Sofie Høgestøl:– #metoo må bry seg meir om maktmisbruk i akademia

– Det er naudsynt å trekkja fram maktmisbrukelementet av #metoo dersom me skal få eit ordentleg oppgjer i akademia, meiner stipendiat Sofie Høgestøl ved Norsk senter for menneskerettar på UiO. No ber ho folk om å snakka ut.

AVHENGIGE: – Arbeidsforholda til unge forskarar er så mellombelse og skaper forhold som gjer dei så avhengige av andre personar at det er svært få som torer å varsla om eller snakka om opplevingane sine offentleg, seier stipendiat Sofie Høgestøl ved Norsk senter for menneskerettar på UiO.

Foto: Ola Sæther

– I fjor sommar var eg sjølv i ferd med å slutta som stipendiat og gi opp heile forskingskarrieren min, fordi arbeidssituasjonen min blei så vanskeleg. Og då ville eg ha hatt behov for eit vitskapsombod som eg sjølv hadde vore med på å få vedtatt i universitetsstyret. Men det finst framleis ikkje, peikar ho på.

Det var i ein debatt om #metoo-kampanjen arrangert av Fritt Ord og Institutt for samfunnsforsking at Sofie Høgestøl peika på at i akademia handlar trakassering vel så mykje om maktmisbruk ved å leggja hindringar i vegen for karrieren til mellombels tilsette forskarar, som om seksuell trakassering.

       • Les også i Uniforum: Når det først skjærer seg, er mulighetene få

– Torer ikkje å snakka om opplevingane sine

Etter hennar oppfatning er dette eit vanleg problem i akademia.

– Arbeidstilhøva til unge forskarar er så mellombelse og skaper forhold som gjer dei så avhengige av andre personar at det er svært få som torer å varsla om eller snakka om opplevingane sine offentleg. For ein stipendiat er avhengig av å ha eit godt forhold til rettleiaren sin, og til andre som har gode kontaktar i redaksjonen til eit prestisjetungt vitskapleg tidsskrift.

– Om stipendiaten etter kvart får ein postdoktorstilling, vil personen vera opptatt av å skriva vitskaplege artiklar for å få ei fast, vitskapleg stilling, og vil ikkje vera interessert i å rapportera maktmisbruk. Personen vil nemleg ikkje setja bom for sin eigen forskarkarriere. Og når forskaren endeleg er blitt førsteamanuensis, så vil ikkje han eller ho seia ifrå dersom dei ser ein kollega som behandlar ein masterstudent eller stipendiat dårleg. Dei vil ikkje vera ukollegiale. Trass alt er det berre rundt 20 prosent av stipendiatane som får jobb i akademia, sa ho på debattmøtet.

– Fire av seks varsel frå jus

Derfor trudde ho at ein #metoo-kampanje som utelukkande fokuserte på seksuell trakassering og uynskt seksuell merksemd, kunne vera eit litt for snevert nedslagsfelt for akademia. Samtidig trekte ho fram positive haldningar frå dekanen på Det juridiske fakultetet, Dag Michalsen når det gjeld saker om seksuell trakassering.

– Han oppfordra folk på fakultetet om å varsla direkte til den sentrale HR-avdelinga på UiO i staden for å gå via fakultetsadministrasjonen. Det trur eg er grunnen til at fire av seks varsel på UiO kjem frå Det juridiske fakultetet, sa ho.

Sofie Høgestøl hadde også filosofert over kven som eigentleg sit med makta over stipendiatane og dei mellombels tilsette forskarane.

– Det er ikkje dekanen, men dei som styrer pengesekken. Og då handlar det ofte om uformelle maktstrukturar, peika ho på.  

– Kvinne i mellombels stilling mest utsett

Kjønnsforskar Hannah Helseth ved Universitetet i Oslo gav henne støtte i analysen av maktforholda i akademia. Men ho meinte at det er tilfellet for alle arbeidsplassar med mellombelse stillingar.

– Og ei kvinne i ei mellombels stilling vil vera aller mest utsett, meinte ho.

Hannah Helseth etterlyste også konkrete planar i skulen.

– Det finst mange tiltak mot mobbing i skulen, men ingen mot seksuell trakassering. Den siste elevundersøkinga nemner ikkje seksuell trakassering med eitt ord, hadde ho funne ut. – Derfor er det viktig at dei som er blitt seksuelt trakasserte står fram, og fortel om det dei har opplevd, la ho til.

Etter sakene om seksuell trakassering i Arbeidarpartiet, Høgre, KrF og Framstegspartiet har ho kome fram til fylgjande kjensgjerning.

– Det finst ingen lågterskeltilbod for dei som er blitt utsette for seksuell trakassering. Og generalsekretæren i Høgre har  ikkje evna å ta vare på dei. Partia har heller ikkje klart å ta seg godt nok av dei som er skulda for å ha drive med seksuell trakassering, meinte ho.

    • Les også i Uniforum: Starter kampanje mot seksuell trakassering i akademia

– Ikkje mykje vanskelegare å vera mann!

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforeining vedgjekk at seksuell trakassering også er eit problem i media.

– Det har vore for mange heltar i bransjen og ein dominerande machokultur. Den vil me ha vekk. Me vil ha bort dei som misbrukar makta si, og ha inn dei smartaste og beste hjernane i leiarstillingar i pressa. Og det er tull at #metoo-kampanjen har gjort det så mykje vanskelegare å vera mann. Det er faktisk mogleg å gå gjennom eit heilt yrkesliv i media utan å ta ei kvinne på låret eller klypa henne i rumpa, sa Arne Jensen.

Han forsvarte at media hadde identifisert fire av dei som var skulda for seksuell trakassering i dei politiske partia.

– Og i tilfellet Trond Giske var han også mogleg kandidat til å bli ein framtidig norsk statsminister. Det kan henda at dei ikkje har fått gitt gode nok tilsvar, men det har me no ein viktig diskusjon om i media, fortalde han.

  • Les også i Uniforum:

Hun skal finne tiltak mot sextrakassering ved UiO: – "Metoo"-kampanjen har vært en gave

Naudsynt med kartlegging av all trakassering i akademia

– Kampanjejournalistikk i Sverige

Kulturredaktør Åsa Linderborg i Aftonbladet har stor sympati for #metoo-kampanjen.

– Men eg måtte ta eit val om eg skulle vera aktivist eller journalist, og då valde eg å vera journalist. Difor har eg også stilt spørsmål ved delar av #metoo-kampanjen, spesielt der aktivistar har hengt folk ut utan at dei har fått høve til å forsvara seg. Det har eg fått masse kritikk for i Sverige, der det har vore langt meir kampanjejournalistikk for #metoo enn i Noreg og i Danmark, sa den svenske kulturredaktøren.

     • Les også i Uniforum: Fagforening om seksuell trakassering: - Et sidespor i likestillingsdebatten

Emneord: Arbeidsmiljø, Studentforhold, Arbeidsforhold, trakassering Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2018 12:32 - Sist endra 26. jan. 2018 16:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere