Meiner Universitetet i Bergen bør ta over Det norske institutt i Aten

Det norske institutt i Aten bør ikkje leggast ned. Men det skal vidareførast som ein rein infrastruktur knytt til arkeologi. Det har UiB og UiO vorte samde om.

REDDAR SENTER: Det norske senteret i Aten skal førast vidare. Men no bør det vera ein stad som skal leggja forholda til rette for dei som held på med arkeologi ved UiO og UiB. Lagnaden vert bestemt på UiBs styremøte torsdag. Biletet syner Atens største attraksjon, Akropolis. (Arkivfoto)

Først trekte Universitetet i Tromsø seg ut, og NTNU trekkjer seg frå hausten. Då vert det berre UiO og UiB att på lista over eigarar av Det norsk institutt i Aten (NIA). Instituttet fyller 30 år i år, og ser ut til å leva fram til jubileet – men berre så vidt. Universitetsstyret skal torsdag handsama ei sak om NIA. I sakspapira går det fram at det vert tilrådd at senteret skal overleva, men at aktiviteten vert sterkt redusert, skriv På Høyden.

Rett til feltarbeid

På Høyden har dei siste åra skrive fleire saker om utanlandssentra. Det er fleire av dei, og dei er organiserte på høgst ulikt vis. I 2014 kom eit utval ved UiO med framlegg om at universitetet skulle trekkja seg frå samarbeidet om senteret i Caen. Året etter hadde fleire av universiteta sine eigne evalueringar av deltaking i dei ulike sentra. For UiB viste det seg at fleire av sentra er mindre brukt enn før.

I 2016 kom det ein rapport som sa at studiesentra ikkje burde leggast ned – endå. Men det vart tilrådd ei ny vurdering av sentra i Aten og St. Petersburg. I fjor vedtok styret for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg at senteret skal leggast ned. Dette skjedde etter at russiske styresmakter kasta ut ni norske studentar i desember 2017.

I følgje statuttane skal NIA driva forsking, undervisning og formidling knytt til kultur og samfunn i Hellas og Middelhavområdet, ha ansvar for publisering innan relevante fagområde og tena som fagmiljø og kontaktorgan for forskarar og studentar ved norske universitet og høgskular. I tillegg har NIA rett til på vegne av norske universitetsmiljø å søkja om løyve til å driva arkeologisk feltaktivitet i Hellas.

Denne retten er hovudargumentet for at ein ikkje bør legga ned heile instituttet. I sakspapira vert det peika på at i dag er interessa for arkeologiske prosjekt i Hellas lita blant norske forskarar, men at dette kan endra seg.

Fem millionar i budsjett

Midt i januar hadde leiinga ved UiO og UiB eit møte. Der var det semje om at ein skal vidareføra senteret i Aten som rein infrastruktur. Det vil seia at ein får følgjande mandat:

  • Naudsynt bistand for å oppnå løyve til utgravingar
  • Tilgang til samlingar og museum for norske miljø
  • Deltaking i det felles, nordiske biblioteket

Men ein skal ikkje lenger ha ein eigen utsendt leiar ved senteret, slik ein har i dag. Perioden for sitjande senterleiar er forlenga ut 2020, deretter skal behova knytt til infrastruktur dekkast av lokalt administrativt tilsette, primært ei stilling, heiter det i referatet frå møtet.

I dag disponerer NIA to bilar, to leigde leilegheiter og to eigde leilegheiter. Ved å kvitta seg med dette er målet at instituttet skal kunne driftast med ei budsjettramme på 2-2,5 millionar kroner i året. I 2019 er budsjettet fem millionar, der UiB betalar 1,7.

UiB har hatt det administrative ansvaret og i tillegg styreleiar for NIA. UiO har formelt vore eigar av bygningane. No er planen at UiB formelt skal overta eigarskap for senteret. UiO skal betala brukaravgift for å sikra tilgang for sine miljø, og UiB skal utarbeida brukaravgifter for eksterne institusjonar.

Les meir i Uniforum:

Vera eller ikkje vera for senteret i Aten

Vil ikkje leggja ned utanlandssentra - førebels

Panos Dimas: - Antikken er underernært i Norge

Et steinkast fra Akropolis

Emneord: Athen, Hellas, Arkeologi, Internasjonalisering Av Hilde Kristin Strand /På Høyden
Publisert 20. feb. 2019 12:16 - Sist endra 20. feb. 2019 12:18

Det er jo bra at Athen-instituttet ikke nedlegges. Men dessverre er det mye uklart i den modellen som skisseres her. Det snakkes om at senteret kun skal brukes som infrastruktur i forhold til søknader om arkeologiske prosjekter. Samtidig virker det ikke som det er utredet om greske kulturmyndigheter faktisk vil godta søknader fra en institusjon som ikke har en faglig leder. Dessuten snakkes det om brukeravgifter og at utgravningsprosjekter må dekke alt av utgifter knyttet til oppbevaring av gjenstander, sikring av utgravningsområder osv. Det er veldig tydelig at de som har skrevet denne utredningen ikke har den fjerneste peiling på norske utgravningsprosjekters økonomi. Med slike vilkår hadde ingen av de norske utgravningsprosjektene i Hellas de siste 30 år blitt satt igang.

Og hvem skal koordinere den faglige virksomheten i Athen? Og hva tenker man om UiOs rolle i dette? Det er tross alt først og fremst ansatte ved UiO som har drevet arkeologisk virksomhet i Hellas de siste 10 årene. Man får en stygg følelse at man her vingeklipper senteret så kraftig at det blir umulig å få til noen aktivitet, og da blir det enkelt å argumentere for en total nedleggelse om noen år.

Noe av det mest frustrerende er likevel at hele prosessen rundt Athen-institutttet de siste par årene har vært ført av folk som verken driver forskning i Hellas eller har noen spesiell kunnskap til verken landet eller senterets virksomhet. Vi som har drevet forskning i Hellas gjennom mange år har blitt satt helt på sidelinjen og har verken blitt spurt eller informert.

Knut Ødegård - 20. feb. 2019 21:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere