Naudsynt med kartlegging av all trakassering i akademia

Ei mogleg kartlegging av seksuell trakassering på UiO, bør også inkludera i kor stor grad tilsette blir utsett for andre typar trakassering, som til dømes mobbing eller rasisme, skriv Uniforum-redaktør Martin Toft.

FRAM I LYSET: Alle slags former for trakassering må fram i lyset, ikkje berre seksuell trakassering, når UiO skal begynna ei kartlegging, meiner Uniforum-redaktør Martin Toft.

Foto: Martin Toft/Uniforum

Rett før helga gjekk rektor Svein Stølen ut og lova at han ville setja i gang ei kartlegging av seksuell trakassering på Universitetet i Oslo. Tidlegare meinte han det ikkje var naudsynt, ifylgje det han skriv i Rektorbloggen.

Me synest det er flott at Svein Stølen og UiO-leiinga har snudd i den saka. Fleire saker i media både nyleg og frå fleire år tilbake viser at seksuell trakassering også skjer i akademiske miljø og ikkje berre i film- og teaterbransjen og i politikken.

Allereie i 1996 var Universitetet i Oslo på bana med  framlegg til ein obligatorisk kontrakt med etiske retningslinjer  som alle rettleiarar måtte skriva under på. Bakgrunnen var ei kartlegging som avdekte at 11 prosent av studentane på HF hadde opplevd seksuell trakassering, i hovudsak frå rettleiaren. Då måtte dei mellom anna lova å unngå å ha eit seksuelt forhold til den studenten dei skulle rettleia. Tiltaket blei innført i 1998.   Den gongen vekte tiltaket sterke reaksjonar, fordi mange meinte at det sette alle vitskaplege tilsette i eit dårleg lys..Andre meinte at det var heilt på sin plass.  Trass i protestar blei tiltaket likevel sett i gang.  

I 2014 handsama Universitetsstyret ein ny handlingsplan for likestilling. Eit av punkta der var at UiO måtte setja i gang ei kartlegging av seksuell trakassering.  Etter at hovudtillitsvald for Akademikarane, Christer  Wiik Aram  kritiserte planen for at seksuell trakassering hadde fått for stor plass, tona Universitetsstyret kraftig ned punktet om seksuell trakassering i det endelege dokumentet.  

Les i Uniforum: Et sidespor i likestillingsdebatten 

No, nesten 19 år etter innføringa av dei etiske retningslinjene og tre år etter at den siste handlingsplanen for likestilling blei vedtatt, er det på tide med ei ny kartlegging av omfanget av seksuell trakassering på UiO. Medan det ikkje har kome fram saker om seksuell trakassering på UiO i media dei siste åra, kom det i 2009 fleire vitnemål om mogleg seksuell trakassering på odontologi.

Det enda opp med at UiO bad om orsaking overfor dei som meinte at dei hadde vore utsette for seksuell trakassering, men UiO understreka den gongen at det ikkje var lagt fram gode nok prov for at det hadde funne stad.  

Saka enda likevel med at UiO oppretta ein varslingstelefon for alle som hadde opplevd seksuell eller annan type trakassering.  Odontologi lova også å rydda opp.

Samtidig som metoo-kampanjen har fått fram mange saker om seksuell trakassering i mange ulike bransjar, og også indirekte har fått rektor Svein Stølen til å lova ei kartlegging av seksuell trakassering på UiO, er det viktig at kampen mot all anna trakassering ikkje stansar opp. Både på UiO og i andre delar av akademia er det sjefar som trakasserer medarbeidarar, medarbeidarar som trakasserer sjefar og medarbeidarar som trakasserer kvarandre. Dessutan finst det også tilfelle av rasisme, noko Universitas-oppslaget om Nyojah Rogers Ali Adam stadfestar, og som Svein Stølen vedgår finst, og som han lovar å slå hardt ned på.

 • Les i Uniforum: Stølen: - Ingen tvil om at rasistiske ytringer kan føre til avskjedigelse

All slags trakassering fører til alvorlege fylgjer for dei det gjeld, både sjukemeldingar, legebehandling og terapi hos psykologar. Både i Noreg og i utlandet finst det også personar som har vore på grensa til å ta sitt eige liv på grunn av dårleg behandling frå kollegaer eller overordna på arbeidsplassen. Difor synest me at det i samband med kartlegginga av seksuell trakassering på UiO, også bør kartleggjast i kor stor grad tilsette blir utsett for andre typar trakassering, som til dømes mobbing eller rasisme. 

Når det er gjort, bør det lagast ein framgangsmåte for kva som bør gjerast når tilsette rapporterer om slike tilfelle. Det aller viktigaste er at offera blir tatt på alvor, men også at den eller dei som blir skulda for å stå bak, får høve til å forsvara seg.  Å lata slike tilfelle drukna i eit stille hav, er den aller dårlegaste løysinga. Mange gonger glir saker om trakassering over i kvarandre, slik at det som begynte som ei mobbesak, kan ha blitt ei sak om seksuell trakassering og vice versa.

Me ser fram til at det blir sett i gang ei kartlegging, slik at det er mogleg å vita kor stort omfanget er på universitetet. Når det er gjort, kan me gå vidare i arbeidet med å skapa eit universitet som både studentar og tilsette kvar dag gler seg å koma til, anten det er for å studera eller å arbeida.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Universitetspolitikk Av ansvarleg redaktør Martin Toft
Publisert 22. nov. 2017 16:38 - Sist endra 22. nov. 2017 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere