Ayatollahdottera som blei menneskerettsaktivist

Maryam Faghih Imani er dotter av ein av dei mektigaste religiøse leiarane i Iran. No talar ho både det iranske regimet og faren midt imot. – Det må bort og erstattast av eit demokratisk styre med skilje mellom stat og religion, seier ho.

Maryam Faghih Imani  står midt på Universitetsplassen framfor Aulaen

TOTAL KRASJ:  Maryam Faghih Imani er ei av døtrene til ayatollahen i Isfhahan.  – Eg begynte å sjå på meg sjølv om ei uavhengig og liberal ung kvinne og eg hadde ei sekulær overtyding. Det var ein total krasj med haldningane til familien min, fortel ho.

Foto: Martin Toft

Då ho var ei lita jente oppheldt Maryam Faghih Imani  seg i stova til ayatollah Khomeini medan ho leika med barna til andre ayatollaer. Ayatollah Khomeini var mannen som leia den islamske revolusjonen i 1979. Han fekk etablert eit prestestyre i landet som tidlegare var styrt av ein nesten eineveldig sjah. Faren hennar var ayatollah i byen Isfahan og ein av Khomeinis beste venner. – Det var han heilt til Khomeini døydde i 1989. Han er også ein nær venn av dagens religiøse leiar Ali Khamenei, fortel Maryam Faghiih Imani. Ho har hatt eit liv heilt utanom det vanlege, noko som også førte henne til Universitetet i Oslo.

Maryam Faghih Imani har aldri hatt sansen for prestestyret i Iran.

– Det nyttar ikkje å reformera det innanfrå, slik studentar og liberale politikarar prøvde på i 2009. Nei, det regimet må fjernast heilt, slik at det kan bli innført demokrati med eit klart skilje mellom stat og religion i Iran. I dag ser eg at det er unge krefter i Iran som kjempar for akkurat dei verdiane. For meg er det ei glede å sjå at mange som kjempar for fridom i verda i dag, også krev dette skiljet mellom stat og religion. Det er viktig å byggja opp ein kapasitet for demokratisk kultur og toleranse, for regimeskifte i seg sjølv, skaper ikkje endring.  For det viktigaste av alt er menneskerettane. Dei står over alle land i heile verda uavhengig av religionar, kulturar og ideologiar, understrekar ho.

Skaper møteplassar mellom arabarar, israelarar og iranarar

Maryam Faghih Imani arbeider no som aktivist for menneskerettar over heile verda og fører folk som vanlegvis ikkje møter kvarandre, saman. Derfor har ho mellom anna skapt møteplassar mellom iranarar, arabarar og israelarar både i og utanfor Israel, gjennom Centre for Cultural Diplomacy and Development.  

– Det er viktig å få dei til å jobba saman gjennom felles prosjekt for at dei skal bli betre kjente med kvarandre på tvers av dei grensene som vanlegvis står mellom dei. På den måten kan me byggja opp eit ekte demokrati i regionen. Håpet er at det skal bli etablert fleire parti i landa, og at det skal medverka til fred og hindra krig i området, fortel ho.

Nettopp derfor har ho vore fast bidragsytar på den internasjonale konferansen Oslo Freedom Forum heilt sidan 2015.

– Prøvde å skjula den private historia

Det er under den konferansen Uniforum møter henne på Grand hotell og ho kan fortelja om den privilegerte oppveksten sin som dottera til ein ayatollah.

– Det var i 2015 det gjekk opp for meg at eg ikkje kunne skilja den private delen av livet mitt frå den profesjonelle delen. Fram til då hadde eg prøvd å skjula den private historia mi. Ved å dela historia mi kunne eg bli ei stemme for alle dei som kjempar for menneskerettane i Iran, seier ho.

Den første delen av livet etter at ho blei fødd i 1977, førte Maryam Faghih Imani eit ubekymra og verna liv som dottera til den mektigaste politiske og religiøse leiaren i Irans gamle hovudstad, Isfahan.

– Samtidig som eg lærte kva som var mi venstre og mi høgre hand, fekk eg også vita kor mektig faren min var.

– Ja, det var eit fint liv og eg fekk gjera det eg ville, så lenge det var innanfor grensene som foreldra mine sette. Eg kunne gå på dei skulane eg ville, ta dei unversitetsstudia eg ynskte, men eg måtte ikkje gjera noko som var i mot den offisielle politikken til faren min og dei andre støttespelarane til regimet. Det var nett det som skjedde med meg, seier ho.

– Faren min hadde også bygd opp eit offentleg bibliotek, og der kunne eg lesa bøker som var blitt forbodne i Iran under kulturrevolusjonen i 1981. Akkurat som han blei eg ein lidenskapleg boklesar.. Eg kunne lesa forbodne og «farlege» bøker både om den franske og om den russiske revolusjonen. Dessutan kunne eg lesa mange andre bøker om filosofi og politikk. Blant anna om og av Nietsche. Det gav meg trong til å dra ut for å oppleva andre land. Derfor såg eg heile tida fram til å bli atten år, for då kunne eg få mitt eiga pass, og kunne dra til Paris. Eg begynte å sjå på meg sjølv om ei uavhengig og liberal ung kvinne og eg hadde ei sekulær overtyding. Det var ein total krasj med haldningane til familien min, fortel ho.

GRØNT UiO: Mange år etter at ho  hadde forlate Iran, begynte Marya Faghih Imani å jobba for Grønt UiO, først som forskar og seinare som rådgjevar. – Det var gøy å delta i arbeidet med å byggja opp eit nettverkt av grøne universitet i hele verda, fortel ho. (Foto: Martin Toft)

Måtte skriva under avtale med familien

Sjølv ville ho gjerne begynna på universitetet etter vidaregåande og bestemma kva fag ho ville studera.

– Då eg fekk plass på universitetet, sa faren min til meg på ein kjøleg måte.»Gløym det. Ingen jenter i dette huset skal gå på universitetet.”  Det svaret var som om det var slutten på verda for meg. Eg kunne ikkje tenkja meg eit liv utan å vera ein del av akademia. Gjennom å truga med sveltestreik, og ved hjelp av gode venner, fekk me faren min på andre tankar. Han aksepterte at eg kunne gå på universitetet. Vilkåret var at eg skreiv under på ein avtale om at dersom det dukka opp ein god kandidat som ektemann, kunne familien min avgjera at eg skulle avbryta utdanninga. Eg bad om at det blei lagt inn eit lite tillegg, nemleg eg. Dermed blei det slik at familien min og eg måtte vera einige om å kunna avbryta utdanninga, dersom det kom ein god kandidat til ektemake. Det gjekk foreldra mine med på, og då kunne eg skriva under på avtalen, fortel ho. 

Men ho hadde rare kjensler dagen etter.

– Eg var på mange måtar ikkje den same kvinna som eg var, før eg skreiv under på denne avtalen. Og det fekk meg til å tenkja på det paradoksale i at faren min heile tida la vekt på kor viktig familien er, samtidig som han tykte det var mykje viktigare å ta omsyn til min framtidige, ukjende ektemann, enn til si eiga dotter, seier ho.

Etter at Maryam Faghih Imani hadde begynt på universitetet gjekk ho heile tida rundt og tenkte på korleis ho kunne nytta seg av sjansen til å studera i utlandet. Først begynte ho på jordmorstudiet, før ho hoppa av og begynte på utdanningsplanlegging og leiarskap. Ho blei den beste studenten på heile fakultetet.

– Dei skulda meg heile tida for å vera for liberal og for lite interessert i religiøse spørsmål. Derfor var det ofte disiplinærsaker mot meg.

Truga med å ta livet sitt

Etter kvart fekk ho tilbod om ein studieplass på nasjonaluniversitetet i Malaysia i Kuala Lumpur. Ho fortalde det til faren nokre få dagar før avreisa.

 – Om du stansar meg, tar eg livet mitt, sa eg til han.

Faren likte ikkje avgjerda hennar, men han tenkte at når ho først hadde gjort alvor av det, var det bra ho skulle gå på eit universitet i eit muslimsk land, og ikkje på eit vestleg eit i Australia.

– Eg var eigentleg hjelpelaus når det gjaldt å klara meg sjølv, for heime hadde eg verken vaska klede eller golv og heller aldri koppar og kar. Me hadde alltid hatt hjelp i huset til slike ting. Så både dei tinga og shopping måtte eg læra då eg var 24 år og var student i Kuala Lumpur.  

– Døra var open for meg

– Strategien hans var at han skulle lata meg vera i Malaysia i ein månad eller to, og så ville eg heilt sikkert koma tilbake igjen når sparepengane var brukte opp. Før eg forlet Iran, gav han meg ein konvolutt.  Den torde eg ikkje å opna før flyet hadde passert grensa mellom Iran og Pakistan, hugsar ho.

– Det viste seg at den inneheldt ein reisesjekk som tilsvara det ei heimreise til Iran på første klasse, ville kosta. Samtidig hadde han også skrive eit brev der han uttrykte at han var heilt ueinig i avgjerda mi, men at døra var open for meg, den dagen eg bestemte meg for å dra heim. Eg tok vare på brevet og sjekken, minnest ho.

Ved Universitetet i Kuala Lumpur tok ho master i utdanningsteknologi og i design.

Deltok i etableringa av Grønt UiO

Etter fem år kom ho til Universitetet i Oslo gjennom eit Erasmus-program. Etter å ha presentert eit prosjekt om korleis UiO kan bli endå meir berekraftig, blei ho engasjert av prosjektleiar. Jorulf Brøvig Silde først som forskar og seinare som rådgjevar til å vera med på oppbygginga av Grønt UiO frå 2010 til 2014.

I ARBEID FOR GRØNT UIO: Maryah Faghih Imani arbeidde i fire år for Grønt UiO. (Arkivfoto)

– Det var spennande, og det var gøy å få delta i arbeidet med å byggja opp eit nettverk av grøne universitet i heile verda, tykkjer ho.

–  Eg skulle ha ynskt at me hadde fått større handlingsrom og større gjennomslag. Då er eg viss på at UiO hadde hatt kapasitet til å bli eit av dei grønaste universiteta i verda i samarbeid med Oslo kommune og resten av samfunnet. Då eg såg at barnet var blitt stort nok, overlet eg det til studentane,, slik at eg kunne konsentrera meg om arbeidet med å få på beina min eigen organisasjon om menneskerettar og mellommenneskeleg fellesskap. På den tida hadde eg også begynt å delta i eit samtaleshow på ein persiskspråkleg TV-kanal i London.

–Tar gjerne eit møte med UiOs rektor

– No ser eg at det skjer interessante ting på miljøsida ved Universitetet i Oslo. Derfor vil eg gjerne ha eit møte med UiO-rektor Svein Stølen om UiOs satsing på å bli eit miljøvennleg og berekraftig universitet.

Då ho og dei andre i Grønt UiO ikkje fekk halda fram i same skala som tidlegare, bestemte ho seg for å gjera noko heilt anna.

–Eg søkte og fekk stipend til å studera verdibasert leiarskap ved McCain-instituttet i Washington D.C. som er knytt til  Arizona State University. Då jobba eg vidare med organisasjonen min Centre for Cultural Diplomacy and Development , og no reiser eg både i Midtausten og i Europa for å fortelja om kor viktig det er å forsvara menneskerettane og å kritisera dei regima som ikkje gjer det. Samtidig arbeider me for mellommenneskeleg forståing. Derfor har eg hatt møte mellom israelerar med både jødisk og palestinsk bakgrunn og iranarar, også i samarbeid med Israels tidlegare presisdent Shimon Peres. I Ramallah møtte eg palestinske leiarar. Eg har også blitt invitert av både CNN og BBC til å dela historia mi og tankane mine om framtida for Iran.

– Har snakka med faren min

– Og korleis er forholdet ditt til faren din og familien din i dag?

– Eg har berre kontakt med dei på telefon. Mitt ynske er ikkje å bli arrestert på flyplassen, bli sett i eit fengsel og oppleva det som verre er. Eg har kritisert det iranske regimet offentleg i media i vesten. Inntil nyleg ville faren min ikkje tala med meg. No har eg endeleg snakka med faren min om det som skjedde. No seier han at det ikkje er opp til oss å dømma kvarandre, men at me må overlate det til den allmektige, altså Gud. Det har vore med på å kurera det indre såret eg har følt sidan eg forlet Iran for 20 år sidan. Han har heile tida oppfordra meg til å stå på for det eg trur på, og ikkje gi opp for lett, det vil også seia å gjera UiO grønt. Så lenge eg er i live, gir eg ikkje opp å koma heim igjen, lovar ho. 

Emneord: Menneskerettar, Iran, Miljø, Miljøpolitikk Av  Martin Toft (tekst og foto)
Publisert 13. juni 2019 04:00 - Sist endret 13. juni 2019 11:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere