Stortinget sa nei til konsekvensutgreiing av Plan S

Stortingsfleirtalet røysta i dag ned eit framlegg frå Ap, Sp og SV om å greia ut konsekvensane av å slutta seg til Plan S. – Dette er eit stort ansvar å ta, for regjeringa må ha ein kunnskapsbasert forskingspolitikk, seier Forskarforbundets leiar Guro Elisabeth Lind.

STORTINGET SA NEI: – Det er eit stor ansvar for forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø å velja ikkje å gå inn for ei konsekvensutgreiing, meiner Forskerforbundets leiar Guro Elisabeth Lind. I dag stemte også stortingsfleirtalet nei til dette forslaget. 

Foto: Ola Sæther

Det var ikkje fleirtal i Stortinget for eit forslag frå opposisjonen om å gå gjennom konsekvensane av at Noreg sluttar seg til Plan S. Det er ein plan der Noreg og fleire andre land har tatt eit initiativ for å få innført open tilgang til all offentleg finansiert forsking innan 2020.

Forskarforbundets leiar Guro Elisabeth Lind fryktar at det kan få store konsekvensar for forskingsmiljøa.

– Det er eit stor ansvar for forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø å velja ikkje å gå inn for ei konsekvensutgreiing. No er det i alle fall eit stort behov for å gå i dialog med forskingsmiljøa, seier Lind til Uniforum.    

Må svara på mange spørsmål

Etter Forskarforbundets oppfatning er det mange spørsmål som statsråd Iselin Nybø og Forskingsrådets direktør John-Arne Røttingen no må svara på. – Eitt av dei er korleis og kvar forskarane skal publisera dei vitskaplege artiklane sine i åra framover, konstaterer ho.

 – Blir viktig for  henne å lytta til sektoren

Guro Elisabeth Lind tykkjer denne avgjerda viser at det er andre tider i Stortinget.

– Dette er konsekvensen av ei fleirtalsregjering. Difor er det viktig at statsråd Iselin Nybø og fagmiljøa har ein god dialog før ei sak skal avgjerast endeleg i Stortinget. Det blir svært viktig for henne å lytta til sektoren, er oppfordringa ho kjem med til statsråd Iselin Nybø.

I ei pressemelding  frå Forskarforbundet spør ho også statsråd Iselin Nybø korleis ho no vil sikra at kvalitet og ikkje ressursar avgjer kven som får høve til å publisera. Dessutan peikar ho på at det også er naudsynt for statsråden å ha ein mykje tettare dialog med sektoren om moglege overgangsordningar.

1000 underskrifter for konsekvensutgreiing

I fylgje Forskarfforbundet har så langt over 1000 personar i forsking og utdanning, mellom dei nobelprisvinnarane i medisin Edvard Moser og May- Britt Moser, skrive under på eit opprop der dei ber om at det blir gjennomført ei konsekvensutgreiing av Plan S.

Uniforum har også bede om ein kommentar frå statsråd Iselin Nybø om kvifor det ikkje blir ei utgreiing av konsekvenane av Plan S. Førebels har me ikkje lykkast å få henne i tale.

Ingen av tolv endringsforslag fekk fleirtal

Det var i samband med debatten i Stortinget om innstillinga til Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, spørsmålet om ei utgreiing av konsekvensane av at Noreg sluttar seg til Plan S, kom opp.

Referatet frå debatten i Stortinget viser at opposisjonen la fram til saman tolv forslag til endringar i langtidsplanen, eitt av dei var altså forslaget om ei konsekvensutgreiing av Plan S. Forslaget blei altså nedstemt. Det blei også alle dei andre elleve endringsforslaga frå opposisjonen.

Dei handla mellom anna om å innføra open konkurranse om forskingspengane til helseføretaka og å styrkja aktiviteten i instituttsektoren for å kopla forsking med private og offentlege verksemder.

Dei tre opposisjonspartia Ap, SV og Sp kom også med eit felles forslag som gjekk ut på at Stortinget skal be regjeringa i samband med rulleringa av neste langtidsplan om å  innlemma opptrappingsplanar for studieplassar og rekrutteringsstillingar. Også dette endringsforslaget fall mot dei 51 stemmene frå regjeringspartia.

Les heile stortingsreferatet frå debatten om Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

Les andre saker om Plan S i Uniforum:

– Eg synest Plan S er for moderat og ikkje går langt nok

Plan S og forvaltningsloven

John-Arne Røttingen: - Vil bruka juristar for å finna løysingar rundt Plan S

Åpner opp for overgangsløsninger om Plan S

Ny underskriftsaksjon krever konsekvensutredning av Plan S

Iselin Nybø forsvarte kampen for Plan S

 

 

 

 

Emneord: Forskningspolitikk, Internasjonalisering, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 19. feb. 2019 17:25 - Sist endra 19. feb. 2019 17:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere