Starta varslingstelefon om seksuell trakassering

22 84 40 00 er nummeret du skal ringja dersom du vil varsla om seksuell trakassering på UiO. – Det er viktig og trygt å varsla om alvorlege forhold på arbeidsplassen din. Det vil universitetsleiinga presisera, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.  

TRYGT: –  Det er trygt å varsla om alvorlege forhold der du jobbar, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe.

Foto: Ola Sæther

Det var den 2. september hovudverneombod Mette Børing gjekk ut i Dagbladet og fortalde at ho hadde fått inn melding om minst ti episodar av seksuell trakassering på Det odontologiske fakultetet. Då kalla universitetsleiinga inn hovudverneombodet til eit hastemøte.

Oppretta i dag

Då møtet var over, hadde dei kome fram til seks ulike tiltak som skulle setjast i verk. Tiltaka fekk støtte frå både dei hovudtillitsvalde og Studentparlamentet. Eit av tiltaka var å starta ein varslingstelefon for seksuell trakassering.

I dag klokka 12 blei den oppretta med telefonnummer 22 84 40 00.

– Dette er eit mellombels supplement til våre faste varslingsrutinar. Og dei som skal ta imot telefonane er profesjonelt personell som har god røynsle med å ta imot slike meldingar. Det er trygt å varsla om alvorlege forhold der du jobbar. Varslingstelefonen er i funksjon alle kvardagar frå klokka 12 til 15, fortel Bjørneboe til Uniforum.

Ekstern undersøking enno ikkje klar

Eit anna tiltak som skulle setjast i gang var ei ekstern undersøking av Det odontologiske fakultetet.

– Den eksterne arbeids- og læringsmiljøundersøkinga er framleis i planleggingsfasen. Enno er det ikkje tatt noko avgjerd om kven som skal delta og kven som skal leia den, opplyser Bjørneboe.

Kvinneleg mentor for kvinnelege stipendiatar

Mellom dei andre tiltaka er å lata kvinnelege stipendiatar få eigen kvinneleg mentor, slik at det blir enklare for dei å rapportera om vanskelege forhold. Dessutan skal arbeidet til gruppa som blei sett ned i vår for å jobba med seksuell trakassering på UiO, intensiverast. Arbeidet blir gjort i lys av dei etiske retningslinjene UiO har hatt sidan 1997.

Universitetet lovar samtidig å styrkja ressursane som skal brukast på oppfylging av arbeids- og læringsmiljøet på Det odontologiske fakultetet. Det skal gjerast for å ta vare på tilsette og studentar og stipendiatar som føler seg råka, står det i lista over dei seks ulike tiltaka.

UiO skal også undersøkja om regelverket knytt til arbeidsmiljøet blir fylgd på dei ulike einingane. Spesielt HMS-opplæringa og oppfylginga av IA-avtalen vil bli undersøkte.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø Av Martin Toft
Publisert 16. sep. 2009 15:31 - Sist endra 17. sep. 2009 14:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere