexpress for første gong, og ni år etter at Dagbladet fortalde hennar historie om sexpress på jobben, er Birgitte Moesgaard Henriksen på barrikadane som varslar nok ein gong. Denne gongen har ho med seg sin gamle kollega frå Det odontologiske fakultetet, Hanne Bjørnstad. Medan sistnemnde opplevde mobbing og seksuell trakassering på jobben som administrativt tilsett, men aldri gjekk til sak mot Det odontologiske fakultetet, prøvde Birgitte Moesgaard Henriksen å få saka til behandling både hos hovudverneombodet på Universitetet i Oslo, Likestillings- og diskrimineringsombodet, og hos Arbeidstilsynet.  Ingen av desse instansane ville handsama saka hennar.

Etter at #metoo-kampanjen tok av i oktober, har dei fått nytt håp om at deira saker, kan vekkja ny interesse hos media og politikarar. Dei to blei kjende med kvarandre allereie i 1997.

– Då hadde eg fått beskjed om å fjerna meg frå dei andre damene og var blitt flytta til eit lite kontor for meg sjølv. Og der skulle eg hjelpa alle dei som dreiv med forsking. Det var vel og bra, seier Hanne Bjørnstad.

– Eg trengte hjelp med forskingsdata, og då kunne eg bruka henne. Då sat Hanne på eit lite kott, inst og lengst bak, …

… ja, langt borte frå mitt miljø. Den tida var eg svært dårleg og eg begynte å gråta berre folk så vidt kom bort i meg, fortel Bjørnstad. – Seinare blei eg flytta rundt til forskjellige avdelingar på Det odontologiske fakultetet, men overalt blei eg isolert og halden utanfor. I kantina sat kollegaene mine på den eine sida, medan eg sat ved eit bord for meg sjølv på den andre sida, minnest ho. 

Etter hennar meining var dette mobbing. – Det var skrekkeleg, tykkjer ho. – Det er ikkje bra for helsa. Og det er mange som er trakasserte ut frå den staden, seier Birgitte Moesgaard Henriksen.

– Eg veit om 20 personar som slutta på grunn av arbeidsmiljøet, seier Hanne Bjørnstad.

Føreslår lågterskeltilbod

No ynskjer både Hanne Bjørnstad og Birgitte Moesgaard Henriksen å stå opp for alle andre som meiner dei er blitt trakasserte både på Det odontologiske fakultetet og andre stader på UiO. Torsdag hadde dei eit møte med Sosialistisk Venstrepartis likestillingspolitiske talsperson, Freddy André Øvstegård. – Det var fint å høyra historiene til dei to kvinnene. SV har føreslått at det blir oppretta eit lågterskeltilbod for personar som har vore utsette for seksuell trakassering, seier han.

– Korleis har de tenkt å gjera det reint konkret?

– No er Likestillings- og diskrimineringsombodet i ferd med å bli omorganisert. Til no har ikkje dei hatt kompetanse til å behandla saker som handlar om seksuell trakassering. SV foreslår derfor at den nye Diskrimineringsnemnda får kompetanse til å behandla saker om seksuell trakassering. Det er dessutan heilt klart at mellombels tilsette i akademia treng betre vern. Inntrykket mitt er at det er behov for ei haldningsendring i akademia, spesielt blant menn på toppen, meiner Freddy André Øvstegård.

– Manglar vern

Både Birgitte Moesgaard Henriksen og Hanne Bjørnstad er nøgde med bodskapen frå stortingspolitikaren.

– SV har kome med ein plan i tolv punkt til Stortinget, der partiet foreslår at det blir gjort  fleire tiltak. Og i samband med #metoo-akademia-kampanjen ynskjer eg å synleggjera situasjonen for dei mellombels tilsette. Som mellombels tilsett har du ikkje noko vern. Det fekk eg også høyra fleire gonger av sjefen min på odontologi, at eg berre var der mellombels og at eg ville ryka rett ut, medan me som er fast tilsette, kan sitja her til me går av med pensjon, fortel Moesgaard Henriksen.

Og Hanne Bjørnstad er heilt einig.

– Ja, når me no jobbar for andre, så jobbar me for oss sjølve og får aksept for mi sak frå 1989 og di sak frå 2009. Og så dukkar diskrimineringssaka om Adam opp i Universitas. Då kunne eg seia til Birgitte: Det er meg. Eg har gått gjennom akkurat det same som han, fortel ho.

I kantina sat kollegaene mine på den eine sida, medan eg sat ved eit bord for meg sjølv på den andre sida, minnest Hanne Bjørnstad frå den tida ho var tilsett ved Det odontologiske fakultetet på UiO. (Foto: Ola Sæther)

– Maktmisbruk og hersketeknikk

Dei fryktar ikkje å skildra dette på ein direkte måte.

– Det handlar om maktmisbruk og hersketeknikk. Her brukar ein seksuell trakassering, vaksenmobbing og etnisk diskrimering. I tillegg blir det ifylgje professor i medisinsk etikk, Jan Helge Solbakk også brukt vitskapleg trakassering. Om ein krenkjer på den eine eller den andre måten, så er det hersketeknikkar. Dette har gått føre seg i årevis, meiner Birgitte Moesgaard Henriksen. 

Sjølv skulda ho rettleiaren sin for å drive med sexpress overfor henne. Saka blei meld inn til hovudverneombodet ved UiO, til Likestillings- og diskrimeringsombodet og Arbeidstilsynet. Ingen ville handsama saka.

– Det er derfor denne #metoo-kampanjen er så bra, for no kjem alt opp. Folk er i harnisk og vil ikkje ha det sånn. Nettopp det var bakgrunnen for at eg gjekk ut i media i 2009. Eg var naiv og gjekk ut med mi eiga sak for eg hadde høyrt om mange liknande saker. Då tenkte eg at det ville skje noko. I staden gjorde dei ansvarlege det dei kunne for å utføra eit karakterdrap på meg. Ingen frå universitetsleiinga tok nokon gong kontakt med meg, seier ho.

MAKTMISBRUK: – Det handlar om maktmisbruk og hersketeknikk. Her brukar ein seksuell trakassering, vaksenmobbing og etnisk diskrimering, seier Birgitte Moesgaard Henriksen om tida som mellombels vitskapleg tilsett ved Det odontologiske fakultetet på UiO. (Foto: Ola Sæther)

I dag er Birgitte Moesgaard Henriksen svært takksam for hjelpa ho har fått frå Arbeidsmiljøskaddes landsforening (ALF).

– Det var den organisasjonen som fekk ordna eit møte mellom meg, hovudverneombodet ved UiO og dåverande likestillings- og diskrimineringsombod, Beate Gangås. Resultatet er at eg framleis står med ei ubehandla sak etter eit varsel om seksuell trakassering, seier Moesgaard Henriksen.

Hanne Bjørnstad er i dag pensjonist, medan 51 år gamle Birgitte Moesgaard Henriksen er diagnostisert med posttraumatisk stress-syndrom. – For samfunnet kostar det mykje at folk som oss blir skvisa ut av arbeidslivet og ikkje kan brukast til det me er utdanna til. Det er sløsing med offentlege midlar, og går ut over liv og helse, understrekar Bjørnstad og Moesgaard Henriksen.

– Er blitt behandla på ein grundig måte

Dekan Pål Barkvoll ved Det odontologiske fakultetet har blitt presentert for desse historiene frå fakultetet han leier. Når det gjeld dei konkrete sakene, seier han fylgjande.

– Desse sakene er blitt behandla på ein grundig måte av UiO og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Eg har ingen ytterlegare kommentarar til desse avslutta arbeidsforholda, seier Pål Barkvoll til Uniforum.

OPPSEIING: – På generell basis ynskjer eg likevel å understreka at me tar varsel om trakassering på største alvor ved fakultetet vårt. Det har vore tilfelle der varsel, etter ein grundig prosess har enda med oppseiing, seier dekan Pål Barkvoll på Det odontologiske fakultetet ved UiO.(Foto:Ola Sæther).

Men han understrekar at fakultetet ser alvorleg på slike saker.  

– På generell basis ynskjer eg likevel å understreka at me tar varsel om trakassering på største alvor ved fakultetet vårt. Det har vore tilfelle der varsel, etter ein grundig prosess har enda med oppseiing. Sidan 2010 har me saman med Det utdanningsvitskaplege fakultetet utvikla ein eigen klinisk rettleiingspedagogikk. Dette er obligatorisk undervisning for alle instruktørtannlegane våre. Her blir det lagt særleg vekt på dei utfordrande situasjonane som oppstår mellom lærar og student i ein hektisk, klinisk kvardag, fortel Pål Barkvoll.

– Saman med resten av leiinga ved universitetet skal fakultetsleiinga i løpet av 2018 gjennom ulike kurs, relatert til trakassering, i samarbeid med LDO (Likestillings- og diskrimineringsombodet). På denne måten sikrar me at me opprettheld ein kontinuerleg beredskap på dette arbeidet. Me oppfordrar også alle våre tilsette og studentar til å bruka UiOs «Si fra-system», seier Barkvoll.

Uniforum har ikkje lykkast med å få ein kommentar frå rettleiaren til Birgitte Moesgaard Henriksen til skuldinga om sexpress.

– Spesielt sårbare

UiO-rektor Svein Stølen manar til varsemd når det gjeld å knyta alt arbeidet med seksuell trakassering til det å vera mellombels tilsett.

– Samtidig er det soleklart at dei mellombels tilsette er spesielt sårbare i alle situasjonar der du har maktubalanse, er avhengig og underordna. Då veit ein at det av og til kan vera vanskelegare å seia ifrå, seier Svein Stølen. UiO arbeider no med eit prosjekt for å få ned talet på mellombels tilsette.

På styremøtet 6. februar skal universitetsstyret vedta ein ny handlingsplan for likestilling. Der er seksuell trakassering eit hovudpunkt. Tidlegare har UiO sett ned ei arbeidsgruppe, leidd av jussprofessor Ragnhild Hennum, som skal jobba med konkrete tiltak.  

 

Emneord: Arbeidsforhold. Arbeidsmiljø, trakassering Av Martin Toft
Publisert 2. feb. 2018 12:10 - Sist endra 2. feb. 2018 14:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere