Mat.nat. først ut med Strategi 2030

Medan UiO akkurat er kome i startgropa for arbeidet med Strategi 2030, kan Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet allereie no lansera ein fiks ferdig strategi.

VIL BLI BLANT DEI BESTE: Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har ambisjon om å  koma i toppsjiktet blant Europas forskingsintensive universitet, står det i fakultetet sin nye strategi som blei klar denne veka.

Foto: Ola Sæther

Det var over 150 personar til stades då dekan Morten Dæhlen opna lanseringa av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetets Strategi 2030 i Sophus Lies auditorium måndag ettermiddag.

– Over 500 personar har meint noko om arbeidet med Strategi 2030. Eg burde ha gitt ein blomst til alle, men gir den til webredaktør Ida Marie Bjørknes, sa Morten Dæhlen. Han nemnde også fakultetet si historie frå Observatoriet opna i 1833 og fram til Livsvitskapsbygningen står ferdig om fem år. 

– Me vil søkja tettare samarbeid med dei humanistiske faga. Fakultetet tar dei på alvor, understreka Dæhlen.

Han trekte også fram at MN-fakultetet gjer det ganske bra i Europa, men at det framleis er nokre fakultet ved andre europeiske universitet som gjer det endå betre.

– Me er med i universitetsnettverket The Guild og de skal ikkje bli overraska om ein som er student ved UiO, også samtidig er student i Berlin. Det håpar me å få til, varsla dekanen.

LANSERING: Dekan Morten Dæhlen leidde lanseringa av den nye strategien til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (Foto: Ola Sæther)

Vil vera mellom Europas leiande forskingsmiljø

Strategien har fått namnet Kunnskapsutvikling for ei verd i endring. Realfag og teknologi mot 2030.

I den nye strategien går det fram at grunnmuren i fakultetet si verksemd er grunnleggjande langsiktig forsking i matematiske fag, naturvitskap og teknologi. Fakultetet har ikkje nokon mindre ambisjon enn å vera blant Europas leiande miljø i forsking, utdanning og innovasjon og hevda seg i toppsjiktet mellom dei forskingsintensive universiteta i Europa, står det i strategidokumentet. Det har også som mål å styrkja forskarutdanninga og utvikla fleire internasjonalt leiande fagmiljø.

Innovasjon og entreprenørskap for studentane

Også utdanningane skal vera tett kopla til fagmiljøa. Studentane skal også få ei god innføring i innovasjon og entreprenørskap. Samtidig skal MN-fakultetet utvikla eit viktig samarbeid med bedrifter og einingar i offentleg sektor, står det i stategien.  

Det er fire område fakultetet har blinka ut som spesielle satsingar  i dei komande ti åra. Det er livsvitskap, jord og rom, energi og materialar og digitalisering og utrekningsorientert vitskap.  Kanskje litt overraskande, men likevel eit tema som har lang tradisjon i vitskapen, er kor stor vekt strategien legg på danning. 

Danning skal prega verksemda

Det blir trekt fram at perspektiv knytt til danning i det 21. hundreåret skal prega verksemda, og danning skal få særleg merksemd  i «utviklingen av fakultetets utdanningsprogrammer», står det i Strategi 2030. Der vert det understreka at dei store utfordringa i vår tid er godt formulerte i FNs berekraftsmål. Fakultetet lovar at på fleire utvalde område skal det vera ein stor og viktig bidragsytar i arbeidet med å realisera dessse måla. Det går fram av MN-fakultetets Strategi 2030. 

Til lanseringa av den nye strategien hadde fakultetet invitert fleire professorar frå fakultetet til å koma med ein  presentasjon av forskingssamarbeidet eller forskinga dei held på med. Først ut var professsor Mats Carlsson, Institutt for teoretisk astrofysikk, og leiar for Rosseland Centre of  the Solar system (RoCs). Han viste til samarbeidet med observatoria på Kanariøyane  og i Atacama-ørkenen i Chile, men også til IRIS-programmet og NASA-satellitten med bidrag frå UiO.

FNs berekraftsmål

I strategien har MN-fakultetet også trekt fram berekraftsmåla til FN. Derfor var professor Dag O. Hessen frå  Institutt for biovitenskap invitert for å fortelja om Centre for BioGeoChemistry in the Anthropocene.

- Bakgrunnen er måten me er i ferd med å endra jorda på. Karbonkrinsløpet er området vårt, peika Hessen på.  

Han viste til at verdas dyrebestandar er halverte i løpet av dei siste 40 åra. - Verdas folketal kan auka frå 10 til 13 milliardar, altså meir enn rekna med, konstaterte han.

- Vil hamna i grøfta, men ikkje gå utfor stupet

Dei 17 berekraftsmåla til FN kom han også inn på.

- Jorda er i ei særstilling takka vera vatn og liv. Kloden vil ikkje gå under og menneskeslekta vil overleva, trudde han. - Me kan gå ned i grøfta, men neppe utfor stupet, la han til.

- Me treng tverrfagleg samarbeid med biovitskap, biologi og geologi. Men også med samfunnsvitskapen som handlar om politikken rundt desse spørsmåla, sa Dag O. Hessen.

– Får innsikt gjennom data

Professor Ingrid Glad frå Matematisk institutt fortalde om Data Science, eller utrekningsorientert vitskap.

– Me ser på korleis me får innsikt gjennom data. I samband med digitalisering og databasert forsking, må me ha innsikt i det metodiske. SFI-en (Senter for forskingsdriven innovasjon) Big Insight er eit samarbeid mellom UiO og Norsk reknesentral. Der har me masse partnarar frå næringslivet og offentleg forvaltning, nemnde ho.

Kreftforsking og tryggleik til sjøs

Persontilpassa kreftbehandling handlar om skreddarsydd behandling for kvar enkelt pasient.

Det er eitt av områda Ingrid Glad arbeider med gjennom Data Science. - Eksperimenta kan utførast på datamaskina og sjølvsagt ikkje på pasienten Det er ikkje så enkelt som det verkar som. Det vanskelege er å laga matematiske modellar for alle elementa som er involverte, ikkje minst for celleveksten. Greier me det,vil det vera mogleg å laga ei slik persontilpassa simulering, fortalde ho.

Ingrid Glad kom dessutan inn på korleis dei er i ferd med å laga eit endå betre varselsystem  for skipstrafikken.

- Det som ikkje er normalt, fungerer som eit varsel. Det lærer me frå normale tilstandar. Og så samlar programmet indisiar for kvart steg som viser at noko går utanfor normalen. Når det skjer, går alarmen. No har me fått eit produkt laga av ein av partnarane våre, sa Ingrid Glad.   

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er dermed først ute på UiO med ein ferdig strategi fram til 2030. Arbeidet med Strategi 2030 for heile Universitetet  i Oslo er godt i gang, men blir først endeleg vedtatt i  universitetsstyret i desember 2019.

RUNDT 150 MØTTE: Rund 150 personar møtte fram på lanseringa av den nye strategien til Det matematisk-naturvitskalege fakultetet måndag 4. februar (Foto: Martin Toft)

 

Tal og fakta om MN-fakultetet:

1,9 milliardar i omsetning.

Om lag 6000 studentar

Om lag 800 doktorgradskandidatar

Om lag 1100 vitskaplege tilsette

Om lag 450 teknisk/administrativt tilsette

Om lag 1910 vitskaplege publikasjonar

 (Kjelde: MN-fakultetet)

Les også om strategieprosessen til Universitetet i Oslo: 

Oppfordrar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

Strategi 2030: Kom med innspill til et breddeuniversitet i eliteklassen!

Emneord: Strategisk plan, Naturfag, Realfag Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2019 16:20 - Sist endra 6. feb. 2019 16:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere