Fredag 1. februar var det mogleg for alle å gå inn for å sjekka sidegjeremåla til alle dei tilsette ved Universitetet i Oslo. Det skjer etter at UiO først 4. september 2006 vedtok å oppretta eit slikt register og åtte år etter at det blei bestemt at eit slikt register skal vera offentleg, skriv OsloMets nettavis Khrono.
UiO-rektor Svein Stølen er svært nøgd med det nyhendet.
– Eg er glad for at det er på plass no. Det har tatt si tid, men det har vore nokre utfordringar med å utvikla ei elektronisk løysing der ein kan registrera både eigarinteresser, styreverv og andre sidegjeremål, seier Stølen til Khrono. Sjølv har han registrert styreverva sine i Oslo universitetssykehus og i Universitetsforlaget, men ikkje verva i idrettslaget Tyrving
Fram til no er det berre Det juridiske fakultetet ved UiO som har hatt eit offentleg tilgjengeleg register over dei tilsette sine sidegjeremål .
Her finn du det offentlege tilgjengelege registeret over dei UiO-tilsette sine sidegjeremål:
• Les også i Uniforum: Sidegjøremålsregisteret må bli åpent
Offentliggjør de ansattes verv og bistillinger
Logg inn for å kommentere