UiO-styret vedtok å bruka 120 millionar på nye investeringar

UiO skal setja i gang investeringar i nye tiltak for  120 millionar i 2020. 40 millionar kroner skal gå til arbeidet med gamal dyrestall ved UiO.  Det vedtok UiO-styret i går.

Heile universitetsstyret er samla rundt eit bord i eit møterom på Lysebu

VEDTOK BUDSJETT: Universitetsstyret vedtok eit sannsynleg årsbudsjett for 2020 i møtet på Lysebu onsdag 19. juni. UiO-rektor Svein Stølen og dei andre i styret vedtok nyinvesteringar for 120 millionar kroner.

Foto: Ola Sæther

Både IT og digitalisering, Vikingtidsmuseet, fellestiltak og mediekjøp er med i nyinvesteringane på 120 millionar kroner som blei vedtatt av eit samrøystes universitetsstyre onsdag 19. juni. Men mesteparten av pengane, 40 millionar kroner,  skal gå til naudsynte og pålagde utbetringar av gamal dyrestall.

– Om ikkje det blir gjort, kan me risikera at Mattilsynet stengjer dyrestallen, sa direktør for verksemds- og økonomistyring Ellen Johanne Caesar i møtet i universitetetssstyret.

71 millionar til IT og digitalisering

Vedtaket inneber at det også  skal investerast 71 millionar kroner i IT og digitalisering . I hovudsak gjeld dette pengar til dei nasjonale prosjekta “BOTT økonomi og lønn” og “sakhandsaming og arkiv,” vert det vist til i sakspapira til universitetsstyret.  I tillegg skal det betalast inn 6 millionar kroner i fellespotten til  Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking (Unit)  både i 2020 og 2021.

Lokalt vart det vedtatt å setja av 30 millionar kroner til porteføljemidlar i IT i 2020. Det vert dermed på same nivå som i 2019.

Når det gjeld Vikingtidsmuseet og det tilhøyrande sikringsprosjektet, vart det vedtatt å setja av 7 millionar kroner til det tiltaket. Den minste posten på nyinvesteringar er på 2 millionar kroner til mediekjøp. Det vil seia kjøp av abonnement på vitskaplege tidsskrift på både papir og nett. 

Trass i at det er plass til nyinvesteringar på UiO, la ikkje rektor Svein Stølen skjul på at det ikkje er overflod av pengar på UiO:  – Me er i ein krevjande økonomisk situasjon. No må betala tilbake det me lånte av oss sjølve før me overtok rektoratet, understreka han.

• Les meir i Uniforum:  UiO skal vedta nyinvesteringar for 120 millionar kroner

Det sannsynlege overforbruket for UiO sentralt og odontologi på høvesvis 26 millionar og 25 millionar kroner i 2019, var ei av sakene universitetsstyret fekk på bordet på møtet 19. juni.

 • Les meir i UniforumUiO sentralt og odontologi må spara pengar

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen gjorde greie for grunnane til at desse einingane hadde opparbeidt seg så store underskot, og kva tiltak dei skulle setja i verk for å få budsjetta i balanse igjen i 2023.

Universitetsstyret vedtok samrøystes heile det sannsynlege årsbudsjettet for 2020 og fordelinga mellom einingane. Til saman utgjer fordelinga ein pengesum på 5 milliardar 785,041 millionar kroner.

SAMTALAR: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen og rektor Svein Stølen samtalar rett før universitetsstyret begynner siste delen av møtet onsdag 19. juni. (Foto: Ola Sæther)

Vedtok oppfylging av masterplan for IT

Universitetsstyret vedtok også universitetssdirektøren sitt forslag til oppfylging av masterplan for universitetets IT. Det går ut på at styret ber universitetsdirektøren om å koordinera arbeidet med oppfylginga av masterplanen for universitetet sin IT og halda styret orientert om korleis arbeidet går. I forslaget heiter det at styret avgjer at det skal etablerast ein struktur for koordinering, prioritering og porteføljestyring av IT-verksemda ved UiO. Den skal vera sett saman av

  • strategisk koordineringsgruppe for all IT (SK-IT)
  • strategiske koordineringsgrupper for IT i forsking, IT i utdanning og administrativ IT

Alle gruppene skal få nye mandat og vera rådgjevande for universitetsleiinga. Samtidig blir det føreslått at det skal opprettast eit prosjekt for organisasjonsutvikling og vurdering av framtidig organisering av IT-verksemda, og det inkluderer ei sterk vekt på behova i forsking og utdanning. I dette prosjektet skal også fordelar og ulemper med dagens organisering både vurderast og risikovurderast sett i samanheng med målsetjingane i masterplanen. Også behov for kompetansetiltak og endringar i prosessar som arbeid blir utført på, skal det også bli kika nærare på.

Det siste punktet handlar om forslag til prinsipp for finansiering av IT som kan setjast i verk frå og med budsjettåret 2021. Det kjem truleg mellom anna til å handla om samfinansiering og brukarfinansiering av IT-tenester.

• Les meir  i Uniforum: Dei lovar betre IT-tenester for forsking og utdanning på UiO

 

Emneord: Universitetspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2019 14:14 - Sist endra 20. juni 2019 14:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere